Hopp til innhold

BT: Prioriterte asylborn framfor kriminelle

Regjeringa lova å sende ut rekordmange asylsøkjarar i fjor. Men fordi mange utanlandske kriminelle er vanskelege å spore opp, så prioriterte regjeringa å sende ut asylborn i staden, skriv Bergens Tidende.

Politiet har fått beskjed om å prioritere born framfor kriminelle utlendingar, fordi sistnemnde er vanskelegare å få sendt ut, skriv Bergens Tidende. Statssekretær i Justisdepartementet Jøran Kallmyr frå Framstegspartiet kjenner seg ikkje att i påstandane.

– Vi har ikkje omprioritert i politiet slik at det skal vere lettare å sende ut asylborn. Vi har omprioritert slik at ein skal gjere utsendingsarbeid enklare innan kategorien "utviste", der dei kriminelle også høyrer til, seier Kallmyr til NRK.

Saka held fram under biletet

Jøran Kallmyr

Jøran Kallmyr i Framstegspartiet kjenner seg ikkje att i påstandane i Bergens Tidende.

Foto: Per Onsheim / NRK

Regjeringa hadde lova at 7100 utlendingar utan opphald skulle ut av landet i 2014. Men alt 12. mars får Politiets utlendingseining beskjed om at talet på returar ikkje er godt nok, viser dokumentasjon Bergens Tidende har fått tak i.

– Kriminalprosjekt lagt på is.

Ifølgje avisa vart det sokalla returestanseprosjektet lagt på is i august. Prosjektet omfattar blant anna kriminelle. Samtidig skaut talet på utsende asylborn i vêret.

Alt tidleg i desember avslørte BT at politiske prioriteringar om asylborna ikkje var blitt videreformidla frå Justisdepartmentet. Kristeleg Folkeparti og Venstre vart uroa for at lengeverande asylborn var blitt sendt ut, fordi departementet ikkje hadde gitt beskjed til Politiets utlendingseining.

I dag skriv altså BT at politiet skal ha fått beskjed om å legge vekk dei krevjande sakene, og prioritere dei som gir "best måloppnåing"

– Skuffa over at regjeringa vel dei sårbare

Venstre og Kristeleg Folkeparti krev no svar frå justisministeren. Innvandringspolitisk talsmann i Venstre, André Skjelstad har lite til overs for denne prioriteringa.

André N. Skjelstad

André Skjelstad i Venstre er skuffa over regjeringa, dersom påstandane stemmer.

Foto: Venstre

– Eg er skuffa over at Frp vel den lette løysinga ved å sende ut dei sårbare asylborna, kontra å prioritere å sende ut dei kriminelle, seier Skjelstad til NRK.

Jøran Kallmyr i Framstegspartiet stadfestar at det er gjort omprioriteringar i politiet for å effektivisere utsendinga, men vil ikkje gå i detalj om returestanseprosjektet er lagt på is.

Justisministeren kan verte kalla inn til høyring

Justisminister Anders Anundsen risikerer å måtte møte til høyring i asylbornsaka. Den står på sakslista til kontroll- og konstitusjonskomiteen, opplyser leiar Martin Kolberg i Arbeidarpartiet.

– Vi skal ha møte i ettermiddag, der vi skal handsame denne saka. Då vil opplysingane i BT kome med i denne handsaminga, fortel Kolberg til NRK.

AKTUELT NÅ