Britisk trålar i arrest i Nordsjøen

Det britiske fiskefartøyet "Ocean Quest" vart teke i arrest av Kystvakta vest for Stavanger i dag tidleg.

Kystvakta bordar britisk skip i Nordsjøen.

Kystvakta borda den britiske trålaren kl. 0615 i dag tidleg.

Foto: Kystvakta

Fiskebåten vart borda av Kystvaka klokka 06.15, opplyser skipssjef Endre Baran på KV «Ålesund». Det er mistanke om at fartøyet har fiska i den norske økonomiske sona utan å ha rapport om dette til norske styresmakter.

Saka blir overlevert til Rogaland politidistrikt for vidare etterforsking når KV «Ålesund» kjem til Stavanger med «Ocean Quest »rundt kl. 00.30 i natt, opplyser skipssjef Baran til NRK.no.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger