Hopp til innhold

Snøkaoset held fram – brøytesjef meiner fleire bør velje piggdekk

Eit døgn med kraftig snøvêr på Austlandet har ført til krevjande køyreforhold. Brøytesjefen i Bærum kommune trur piggfrie dekk kan gjere føret enda verre.

Snøvær i Oslo

SNØVÊR: Store mengder snø har ført til eit utfordrande føre i store delar av Sør-Noreg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Dei siste par dagane har snøen lava ned over store delar av Sør-Noreg.

Eit nytt lågtrykk er på veg og det er venta eit godt påfyll av snø på Aust- og Sørlandet. Til fredag kveld kan det kome ytterlegare 40 centimeter med snø, ifølgje vakthavande meteorolog Håkon Mjelstad.

Nytt oransje varsel for Aust- og Sørlandet.

Det er venta å kome mykje snø på Aust- Sørlandet fredag. Meteorologisk institutt har sendt ut gult- og oransje farevarsel.

Illustrasjon: Meteorologisk institutt

Den store mengda med snø har gitt trafikale utfordringar. Brøytesjef i Bærum kommune meiner fleire bør velje vinterdekk med piggar.

Kan gjere glatt føre glattare

Når folk bremsar framfor til dømes ein fartshump eller ei rundkøyring med piggfrie dekk kan vegen bli glattare, fortel brøytesjef i Bærum kommune Christian Strandenæs til NRK.

Det var Budstikka som først omtalte saka.

Christian Strandenæs

Brøytesjef i Bærum kommune: Christian Strandenæs.

Foto: Privat

Piggfrie dekk kan polere underlaget når dekket jobbar med å finne feste. Dette kan gjere at glatt eller isete føre blir verre.

Brøytesjefen trur at problemet også handlar om at folk ikkje køyrer etter forholda.

– Nokre gløymer å tilpasse farten etter forholda, og køyrer som om det ikkje var glatt ute. Dei bremsar for seint og for hardt.

Sjå video av korleis T-banen blir brøyta.

Piggavgift i fleire norske byar

Fleire norske byar har innført piggdekkavgift.

Piggdekkgebyret er eit miljøtiltak der målet er å betre luftkvaliteten i byane gjennom å redusere antal køyretøy med piggdekk.

Piggdekk skapar slitasje på vegane som fører til svevestøv, noko som igjen gir dårlegare luftkvalitet.

Ein bil med piggdekk

I hovudstaden er det berre 9 prosent som køyrer med piggar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Det blir lagt opp til at alle bilistar skal betale. Prisane i Oslo for køyretøy opptil 3500 kg er:

  • 35 kroner for dagsoblat
  • 450 kroner for månadsoblat
  • 1400 kroner for sesongoblat

Rune Gjøs i Bymiljøetaten i Oslo kommune meiner den beste løysinga er å la vere å bruke piggdekk viss ein kan.

Pigg eller ikkje pigg er ikkje det viktigaste spørsmålet på ein dag som dette. Vi ønskjer å ha eit vegnett som er tilgjengeleg både for dei som brukar, og ikkje brukar piggdekk, fortel Gjøs.

30 prosent vel piggdekk

Statens vegvesen fører statistikk over kor mange som køyrer med piggdekk i utvalde byområde i Noreg.

Tala viser at det i Sør-Noreg er mest populært å køyre piggfritt.

Tal frå 2020 viser at berre 9 prosent av køyretøy i Oslo hadde piggdekk, medan tilsvarande tal i Tromsø var på heile 83 prosent.

Bransjetal frå dekkprodusenten Nokian, som er ein av dei største dekkaktørane nasjonalt, viser at rundt 30 prosent av vinterdekka som blei selde i Noreg i 2022 var piggdekk.

– Køyr etter forholda og hald avstand

NAF seier det er vanskeleg å kome med råd om kva dekk ein skal bruka no.

– Grunnen er at føret varierer veldig og at piggfrie dekk på einskilde underlag gir godt feste, medan dei på andre underlag gir dårlegare feste enn kva ein ville fått med piggdekk, seier Jan Harry Svendsen i NAF.

Han seier det viktigaste for bilistane er at dei vel dekk som i størst grad dekkjer det behovet dei har og som er tilpassa underlaget dei primært køyrer på.

– Noko av det viktigaste når føret er som det er, er å tilpasse farten og køyre etter forholda, legg Svendsen til.

Snø i Oslo. Marienlyst til Majorstua

Mange på Majorstua i Oslo følgde oppmodinga frå politiet om å la bilen stå.

Foto: Magnus Midtun / NRK

Heller ikkje politiet er like klare som brøytesjefen når det gjeld råd om val av dekk.

– Politiet oppmodar å køyre etter forholda, halde god avstand og ha gode vinterdekk – med eller utan pigg, seier seksjonsleiar i Oslo politidistrikt Frode Andreassen.

– Vurder om det er naudsynt å køyra bil dei dagane det er vanskelege køyreforhold, legg han til.

AKTUELT NÅ