– Til trass for at alle regionar opplevde bustadprisvekst i januar, viser oversikta for dei siste tolv månadene at veksten i dei fleste store byregionar er fallande, seier administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge.
VIL HA TILTAK: Administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge vil ha fleire byggeprosjekt ut i marknaden.
Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpixI januar vart det seld vel 5.600 bruktbustader, ein nedgang på 13,3 prosent frå januar i fjor. Nedgangen skjer først og fremst i Oslo og Rogaland.
– Hovudårsaka er at det særleg på det sentrale austlandsområdet er få bustader til sal, seier Dreyer.
Han meiner det er behov for tiltak, særleg i Oslo, for å få nok byggeprosjekt ut i marknaden.
Her er hovudpunkta frå Eiendom Norge:
- Bustadprisane i januar 2016 steig nominelt med 3,1 prosent.
- Korrigert for sesongvariasjonar steig bustadprisane med 0,7 prosent
- Bustadprisane dei siste 12 månadene viser ein oppgang på 5,2 prosent
- Alle byar hadde ein prisoppgang i januar. Larvik hadde sterkast utvikling med ein oppgang på 3,8 prosent. Stavanger hadde svakast utvikling med ein oppgang på 2,0 prosent.
- I snitt tar det 47 dagar å selje ein bustad, mot 48 dagar i tilsvarande månad i fjor.
– Eit byks når juleferien er over
Obos har hatt vekst i januar. Deira tal viser ein oppgang på 4,2 prosent frå desember.
VEKST: Obos har hatt ein oppgang på 4,2 prosent frå desember i fjor til januar i år.
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen / Info Marked Medlem– Den kraftigaste veksten kjem ofte dei første månadane av året, og rett før sommaren. Så har det gått noko ned mot slutten av året, for så å gjere eit byks når folk er ferdige med juleferien og ser at dei framleis har jobb, seier kommunikasjonssjef Åge Pettersen i Obos.
- LES:
- LES:
– Årsaka til at oppgangen er såpass kraftig er at det er færre bustader til sals, då pressar etterspurnaden prisane opp.
Vekst i Stavanger, men byen er ikkje friskmeld
TREIGT: I Stavanger har fallande oljepris fått følgjer i bustadmarknaden.
Foto: Inger Johanne Stenberg / NRKI Stavanger er situasjonen ein ganske annan enn på det sentrale Austlandet. I januar steig prisane med 2,0 prosent frå desember i fjor.
– Det betyr ikkje at marknaden er friskmeldt. Dersom vi sesongkorrigerer resultatet vil den vise ein negativ utvikling i prisane. Tilbodssida er rekordhøg og det er kraftig fall i talet sal. Det gjer at Stavanger vil ha ein negativ utvikling i tida som kjem, seier Dreyer.