Hopp til innhold

Styrkar laga i forhandlingane: – Ser lysare på ting etter møtet

Forhandlingane om neste års statsbudsjett hald fram på i dag med partitoppane på banen. Det var ikkje SV-leiar Audun Lysbakken fyrst særleg nøgd med, men er meir optimistisk etter eit møte måndag.

Audun Lysbakken på vei inn til statusmøte om budsjettforhandlingene mandag 22.11.2021.

IRRITERT: Det var ein irritert SV-leiar som gjekk inn til det såkalla «statusmøtet» i budsjettforhandlingane med regjeringspartia måndag.

Foto: Mats Rønning / NRK

– Eg opplever at vi har høyrt kvarandre, og at vi også har blitt høyrt på ting som er viktige for oss for å få framdrift i dette. Da er vi einige om at forhandlingane no held fram på finanskomitenivå, men med forsterkningar, slik at vi kan få inn eit ekstra gir, seier han etter møtet som fann stad måndag morgon.

Men det var ein irritert SV-leiar som gjekk inn til møtet klokka 10. Noko kroppsspråk, mine, og ikkje minst ordval tydeleg viste.

– Eg er misnøgd med kvar vi er no. Ikkje minst fordi eg ser at regjeringspartia i ei sak på NRK denne morgonen både spinn rundt våre posisjonar, offentleggjer kor dei ligg på skisser, og det er pussig at det er regjeringspartia som skrur opp temperaturen i ei slik forhandling, sa Lysbakken.

Han meinte også det er unødvendig at dei møtest på dette nivået no.

– Våre forhandlarar har fullmakt og vi er ikkje i nærleiken av ein sluttrunde, seier han.

Men etter statusmøtet kunne forhandlingane altså halde fram måndag. Partane møttest igjen klokka 14 – denne gang med større forhandlingsdelegasjonar enn tidlegare.

Forutan parlamentariske leiare var partia sine finanspolitiske talspersonar og fleire rådgjevarar til stades.

Dette møtet varte knappe 40 minutt, og då partane kom ut igjen uttalte Lysbakken at dei nå er i den «kjedelege fasen».

– Eg opplever at vi har ein god prosess. Vi snakkar godt saman, sa Arbeidarpartiet sin parlamentariske leiar Rigmor Aasrud.

Det er førebels ikkje avklart om det blir fleire møter i dag.

– Har ikkje flytta opp forhandlingane

Lysbakken understrekar at forhandlingane ikkje er flytta opp på parlamentarisk nivå etter morgonens møte.

– Nei, det har vi ikkje gjort. Det hald fram på finanskomitenivå. Så vil vi hente inn nokon ekstra folk. Det kan vere oss parlamentariske leiarar i nokon samanhengar, men det er rett og slett for å få større framdrift, og fleire som kan jobbe, sa han.

Avstanden mellom partia skal nå vere både økonomisk og politisk.

– Det handlar om ein heilskap. Det handlar om å få flytta på nok pengar for å få på plass ting som er viktige for SV sine velare, men det handlar også om ting som ikkje går på pengar, som for eksempel klimakutt, sa Lysbakken.

No startar skjebneveka for å få i land eit fleirtal for budsjettet neste år.

NRK har snakka med kjelder i alle tre partia som stadfestar at avstanden mellom regjeringspartia og SV er stor.

– Vi har lagt totalt fire skisser på bordet og opplever at det framleis er stor breidde av innspel på motsett side, og at vi ikkje er i nærleiken av å løyse det på vårt nivå, sa Sigbjørn Gjelsvik i Senterpartiet i går.

Budsjettforhandlinger

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) saman med leiar i finanskomiteen, Eigil Knutsen (Ap).

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Nyttig at dei har lagt summane på bordet

Ifølgje regjeringspartia skal det allereie vere flytta på godt over 3 milliardar kroner.

– Det kan vere litt nyttig at dei sjølv har lagt på bordet dei summane det blir forhandla om her. Det er ingen parti på Stortinget som ville akseptert eit forlik i dette landskapet, sa Lysbakken tidlegare måndag om avsløringane.

Regjeringspartia argumenterer for at dette er meir enn det vart flytta på i tilleggsbudsjett-forhandlingane hausten 2013, då det også var regjeringsskifte.

Den gongen klarte Venstre og KrF å flytte på 2,4 milliardar kroner. I tillegg la Erna Solberg (H) på 4 milliardar kroner i ekstra oljepengebruk.

Støre-regjeringa gjekk i sitt tilleggsbudsjett inn for same oljepengebruk som Solberg-regjeringa foreslo i sitt siste budsjettforslag.

Ap, Sp og SV skal, så langt, vere einige om å ikkje smørje budsjettet med meir oljepengar for å bli einige.

Rigmor Aasrud på vei inn til statusmøte om budsjettforhandlingene 22.11.2021.

Rigmor Aasrud var langt meir optimistisk enn Audun Lysbakken på veg inn til møtet.

Foto: Mats Rønning / NRK

Aasrud: – Har god tro på at vi kjem i hamn

Regjeringspartia krev framdrift, og kalla inn derfor inn til møte med dei parlamentariske leiarane i dag klokka 10.

SV-leiar Audun Lysbakken, parlamentarisk leiar Rigmor Aasrud og hennar kollega frå Senterpartiet Marit Arnstad var til stades. SV omtala dette som eit statusmøte.

Aasrud var optimistisk på veg inn til møtet. Ho seier at partane er einige om dei stor utfordringane i Noreg, og nå skal snakke om det «dei har jobba med så langt, gå gjennom status og finne ut kor dei er i forhandlingane».

– Det er alltid fornuftig at ein tar ein liten pause, og snakkar saman for å gå vidare, sa ho.

– Trur du dokker rekk fristen på fredag?

– Eg har god tro på at vi kjem i hamn med dette, svarar Aasrud.

Marit Arnstad (Sp) på vei inn til statusmøte om budsjettforhandlingene 22.11.2021.

Marit Arnstad seier ho opplevde at stemninga var gode inne på møterommet.

Foto: Mats Rønning / NRK

Ville ikkje kommentere kritikk

Ho endra ikkje dette synet etter møtet, men hadde ikkje nokon tidsfrist å gi.

– Eg er optimistisk med tanke på å dra i land ei avtale. Når det blir, får vi sjå på, sa ho.

Lysbakkens utblåsing før møtet påverka ifølgje partane ikkje klimaet inne på møterommet.

Men SV-leiaren seier han formidla kritikken.

– Det er fleire enn dei inne på rommet som har fått med seg, så det er formidla på ein tydeleg måte, seier han.

Verken Arnstad eller Aasrud ville kommentere Lysbakkens kritikk etterpå.

– Men eg opplevde at det var god stemning inne på møterommet, seier Arnstad.

F.v. Sigbjørn Gjelsvik (Sp), Kari Elisabeth Kaski (SV) og Eigil Knutsen (Ap)

Sigbjørn Gjelsvik (t.v.) frå Sp, Kari Elisabeth Kaski (SV) og finanskomiteens leiar Eigil Knutsen (Ap) har denne veka forhandla om neste års statsbudsjett.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

Løftar forhandlingane

SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski meinte i går kveld at det ikkje var grunnlag for å heise forhandlingane opp til dei parlamentariske leiarane.

– Her burde det vore forhandla vidare i finanskomiteen, men når dei ber om eit møte, seier han (Lysbakken) ja til eit møte, sa Kaski i går.

LES OGSÅ: Ber om å løfte forhandlingene: – Ikke i nærheten av å løse det på vårt nivå

Den vurderinga delte openlyst ikkje Ap og Sp, som søndag ettermiddag bad om nettopp dette.

Eit av føremåla med møtet skal vere å få Lysbakken til å forstå at han og SV må jenke seg.

Frustrasjon i SV

For SV står fem hovudstolpar heilt sentralt i forhandlingane:

  • større klimakutt
  • raskare grøn omstilling
  • meir omfordeling i skattesystemet
  • meir til velferd gjennom billegare tannhelse, skulefritidsordning og reversering av usosiale kutt
  • starte arbeidet med profittfri velferd

Men så langt er opplevinga at regjeringspartia ikkje har kome SV tilstrekkeleg i møte på nokre av desse punkta, får NRK opplyst.

SV kjenner heller seg ikkje igjen i påstanden om at partiet krev for mykje.

Partiet meiner snarare det handlar om at dei har kome med ein meny av ulike forslag for å kome regjeringspartia i møte.

Budsjettforhandlinger. Kari Elisabeth Kaski fra SV

Kari Elisabeth Kaski og SV kjenner seg ikkje att i påstanden om partiet krev for mykje.

Foto: Torstein Bøe / NTB

I SV er det frustrasjon over at regjeringspartia i liten grad har vore med på å forhandle, og snarare stått fast på sine posisjonar.

Samtidig blir det lagt vekt på, frå SV-hald, at det viktigaste for partiet er å få til ein god kombinasjon av økonomiske satsingar og saker som trekk politikken i ei retning SV vil.

Altså: Dersom det blir flytta på færre milliardar enn SV ønskjer, krev partiet større politiske gjennomslag som ikkje kostar pengar neste år.

LES OGSÅ: 290.000 mister feriepenger – Charlott er én av dem

Kavar med klima

Eit av dei tydelegaste krava frå SV er at neste års statsbudsjett må kutte meir i klimagassutsleppa enn det Solberg-regjeringa la opp til.

Og her ligg truleg ei av dei vanskelegaste nøttene i årets budsjettforhandlingar.

For Støre-regjeringa la opp til eit «klimautsleppsbudsjett» som gjer at utsleppa går ned med 1,5 – 2 millionar tonn mindre enn Solberg-regjeringa.

Årsaka er at Støre-regjeringa vil skjerme prisen på bensin og diesel ved å redusere vegbruksavgifta.

Budsjettforhandlinger

Usemje om kutt i klimagassutsleppa er truleg ein av postane som Knutsen, Gjelsvik og Kaski har diskutert mest under budsjettforhandlingane.

Foto: Torstein Bøe / NTB

SV har sagt seg villige til å sjå på andre tiltak som kan kutte utsleppa neste år, men her møter partane ei vanskeleg hindring.

Det er nemleg svært vanskeleg å finne andre konkrete klimatiltak som gjev målbare utsleppskutt neste år, ifølge ei kjelde.

Det som blir omtala som Støre-regjeringa si største satsing, reduksjonen i elavgifta på 2,9 milliardar kroner, ligg førebels fast sjølv om SV meiner tiltaket er lite treffsikkert.

Støre vil vere raus

Ifølge ei sentral kjelde i Ap, skal statsminister Jonas Gahr Støre ha sagt at regjeringa skal vere raus i møte med SV. Målet hans er å få SV med på alle budsjetta i åra framover og difor er det ekstra viktig å lukkast med dette budsjettet.

Toppane i alle dei tre partia skal ha vore tett kopla på gjennom heile helga.

– Skal snakke med mine folk, var partileiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sin knappe kommentar då han kom til Stortinget i går ettermiddag. Også parlamentarisk leiar Marit Arnstad var til stades.

Både statsminister Støre og partileiar Lysbakken i SV skal ha hatt tett kontakt med sine folk på Stortinget heile vegen.

Regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet

Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har vore relativt taus om budsjettforhandlingane.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Fristar ryk

Uansett er det allereie klart at den første fristen Stortinget har sett, ryk.

Som venta klarar ikkje dei tre partia å bli einige om ein avtale som kan leggast inn i finansinnstillinga i dag.

Fredag skal finanskomiteen avslutte arbeidet med neste års statsbudsjett. Dersom ikkje budsjettforhandlingane blir landa nokre få dagar før dette, får ikkje dei andre opposisjonspartia tid til å legge inn sin eigen politikk i dokumentet før debatten i salen.

Finansdebatten er 2. desember i Stortinget.

I siste instans kan ein eventuell budsjettavtale mellom Ap, Sp og SV bli lagt fram som et såkalla laust forslag under sjølve debatten.

AKTUELT NÅ