Birger Møllhausen laga kaka til bryllaupet i 1929. Foto: Møllhausen
Bryllaupskaka til Märtha og Olav
Birger Møllhausen fekk oppdraget med å lage bryllaupskaka til bryllaupet i 1929.
Han var berre 29 år gamal då han fekk det ærefulle oppdraget. Kaka vart laga etter engelsk mal og var på tre etasjar.
Bryllupskaka til bryllupet mellom Edward og Sophie Rhys-Jones
Pompøse britar
Det britiske kongehuset er kjend for pomp, prakt og glamorøse festar. Mest sannsynleg er dei mest spektakulære og eksklusive bryllaupskakene laga til kongelege bryllaup i Storbritannia.
Bryllaupskaka til Charles og Diana var 1,5 meter høg og vog 76 kg. Rykta seier at kaka kosta godt over 50 000 kr.
Dronning Victoria
Bryllaupskaka til dronning Victoria i 1840 vog ikkje mindre enn 270 kg. Ein imponerande storleik!
Til bryllaupet mellom prins Edward og Sophie Rhys-Jones i 1999 arbeidde seks menneske i 515 timar for å laga kaka. Kaka var i sju etasjar og all pynten var handlaga av sukker.
Tradisjon og historie
Det var ein romersk tradisjon å bake søte fruktbrød til bryllaup. Brudgommen skulle ete ein bit, og etter det bryte bitane over hovudet til brura. Dette gjorde dei for å markere dominansen til brudgommen over brura. Smulane som fall på golvet skulle gje fruktbarheit, og gjestane kasta seg over dei.
På 1700-talet la dei smulane under hovudputa til unge ugifte for at dei skulle drøyme om den kommande ektemaken. Det seiast at dette er opphavet til den engelske tradisjonen med å sende ein bit av bryllaupskaka til gjestane.
I engelsk tradisjon lagar ein bryllaupskakene av tung fruktkake. Den kan lagast i lang tid før bryllaupet, og er haldbar lenge nok til å vare til fyrste barnedåp… Dei fyrste etasjekakene med fruktkake vart laga til dei britiske kongelege.
Dei tre etasjane symboliserar tre ringar: Trulovingsringen, gifteringen og endeløyseringen. Middelklassen tok snart etter dei kongelege, og etasjekakene vart populære utover 1800-talet.
Ofte laga ein så mykje kake at toppen vart ståande urøyrt. Med det kom tradisjonen å spare toppen til den fyrste barnedåpen, ein tradisjon som lev vidare i dag.
Kjelde: Krem.no