Brukte bilete frå YouTube til forsikringssvindel

Ein mann vart avslørt då han prøvde å få erstatning for dette øydelagde kameraet. Biletet som skulle visa skaden hadde han henta frå ein video på YouTube.

Øydelagt kamera

SMELTA: Slik såg kameraet ut etter eit par rundar i mikrobølgeomnen.

Foto: Fremtind forsikring

– Det er jo eit kreativt påfunn, men ikkje vanskeleg for oss å avdekka, seier Roy-André Lyngbø, leiar for utgreiing i Fremtind forsikring.

I ein YouTube-video Lyngbø viser til NRK, kan ein sjå ein amerikansk mann gjere eit eksperiment om kva som skjer om ein legg eit kamera i ein mikrobølgeomn.

Skjermdump frå YouTube

EKSPERIMENT: Slik såg det ut etter at amerikanaren hadde putta kameraet i mikrobølgeomnen.

Foto: YouTube

Det var frå denne videoen ein norsk mann «lånte» eit bilete av kamera. Det smelta kameraet prøvde han å få erstatta til 20.000 kroner.

Forklaringa hans til forsikringsselskapet var at barna hans hadde sett det i mikrobølgeomnen utan at han visste om det.

– Me syns dette høyrdest litt rart ut, seier Lyngbø

Vart meldt til politiet

Forsikringsselskapa har eigne tilsette som greier ut mistenkelege saker. Det var slik dei fann ut at biletet var falskt.

Og det viste seg at det ikkje var første gongen kunden hadde sett kreativiteten i sving for å få tak i litt ekstra pengar.

Berre nokre månader tidlegare hadde han fått utbetalt fleire tusen kroner for ein øydelagt flatskjerm. Også denne flatskjermen fann dei att på Google.

Det førte til at mannen vart meldt til politiet for svindelforsøk og mista alle forsikringane sine i Fremtind.

I tillegg til ei bot på 15.000 kroner, måtte mannen betale tilbake det han hadde fått av forsikringsbyrået for flatskjermen.

Øydelagt TV

KNUST: Det var denne flatskjermen kunden fekk utbetalt erstatning for.

Foto: Fremtind forsikring

Ikkje noko ny trend

Ifølge Lyngbø er ikkje dette første gongen nokon prøver seg på denne typen forsikringssvindel.

Det bekreftar politiinspektør Per Morten Brobakke i Trøndelag politidistrikt. I 2016 hadde dei 5 saker som omhandla forsikringssvindel, medan i 2020 var det oppe i 44 saker.

Ifølge Brobakke vil straffa vil vere avhengig av fleire forhold, men ein risikerer fengsel utan vilkår for ganske små beløp.

– Straffa er såpass streng for å verke avskrekkande, seier Brobakke.

Ein vil også hamne i strafferegisteret om ein vert dømd for forsikringssvindel. Det kan påverke studiar, jobb og reiser til ein del land.

Nulltoleranse for svindel

At forsikringsselskapa gjer eigne utgreiingar er til stor hjelp for politiet.

Ifølge Lyngbø har Fremtind ein nulltoleranse for forsikringssvindel, og dei melder alle saker til politiet.

– Forsikring er basert på tillit, og me er opptekne av å kunne stole på kundane våre. Det er viktig at ingen prøver å lure forsikringsselskapa, for då blir det dyrare for alle, seier han.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger