Sjømannskyrkjene og ambassadane NRK har vore i kontakt med, fortel om god stemning og tåredryppande seansar. For mange nordmenn som bur utanlands er slike hendingar viktige - det ser ein tydeleg av mengda med e-post til kjem til NRK frå spente nordmenn utanlands.
Sit klistra til datamaskina
Internett har på mange måtar erstatta utanlandssendingane på radio og fjernsyn. Svært mange nordmenn i utlandet har sett på bryllaupet via sendingane på NRK.no, og til no har vi registrert lesarar frå nær 60 land som har vore innom sidene.
- Vi har hatt vitjarar frå mellom anna Qatar, Peru, Australia og Costa Rica, fortel statistikkansvarleg Øystein Sanne i NRK.no. Det er tydeleg at det finst nordmenn i dei fleste avkrokar i verda, for statistikken visar at det er lesarar spreidd over absolutt heile jordkloten.
Storskjerm og storstemning i London
Svært mange nordmenn i utlandet har vore innnom NRK.no for å fylgje bryllaupet
Sjømannskyrkja i London er fast samlingsplass for nordmenn i byen, og er eit av flaggskipa i Sjømannsmisjonen.
- Også vi i London har gledd oss til denne dagen. Vi skal jo snart få fleire av kongefamilien flyttande inn i vår kyrkjelyd, så det er ikkje fritt for at vi meiner å vere i ei særleg stilling ein slik dag, fortel Geir Myklebust som er kateket i sjømannskyrkja.
Meir enn 80 menneske var samla for å fylgje sendingane, og dei fekk servert koldtbord og anna festmat.
Godt og varm på Lanzarote
Bryllaupsfeiring på Lanzarote. Foto: Sjømannskyrkja
Også på Lanzarote var det god stemning. 60 nordmenn hadde samla seg på kanariøya for å feire brudeparet.
- 60 nordmenn med både flagg og hurrarop var samlet her på Lanzarote, skreiv sjømannsprest Nils Kristian Lie til NRK tidlegare i kveld.
Konsert i København
Den største danske kabel-tv-distributøren har nett kutta ut NRK1 frå tilbodet sitt, og mange nordmenn i kongens by drog til sjømannskyrkja for å sjå sendingane frå Trondheim.
Bryllupsfeiring i København. Foto: Sjømannskyrkja
- Ola Bremnes og Alstahaug Sangkor gjester Kongens København med Petter Dass-programmet "Mit reyse-tøy" senere i kveld, skriv sjømannsprest Per Erik Stave Olsen frå København i kveld. Dei reknar med storinnrykk av feststemte nordmenn utover kvelden.
Tidleg på'n i New York
I New York var det òg feiring. På grunn av heilagdagar og tidsskilnaden mellom Noreg og USA dukka det nok oppe færre gjestar enn sjømannskyrkja hadde sett for seg.
Bryllaupsfeiring på sjømannskyrkja i New York. Foto: Sjømannskyrkja