Hopp til innhold

Bryt lova kvar veke for å redde liv

Dei opplevde at ein tilsett nesten vart drepen av ein pasient. No bryt Lovisenberg sjukehus lova kvar veke for å sørgje for tryggleiken på arbeidsplassen.

Avdelingsoverlege Hallvard Fanebust og avdelingssjef Trond Nodeland

Avdelingsoverlege Hallvard Fanebust og avdelingssjef Trond Nodeland ved Lovisenberg sjukehus i Oslo er kriritiske til at dei ikkje har lov til å ransake pasientane.

Foto: Jonas Sætre / NRK

I november 2010 skjedde det som absolutt ikkje skulle skje ved psykiatriske sjukehus i Oslo. Ein kvinneleg tilsett vart angripen og nesten drepen av ein pasient ved akuttpsykiatrisk avdeling ved Lovisenberg sjukehus.

Gjerningsmannen, som no er 28 år gammal, slo kvinna ned og trampa hardt på hovudet hennar om lag 20 gongar, slik at ho fekk livstrugande skadar i form av brot på skallen og hjerneblødningar, ifølgje tiltaleavgjerda.

Vidare slo han ein stol mot kroppen hennar til stolbeinet knuste.

Episoden skjedde berre veker etter to liknande, men mindre alvorlege valdsepisodar ved ein annan institusjon.

– Han kom inn til oss på grunn av desse episodane. Så me oppfatta han som potensielt farleg, seier avdelingsoverlege ved Lovisenberg sjukehus, Hallvard Fanebust.

– Kunne ha drepe alle i rommet

Pasienten var ved institusjonen i over ei veke før angrepet skjedde, og i løpet av dette tidsrommet skal han ikkje ha oppført seg aggressivt.

Fanebust seier at gjerningsmannen gjorde alt i si kraft for å valde skade. Utfallet kunne difor ha vore endå meir alvorleg, dersom han hadde hatt tilgang til våpen.

– Ho som vart angripen vart frykteleg hardt skadd. Men hadde han hatt kniv eller liknande ville ho sannsynlegvis ikkje overlevd, seier Fanebust.

Angrep med våpen kunne ha vore ein reell fare, dersom sjukehuset hadde halde seg til lova. Lova er nemleg slik at psykiatriske sjukehus ikkje har høve til å ransake pasientane mot deira vilje.

Lovisenberg diakonale sykehus

I eit slikt opphaldsrom skjedde angrepet. Etter å ha blitt trampa i hovudet 20 gongar, vart kvinna slått med ein stol til stolbeinet knekte.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Finn våpen kvar einaste veke

Nesten kvar einaste veke tek dei våpen frå nye pasientar. Dei fleste pasientane går med på å bli ransaka, men det hender at nokon nektar. Då må det kvar einaste gong fattast eit vedtak. Dette må skrivast av ein spesialist i psykiatri. Men dette vedtaket skal eigentleg berre gjerast dersom det er særleg grunn til å mistenke for at pasienten har farlege hensikter.

Det at nokre ikkje vil late seg ransake, er neppe åleine grunn nok til å fatte vedtak.

– Dersom dei seier nei, fattar me eit vedtak om å ransake dei. Etter lova har dei lov til å nekte.

I fjor vart ein pasient knivdrepen av ein annan pasient ved eit sjukehus i Oslo. Fanebust fortel at politiet då gjennom media gav uttrykk for å vere svært overraska over at dei tilsette ikkje hadde gjennomført ransaking av alle pasientane.

– Sanninga er at me ikkje har heimel for å gjere det. Men me vel å gjere det likevel.

Lex Breivik

No vert det ei forandring av desse reglane, gjennom den nye Lex Breivik-lova. Men det gjeld berre dei tre tryggingsanstaltane i norsk psykiatri. Det gjeld Dikemark i Asker, Brøset i Trondheim og Sandviken i Bergen. Berre desse institusjonane har no høve til å ransake pasientane.

Desse anstaltane tek svært sjeldan pasientar opp rett frå gata. Dei fleste har vore innom andre psykiatriske sjukehus først, som på Lovisenberg. Leiinga ved Lovisenberg meiner det er rart at dei skal få heimel for å ransake, medan sjukehus som Lovisenberg ikkje får det.

– Dette meiner me blir ganske idiotisk. Det er svært sjeldan at pasientane kjem direkte til tryggingsavdelingane utan å først ha vore innom sjukehus som vårt, eller fengselet, og då er dei jo allereie blitt ransaka, seier avdelingssjef ved Lovisenberg, Trond Nodeland

Gjorde sterkt inntrykk

Hendinga, som truleg er det verste tilfellet av vald mot helsepersonell på mange år, gjorde eit stort inntrykk på arbeidsplassen. Fleire vart sjukmelde, arbeidstilsynet kravde svar frå sjukehuset, og fleire tilsette skal vitne i rettssaka mot gjerningsmannen, som snart skal starta.

– Skal du ut og flyge eller vitje Peterskyrkja må du gjennom tryggingskontroll. Men på psykiatriske sjukehus kan du nekte. Det er eit stort paradoks, seier Nodeland.

AKTUELT NÅ