Hopp til innhold

Bringebæra har begynt å springe ut: – Det er urovekkande

Bringebæra trur at våren har begynt no. Dei har begynt å springe ut, og anar ikkje at kuldegradane kan komme kvart augeblikk.

Bringebærbonde, Roy Andersen, har drevet gården Bringebærlandet i 10 år. Dette er første sesong han opplever spiring i januar.

UROLIG: Bringebærbonde, Roy Andersen, har drevet gården Bringebærlandet i 10 år. Dette er første sesong han opplever spiring i januar.

Foto: Iselin Øverbø

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bonde Roy Andersen stryk handa forsiktig over ei grein på ein bringebærplante. Det er berre heilt i starten av februar, men på garden Bringebærlandet i Drøbak har den milde temperaturen gjort at knoppane allereie har begynt å springe ut.

Bonden ser med eit bekymra blikk på den grøne knoppen på planten.

Roy Andersen inspiserer bringebærbuskene sine. Blir det plutselig mange minusgrader nå, frykter han spirene vil fryse og dø.

Roy Andersen inspiserer bringebærbuskene sine. Blir det plutselig mange minusgrader nå, frykter han spirene vil fryse og dø.

Foto: Iselin Øverbø

– Her har knoppane brote. Det er litt urovekkande. Eg veit ikkje kor godt rusta dei er til å møte til dømes ti minusgradar no, seier Andersen.

For det er minusgradane som er den største frykta. Viss dei kjem veldig raskt, vil bringebærskota bli øydelagde. Vinteren skal eigentleg vare i tre månader til.

Det spirer på gården Bringebærlandet i Drøbak. Holder været seg mildt, uten plutselig frost, kan Roy Andersen høste bringebær allerede i mai.

Det spirer på gården Bringebærlandet i Drøbak. Holder været seg mildt, uten plutselig frost, kan Roy Andersen høste bringebær allerede i mai.

Foto: Iselin Øverbø

Berre bringebær blir lurt

Forskarane i NIBIO, Norsk institutt for bioøkonomi, kan forstå at bonden fryktar for plantane sine. Dei held til på Ås, nokre kilometer unna, og kan slå fast at temperaturen har vore mykje høgare enn vanleg i januar. Heile sju gradar varmare, faktisk.

Berit Nordskog er forsker hos NIBIO og er prosjektleder for Landbruksmeteorologisk Tjeneste.

Berit Nordskog er forsker hos NIBIO og er prosjektleder for Landbruksmeteorologisk Tjeneste.

Foto: Iselin Øverbø

– Da kan plantane tru at det begynner å nærme seg vår, og begynne å spire, og det kan bli litt kritisk viss det blir kaldt igjen, seier forskar Berit Nordskog.

Det er berre bringebær som blir lurt til å tru at våren har begynt no. Både dei og andre plantar går i dvale om vinteren, men dei andre plantane ventar litt lenger før dei begynner å spire.

– Dei fleste planteslaga er framleis i dvale. Dei treng meir kjøling før dei begynner å vekse. Så dei har det trygt enno, seier kommunikasjonsrådgjevar i NIBIO, Erling Fløistad.

Klimaet forandrar seg, og vi kan vente at vintrane blir annleis enn før. Forskarane følgjer med for å sjå kva forandringar bøndene må komme til å gjere i framtida.

Erling Fløistad er kommunikasjonsrågiver og forsker hos NIBIO.

Erling Fløistad er kommunikasjonsrågiver og forsker hos NIBIO.

Foto: Iselin Øverbø

– Det kan hende at dei må sjå etter sortar som held litt igjen på når dei begynner med knoppsprett, til dømes, og så er det ulike sortsmateriale som kan komme som er tilpassa klima som kan vere meir gunstig å bruke, seier Nordskog.

Men i år er det framleis håp for avlinga til Andersen, trur dei frå NIBIO.

– Viss vi snakkar om dette året, og Roy sin bringebæråker, så er ikkje eg veldig bekymra foreløpig, det kan framleis gå veldig bra. Men, sjølvsagt, det kan også gå galt, og det er slik det er å vere bonde. Det er mykje prisgitt naturen, seier Fløistad.

Bringebærlandet i Drøbak er på cirka 20 mål og har rundt 10.000 bringebærbusker. Foreløpig er det heldigvis bare noen få som spirer.

Bringebærlandet i Drøbak er på cirka 20 mål og har rundt 10.000 bringebærbusker. Foreløpig er det heldigvis bare noen få som spirer.

Foto: Iselin Øverbø


Ønsker seg dårleg vêr

I Drøbak driv Roy Andersen og skrur opp eit termometer ute blant bringebæra. Slik kan han følgje med kor mange minusgradar det blir, men det er ikkje så mykje han får gjort med det, om det blir for kaldt for plantane.

Akkurat no viser temperaturen éin plussgrad. Andersen kan berre håpe på at det held seg.

– No håpar eg at det blir rundt null. Og tåke og grått vêr. Ikkje noko klar himmel og kalde netter.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger