Hopp til innhold

Bustadprisane fall med 1,1 prosent i juli

Bustadprisane gjekk ned med 1,1 prosent i juli. Prisane korrigert for sesongvariasjonar falt med 0,7 prosent.

Christian Vammervold Dreyer

Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge la måndag fram prisstatistikken for bustader for juli.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Det viser ferske tal frå Eiendom Norge.

– Dette er ei svak prisutvikling til å vere juli, det er det ikkje tvil om, sa Christian Vammervold Dreyer, administrerande direktør i Eiendom Norge, på pressekonferansen måndag der han la fram tala.

Han la så til at det er viktig å vere klar over at nedgangen følger, det han kallar, to sterke månadar i mai og juni.

– At vi får ein korreksjon nå er ikkje overraskande, sa Dreyer.

Til NRK seier Dreyer at nedgangen kom som forventa.

Kva forklarar nedgangen?

– Det er få nyheiter i marknaden. Det er nesten ikkje sal av bustader for familiar. Dessutan går ofte bustader for litt lågare prisar i mai og juli. Vi får nok ein oppgang i august som korrigerer juli, seier Dreyer.

Bustadprisane er nå 1,6 prosent høgare enn dei var for eit år sidan.

Aldri blitt selt så mange bustader

I juli blei det selt 4.713 bustader. Det er 8,9 prosent fleire enn i same månad i 2018. Også så langt i år har det blitt selt fleire bustader enn i fjor. Oppgangen er på 4,3 prosent samanlikna med same periode i 2018.

– Det har aldri vore selt så mange bustader i ein juli-månad tidlegare, sa Dreyer frå talarstolen.

Trass dei høge salstala, tok det lengre tid å selje bustaden sin i juli i 2019 samanlikna med same månad i 2018. I år tok det i snitt 61 dagar.

– Konsekvensen av dette er at kjøpar får betre tid på seg og får mindre konkurranse når han legg inn bod. Marknaden er i god balanse, seier Dreyer til NRK.

Lengst tid tok det i Stavanger-regionen, der ein i snitt venta 87 dagar for å få seld bustaden. I Fredrikstad og Sarpsborg tok det derimot berre 33 dagar.

– Store regionale forskjellar

På pressekonferansen la Dreyer også fram prisutviklinga dei siste tolv månadane.

– Som normalt har det i juli vore store regionale forskjellar, men vi forventar at desse forskjellane blir korrigert tilbake i august, sa Dreyer i slutten av pressekonferansen.

Sterkast vekst dei siste tolv månadane er det Bodø med Fauske som har hatt. Der steig prisane med 4,5 prosent i løpet av det siste året.

Drammen hadde på si side den svakaste veksten med ein nedgang på 0,8 prosent.

Dreyer seier til NRK at han ikkje er bekymra for verken forskjellane eller at vi ser ein generell nedgang i juli 2018.

Sterk vekst i Bergen

I Oslo steig prisane med 0,5 prosent for juli, men sank korrigert for sesongen med 0,8 prosent.

Bergen hadde prisvekt på 1,3 prosent og vestlandsbyen hadde òg prisvekst på 0,2 prosent korrigert med sesongvariasjonar.

Dreyer meiner at årsaka til den generelle nedgangen for landet, som var på 1,1 prosent, kom fordi det blir selt få familiebustader utfor byane, mens små og sentrumsnære leilegheiter i byane har høg aktivitet.

Derfor ser vi ein oppgang i Oslo og Bergen, men nedgang stort sett i landet elles, seier han til NRK.

– Bustadmarknaden har knapt vore så stabil som nå over så lang tid. Det er godt nytt for alle som eig eller ønsker å kjøpe bustad, seier Dreyer.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT