Mange nordmenn i utlandet er svært interesserte i å fylgje med på bryllaupet, og fleire stader blir det skipa til eigne samlingar på ambassadane og sjømannskyrkjene.
Vaflar og bryllaup i sjømannskyrkjene
Dei norske sjømannskyrkjene i utlandet er faste møteplassar for mange nordmenn. Her kan ein samlast, ete vaflar og høyre siste nytt frå Noreg. Dei fleste sjømannskyrkjene vil halde ope under bryllaupet. Dei stadene ein ikkje får inn NRK1-sendingane på fjernsyn, er videosendingane på NRK.no ein god erstattar.
– Vi hadde stor suksess med videosendingane frå kronprinsbryllaupet i fjor, fortel Yngve Gjørstad ved den norske sjømannskyrkja i New York. I år ynskjer vi å gjenta suksessen, og har bede inn den norske kolonien til bryllaupssending og samling.
Det blir fest i den norske sjømannskyrkja i London. Foto: Sjømannsmisjonen
Sjømannskyrkja i London kjem sjølvsagt òg til å ha bryllaupsfest. I fjor var godt over hundre menneske samla for å fylgje sendingane, og endå fleire var innom kyrkja ein eller annan gong i løpet av dagen.
NRK har òg fått melding om at sjømannskyrkja på Lanzarote kjem til å ha ope hus, og vi reknar med at det gjeld dei fleste andre sjømannskyrkjene. Sjømannspresten i Edinburgh har òg lova at han kjem til å halde ope hus heime hjå seg sjølv for nordmenn i Skottland som er bryllaupsinteresserte.
Buffét i Moskva
Ambassaden i Moskva held òg på med planleggjing av bryllaupet. Dei kjem til å rigge opp storskjerm i ambassaden slik dei gjorde under kronprinsbryllaupet, og ber inn til spleiselag for interesserte nordmenn.
– Vi kjem til å rigge oss til i den store møtesalen i ambassaden, fortel Franck Einar Holstvold. I samband med bryllaupet i fjor tok alle med seg litt mat, og vi fekk til eit brukbart «koldtbord», så vi satsar nok på same opplegget i år òg.
Meir enn 200 nordmenn i Brisbane var samla for å sjå kronprinsbryllaupet i fjor
Når heilt til Australia
Den norske studentklubben i Brisbane i Australia er sjølvsagt òg interesserte i bryllaupet.
Tekniske problem gjer at dei ikkje får vist bryllaupet direkte, men dei satsar på samling i etterkant av bryllaupet med visning av bryllaupsoppsummeringa på storskjerm.
Bryllaupssendingar på NRK.no
Mange nordmenn i utlandet kan ikkje ta inn
I fjor var det storfest i den norske kolonien i Kuala Lumpur i samband med bryllaupet. Dei fylgde NRK-sendingane via internett på storskjerm
sendingane på NRK1. I Europa er fjernsynskanalen NRK International eit godt alternativ, men i resten av verda er videosendingane på NRK.no det einaste alternativet.
Under kronprinsbryllaupet i fjor var det sjåarar frå meir enn 60 land innom bryllaupssidene på NRK.no. Nordmenn i mellom anna Kuala Lumpur, Adis Abeba, Tokyo og Buenos Aires kunne fylgje heile bryllaupet via nettet. Ein del stader hadde vart det arrangert festar med NRK.no-sendingane på storskjerm, og NRK fekk svært mange tilbakemeldingar frå nordmenn i utlandet.
Se også
- Videosending på NRK.no - NRK.no sender heile prinsessebryllaupet direkte på bryllaupsdagen.
- Prinsessebryllupet på NRK1, NRK2 og NRK.no - Her finn du sendeskjema for NRK1, NRK2 og NRK.no
- NRK Nettradio - Du kan fylgje brylluapssendingane til NRK P1 via nettradioen
- Frekvensar for utanlandssendinga i radio - Du kan òg fylgje prinsessebryllaupet via utanlandssendinga
- Bryllaup over heile verda - Kronprinsbryllaupet i august 2001
- NRK-sendingar i utlandet - Informasjonsartikkel om NRK International og NRK Utanlandssendinga frå kronprinsbryllaupet i fjor