Hopp til innhold

Bussjåføren som hjelpte fleire skadde terroroffer

Like før bomba på regjeringskvartalet gjekk av køyrde Veseljko Bajić bussrute 37 på sin vanlege trasé gjennom Oslo sentrum. Då bomba smalt blei alt endra. – Me er veldig imponert over innsatsen til bussjåføren, seier Knut Melhuus, sjef ved Skadelegevakten.

Video Bussjåfør hjelpte fleire skadde terroroffer

VIDEO: Veseljko Bajić gjorde at buss nummer 37 fekk ei viktig rolle etter bomba smalt på Regjeringskvartalet i Oslo. Sjå innslaget frå Laurdagsrevyen her.

Like etter bomba i regjeringskvartalet hadde eksploderte 22. juli klokka 15.25 kunne ein høyra NRK rapportera direkte på radioen frå den framleis kaotiske situasjonen:

«...vitne seier det skal ha knust glas fleire kvartal unna, og for berre nokre minutt sidan køyrde det forbi ein vanleg sporvegsbuss, der inne sat det skadde menneske som blei frakta vekk frå området.»

Bussrute 37 fekk ei viktig rolle

Denne vanlege sporvegsbussen var buss nummer 37, ei av Oslos travlaste bussrute på veg mot Nydalen.

Det var bussjåfør Veseljko Bajić som gjorde at nett denne ruta fekk ei svært viktig rolle i å hjelpa skadde personar som hadde blitt råka av terroren i Regjeringskvartalet.

– Det kom ambulansepersonell bort til meg å spurte om eg kunne køyra skadde til legevakta. Eg svarte absolutt. Det ville kven som helst gjort i ein slik situasjon, seier bussjåføren til NRK.no.

Skadde etter terrorangrepet blir frakta inn i buss

Fleire skadde blei frakta inn i bussen til Bajić 22. juli. I bakgrunnen på dette bilete kan du sjå Line Nersnæs med ei tresplint i hovudet.

Foto: Berit Roald / Scanpix

– Såg ut som ei krigssone

Dermed kom det blodige menneske inn i bussen ein etter ein. Bajić opplevde situasjonen som svært uroleg:

– Eg tenkte det var noko tragisk som hadde skjedd. Det såg ut som ei krigssone, seier han.

Likevel køyrde han bussen roleg av stad etter ambulansepersonell hadde fått dei skadde i bussen.

– Alt eg tenkte på under køyreturen var dei som sat i bussen. Om dei ville klara seg eller ikkje, seier Bajić.

Line Nersnæs

Line Nernæs trur innsatsen til Bajić gjorde skadene hennar mindre. Ho fekk ei tresplint på 20 cm inn i hovudet sitt då bomba gjekk av.

Foto: NRK

Ei av dei som blei frakta med buss nummer 37 var Line Nersnæs som hadde fått ei 20 cm lang tresplint i hovudet.

Ho er svært takksam for den jobben Bajić gjorde for ho og dei andre skadde:

– For alt me veit var dette nok til å gjera i alle fall mine skader mindre, seier Nersnæs som har blitt utskriven etter bomba gjekk av utanfor kontoret hennar.

– Berre menneskeleg

Også ved legevakta får den sindige bussjåføren ros for å ha haldt roen og for å ha fått frakta dei skadde trygt fram:

– Me er veldig imponert over innsatsen til bussjåføren. Det er det me ser i slike situasjonar. Alle dei som er involverte yter det dei skal og meir til, seier Knut Melhuus som er sjef ved Skadelegevakten Oslo Universitetssykehus.

Hovudpersonen sjølv meiner det han gjorde ikkje var meir enn det ein kan forventa i ein slik situasjon:

– Eg trur alle som hadde vore i den same situasjonen ville ha hjelpt til. Det er berre menneskeleg, seier Bajic.

Buss 37 på Regjeringskvartalet

Her blir ei skadd kvinne leidd inn i bussen til Veseljko Bajić like etter bombeeksplosjonen på Regjeringskvartalet.

Foto: NRK

AKTUELT NÅ