Hopp til innhold

Brexit-konsekvens: 120.000 friske grisar kan måtte bli nødslakta

Mangel på arbeidskraft blant slakteria i Storbritannia gjer at bønder blir tvungne til å avlive dyra sine sjølv.

Grisar i Skottland. Bilde tatt i 2018

GRISEKRISE: Ifølge National Pig Association byrjar bøndene å gå tom for plass og mat til grisane som skulle blitt slakta.

Foto: Russell Cheyne / Reuters

Konsekvensane av brexit, i kombinasjon med pandemien, har kome til syne i Storbritannia. Mangelen på trailersjåførar fører til mellom anna tomme butikkhyller og tomme bensinpumper.

No kan heller ikkje husdyra bli sendt til slakteria, for det er ikkje nok arbeidarar til å ta hand om alt kjøtet som blir produsert.

Bønder har derfor starta å avlive grisane sine, skriv The Guardian. I beste fall ender grisane opp som mat for andre dyr.

Dyr som ikkje blir avliva på slakteria, kan ikkje bli godkjent for menneskeleg konsum. Derfor blir fleirtalet av kadavera frå nødslakta grisar brukt til å lage dyrefôr eller biodrivstoff.

Conservative Party conference in Manchester

Grisebønder demonstrerte utanfor den årlege konferansen til Det konservative parti, som statsminister Boris Johnson leiar, måndag 4. oktober.

Foto: Toby Melville / Reuters

120.000 grisar i slakte-kø

Kjøtindustrien har i fleire veker åtvara mot etterslepet av grisar som skulle blitt avliva. Så mange som 120.000 grisar står att på gardar, og treng plass og mat.

Store grisar veks med rundt éin kilo om dagen, og kan dermed igjen bli for store til at slakteria kan ta dei imot.

Minst 600 friske grisar har no blitt avliva som følge av mangelen på arbeidskraft, ifølge direktør for National Pig Association, Zoe Davies.

– Vi har gått til trinn to. Trinn éin var beredskapsplanlegging og å sette grisar i mellombelse innkvarteringar. Trinn to er at vi ikkje lenger har meir plass, og grisane veks. Det er fleire på garden enn ein kan handtere, seier Davies ifølge The Guardian.

Ikkje la brexit utslette oss

«Ikkje let brexit utslette oss, Boris» står det på eit skilt til ein demonstrant.

Foto: Toby Melville / Reuters

Davies seier nokre bønder har slutta å pare grisane. Andre har sett seg nøydde til å avlive nyfødde grisar.

Blir dyrefôr eller biodrivstoff

Bøndene er ansvarlege for at dei døde dyra blir henta i samsvar med lovene. Det er i strid med lova å grave ned eller brenne lika, for å minimere risikoen for at jorda, grunnvatnet eller lufta blir forureina.

Kjøtindustrien manglar i snitt 12 prosent av arbeidarane, medan nokre selskap manglar nærmare 20 prosent, ifølge Bloomberg.

Rundt 14.000 utanlandske arbeidarar forlét Storbritannia då landet meldte seg ut av EU. Berre 600 har kome tilbake.

Fagforeiningar foreslår at landet innfører eit mellombels, eittåring visum, som gjer at fleire kan bli tilsett til å jobbe som slaktarar, sjåførar, kokkar og andre yrke som Storbritannia har mangel på.

Demonstrasjon 4. oktober

Grisebønder og kjøtindustrien har åtvara mot denne situasjonen i fleire veker.

Foto: Ben Stansall / AFP

AKTUELT NÅ