NRK Meny
Normal

Breivik vurderte farlegare bombe

Anders Behring Breivik vurderte både alternative mål og våpen med langt større skadepotensial enn det som blei brukt 22. juli.

Regjeringskvartalet minutter etter bomben

Regjeringskvartalet blei totalskadd etter bomba 22.juli

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Forsvarar Geir Lippestad stadfestar at Breivik vurderte andre terrormål og -våpen med større skadepotensiale.

– Som forsvararen hans er det ikkje naturleg å seie anna enn at Breivik har forklart seg om alternative mål og verkemiddel, og dette vil kome fram i forklaringa hans, seier Lippestad.

Den skjebnesvangre fredagen for åtte månader sidan braut det ut panikk og kaos i Oslo sentrum.

Under rettssaka i april vil det kome fram nye opplysningar som til no ikkje er kjent. Opplysningar om at Breivik hadde planar om å gjere langt større skade.

LES: Tryggleiken under Breivik-rettssaka kostar ein halv million dagen

LES: Kaller ikke inn Stoltenberg som vitne i rettssaken

Skreiv om alternative bomber

Våningshus - Vålstua gård 23. juli 2011

Vålstua gård der Breivik laga bomba som gjekk av i regjeringskvartalet.

Foto: Brenden, Jo E. / Scanpix

I sitt såkalla manifest skriv Breivik om såkalla «skitne bomber», ein kombinasjon av konvensjonelt sprengstoff og kjernefysisk materiale som forureinar eit stort område med radioaktivitet.

LES: Vil ha Brevik for Haag-domstol

LES: Ny Breivik-rapport blir rekordstor

Ei slik bombe ville innebere at Breivik la ein eller fleire radioaktive kjelder inn i lasterommet på Vålstua gård, og at bombebilen ville spreie radioaktivitet og strålefrykt i eit stort område etter at bomba hadde gått av ved regjeringskvartalet.

«Tsjernobyl et beste fall-scenario»

I det såkalla manifestet skriv Breivik om slike bomber:

«Fissilt materiale kan stjeles fra et hvilket som helst større sykehus (...) og andre komponenter kan kjøpes fra den russiske mafiaen..»

«..Et beste-fall scenario kan være der en celle (1-3 personer) med en høy radioaktiv kilde f.eks strontium-90, har mulighet til å skape en hendelse tilsvarende Tsjernobyl-ulykken..»

I det såkalla manifestet skrive han at ei slik «skitten bombe» har som formål å skape panikk og psykisk terror.

Forsvarer Geir Lippestad vil vente med å kommentere dette til etter Breivik har forklart seg i rettssaka.

Ville ramme NRK

Terroristen har også forklart at fleire store mediehus i Oslo stod på lista over terrormål han vurderte under planlegginga av åtaka.

LES: Breivik spanet på NRK-ansatte

Før han bestemte seg for å angripe regjeringskvartalet og Utøya, vurderte han å ramme både Aftenposten, VG og NRK.

Breivik skal ha drive med spaning av hovudkontoret til NRK på Marienlyst i Oslo to gongar.

For å ramme journalistane, vurderte terroristen å lage to bomber på mellom 50 og 60 kilo, som han skulle levere ved å ha på seg ein Fed ex-uniform.

Ifølgje Dagbladet.no skal Breivik også ha vurdert å plassere ei bilbombe ved Slottet, og hovudkontoret til Arbeiderpartiet på Youngstorget i Oslo.

Avisa skriv også at Breivik også skal ha rekognosert ved NRK sitt hovudkontor på Marienlyst ved to høve det siste året.

Han skal ha forklart politiet i detalj korleis han skulle gå til åtak på mellom anna NRK og Arbeiderpartiets landsmøte.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger