NRK Meny
Normal

Brende: Moglege straffbare forhold i nigeriabåt-saka

Utanriksminister Børge Brende seier at Utanriksdepartementet har varsla Riksadvokaten om moglege straffbare forhold hos Forsvaret sin logistikkorganisasjon i samband med nigeriabåt-saka.

Børge Brende

Børge Brende seier at spørsmålet er om det vart gitt feil, ufullstendige eller villeiande opplysningar i samband med utførsel av fartøya.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Dagbladet avslørte i juni i fjor sommar at til saman ti norske fartøy er selde til paramilitære i Vest-Afrika.

Handelen med dei norske marinefartøya har gått føre seg dekka over via stråselskap, der representantar for nigerianske paramilitære har vorte invitert til norske marinebasar for å kjøpe båtar, ifølgje avisa.

Kan vere straffbart

Kystvaktskipet Titran

Kystvaktskipet Titran er blant skipa som skal ha blitt selt via stråselskap og hamna hos paramilitære, private styrkar i Vest-Afrika.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Utanriksdepartementet ser alvorleg på mogleg brot på eksportkontrollregelverket. Departementet har difor i denne saka innretta eit mogleg straffbart forhold til riksadvokaten, sa statsråden under høyringa i Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomite torsdag ettermiddag.

Brende seier at spørsmålet er om det vart gitt feil, ufullstendige eller villeiande opplysningar i samband med utførsel av fartøya.

– Det er no til vurdering hos påtalemakta, seier Brende.

Saka held fram under biletet.

KNM Terne

KNM Terne på prøvetur i Middelhavet utenfar Kypros.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix

Mykje uklart om sal av kystvaktfartøy

Utanriksdepartementet har vurdert fartøya som sivile fartøy ut ifrå informasjonen departementet fekk frå forsvaret, seier Brende.

Som forsvarssjefen gjorde greie for tidlegare i dag var ikkje forsvaret gode nok om å forvisse seg om kven kundane var, og har ikkje sjekka kundane godt nok.

Leiinga i meklarfirmaet NMA strevar med å gjere greie for både pengar og kontraktar i salet av eit kystvaktfartøy for Forsvaret.

– Det er vanskeleg å kome skikkeleg til botnen av saka, meiner Helge Thorheim i Framstegspartiet.

Han er saksordførar for kontroll- og konstitusjonskomiteen sine undersøkingar av salet av marinefartøya, som har fått tilnamnet Nigeriabåtane.

Væpna på ny

Blant skipa som vart selde er KNM Terne og KNM Horten, samt kystvaktskipet Titran.

Dei vart levert av forsvaret med det siste innan sivil radar og kommunikasjon.

KNM Terne patruljerer for FN ved Kypros i 2006.

KNM Terne på prøvetur i Middelhavet utanfor Kypros i 2006.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix

Skipa skal ha blitt selde via stråselskap og ein sørafrikansk våpenhandlar, og fleire har hamna i henda på private tryggingsstyrkar i Nigeria.

Då skipa vart selde frå Noreg vart alle våpensystem fjerna, men skipa er no væpna på ny og driv skatteoppkrevjing og piratjakt langs nigeriakysten.

Utanriksdepartementet sitt regelverk seier at Noreg ikkje kan eksportere eller selje materiale eller tenester til private aktørar som kan kome til å væpne dei og tilby tryggingstenester i konfliktområde.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger