NRK Meny
Normal

Brende: - Netanyahu må godta tostatsløysing

– Det er heilt avgjerande at Benjamin Netanyahu gjer det klart at Israel vil jobbe for ei tostatsløysing med palestinarane. Dersom ikkje, får vi ein farleg situasjon i området, seier utanriksminister Børge Brende (H).

Intervju med utanriksminister Børge Brende

VIDEO: Sjå heile intervjuet med utanriksminister Børge Brende (H). Biletet er frå det siste møtet mellom Brende og Netanyahu i Israel i januar i år.

I dag tidleg vart det klart at Benjamin Netanyahu etter alt å dømme vil halde fram som statsminister i Israel. Heilt på slutten av valkampen lovde han veljarane at det ikkje vil kome ein palestinsk stat om han vart attvald som statsminister, og han sa også at det kom til å bli omfattande nybygging i Jerusalem og på Vestbreidda.

– Netanyahu støtta tostatsløysing

– Eg snakka med Netanyahu for ein og ein halv månad sidan. Då sa han at han var tilhengjar av ei tostatsløysing, og under regjeringsforhandlingane må han gjere det klart at han går for ei tostatsløysing. Det er avgjerande for tryggleiken i heile regionen. Han må også ta tak i skattepengane som blir haldne tilbake, og vi må hugse at dei palestinske styresmaktene no er i ein svært vanskeleg situasjon, seier Børge Brende i eit intervju med NRK.

– Er du nøgd med valresultatet i Israel?

– Eg kan gratulere Israel med eit gjennomført val, men vi er opptekne av at Israel skal forplikte seg til ei tostatsløysing. Ein manglande politisk prosess vil få alvorlege følgjer med auka vald og uro på Vestbreidda, og dette vil svekkje tryggleiken til Israel vidare, svarar utanriksministeren.

Netanyahu overrasket alle med sin politiske teft

– Må frigi palestinske pengar

På spørsmål om det er nokon vits å samle inn pengar til palestinarane, etter at Netanyahu sa klart nei til ei tostatsløysing, er Brende klar på at det er viktigare enn nokon gong å sørgje for pengar til dei palestinske styresmaktene. Han fryktar at det faktum at Israel held tilbake palestinske skatteinntekter, skal føre til store problem for Abbas og hans administrasjon.

– Eg håper det veldig sterkt at Israel vil frigi desse pengane. Då eg snakka med Mahmoud Abbas for nokre dagar sidan sa han det vil bli vanskeleg å vidareføre tryggingssamarbeidet med Israel, om ikkje pengane blir overførte. Han sa at dei har problem med å betale lønene til politistyrkane, seier Brende i intervjuet.

Han seier også at Noreg som leiar i givarlandsgruppa for palestinarane vil samle givarland til eit møte i mai, men at det er ein føresetnad at dei betalar ut skatteinntektene dei har kravd inn på vegner av palestinarane.

Folks dårlige økonomi kan velte Netanyahu

Netanyahu: – Skandinaviske land har brukt millioner på å velte meg

Netanyahu på Twitter: En stor seier

Nylig gjenvalgte Benjamin Netanyauh har varslet at palestinerne ikke vil få sin egen stat så lenge han sitter med makten i Israel. 
Snorre Valen (SV) mener utenriksminister Børge Brende og regjeringen bør anerkjenne Palestina for å presse Israel. Børge Brende mener dette ikke vil fungere.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger