Hopp til innhold

Breivik risikerer tvangsinnlegging

Anders Behring Breivik nektar å snakka med fleire rettspsykiatrar, og risikerer å bli tvangsinnlagd dersom retten ber om ein ny rapport. Tvungen observasjon kan ikkje erstatta samtalar med den terrorsikta, meiner ekspertane.

Dei sakkyndige vurderer Breiviks mentale helse

Dei to sakkunnige rettpsykiatrane som har vurdert Anders Behring Breivik, Synne Sørheim og Torgeir Husby, har i stor grad basert psykose-diagnosa på sine 13 samtalar med den terrorsikta bak fengselsmurane på Ila.

Foto: Scanpix / Afp

Anders Behring Breivik

Terrorsikta Anders Behring Breivik (32) har ikkje tillit til at dei eventuelt nye sakkunnige vil forstå hans motiv for å gjennomføra terrorhandlingane, opplyser forsvarar Geir Lippestad.

Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen / Ap

Dei sakkunnige vil få svært vanskeleg arbeidsvilkår dersom Oslo tingrett ber om ei heilt ny vurdering av sinnstilstanden til Anders Behring Breivik.

Breivik har for lengst gjort det klart at han nektar å snakka med fleire rettspsykiatrar. Alternativet er tvungen observasjon på ei psykiatrisk avdeling (Straffeprosesslova §167), ein metode som ikkje gjev dei sakkunnige den same innsikta i psyken til Breivik.

– Dersom retten oppnemner nye sakkunnige som Breivik nektar å snakka med, vil ikkje ein ny rapport få same faglege tyngda som den eksisterande rapporten, meiner psykologspesialist Pål Grøndahl.

– Samtalane er heilt avgjerande

Pål Grøndahl

Ved å snakka direkte med gjerningspersonen over lengre tid, kan rettspsykiatrane avdekkja teikn til sinnssjukdom, seier psykolog og forskar Pål Grøndahl.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Den erfarne rettspsykologen har ved fleire høve gjort seg opp ei meining om personar ved å lesa saksdokument, for så å endra oppfatning fullstendig etter å ha snakka med vedkommande.

– For oss rettspsykiatriske sakkunnige er samtalane med gjerningsmannen ofte heilt avgjerande for den endelege konklusjonen, seier Grøndahl.

Den sakkunnige rettspsykiaterduoen Synne Sørheim og Torgeir Husby konkluderte i slutten av november i fjor med at Breivik er paranoid scizofren og strafferettsleg utilrekneleg.

I tillegg til politidokument og helseopplysningar, baserte Sørheim og Husby seg på 13 samtalar på totalt 36 timar som dei sjølve hadde med Breivik i fengselet.

Overlege og psykiatrispesialist Kjersti Narud

Overlege og psykiatrispesialist Kjersti Narud.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Både Grøndahl og yrkesfelle Kjersti Narud meiner at dei sakkunnige sitt personlege møte med massedrapsmannen var heilt sentrale for oppfatninga dei fekk av han.

– Kva tenkte han då han skaut alle desse menneska på Utøya? Kva kjensler dukkar opp hjå han når han tenkjer på ugjerningane sine i ettertid? Inntrykket rettspsykiatrane får gjennom direkte samtalar med Breivik er heilt essensielle for å kunne svara på mandatet dei har fått frå retten, seier psykiatrispesialist Narud.

Det er også viktig for dei sakkunnige å få snakka med den aktuelle personen fleire gonger over lengre tid for å avdekkja om personen er psykisk sjuk og utilrekneleg.

– Alvorleg sjuke kan framstå som samla og snakka fornuftig i første omgang, men over lengre tid vil dei bli trøytte av å lata som, og ikkje lenger greia å skjula personlegdomen sin. Først då kjem symptoma til syne, opplyser Grøndahl.

Retten vurderer å be om ny rapport

Den eksisterande rapporten er omstridd. Breiviks diagnose som paranoid schizofren har vore gjenstand for krass debatt heilt sidan konklusjonen blei kjend i slutten av november. Mange er kritiske til at Breivik skal få straffefritak og i staden bli behandla ved ein psykiatrisk institusjon.

Oslo tingrett har difor bede partane i saka om å seia ifrå dersom dei ønskjer nye sakkunnige til å laga ein ny rettspsykiatrisk rapport. Fleire bistandsadvokatar tek til orde for ei ny rettspsykiatrisk vurdering, medan påtalemakta og Breivik sjølv seier nei.

Tingrettsdommarane tek truleg den endelege avgjerda om nye sakkunnige fredag denne veka.

(Saka held fram under biletet)

Granli Dikemark

Ein eventuell tvangsobservasjon av Anders Behring Breivik kan bli gjennomførd ved Dikemark regionale tryggingsavdeling i Bærum.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

Dersom dei oppnemner nye sakkunnige, vil desse to først få tilgang til alle politidokument og rapporten til Husby og Sørheim. Dei vil også be om samtalar med Breivik. Den terrorsikta 32-åringen er plikta til å møta rettspsykiatrane, men kan deretter nekta samtale.

Då kan dei sakkunnige be retten om å nytta Straffeprosesslova §167 om tvungen observasjon på døgnbasis, som alternativt grunnlag for ei ny rettspsykiatrisk erklæring.

– Tvungen observasjon er betre enn ingen observasjon, men gjev uansett eit dårlegare grunnlag for ei rettspsykiatrisk vurdering samanlikna med samtalar med Breivik, meiner psykiatrispesialist Narud.

Flytta til psykiatrisk sjukehus

Vanleg praksis for tvungen observasjon er å flytta pasienten til ei lukka avdeling på eit psykiatrisk sjukehus. Observasjonen skjer 24 timar i døgnet i ein periode på maks fire veker, og blir ikkje utførd av dei sakkunnige sjølve.

Føremålet med innlegging er å ha eit kvalifisert behandlingsteam rundt seg, som utarbeider journalnotat og miljørapportar som dei sakkunnige får tilgang til. To-tre fagpersonar vil til eikvar tid vera til stades på avdelinga og observera Breivik nøye.

– I prinsippet skal ein person som er under tvungen observasjon delta i aktivitetar og rutiner slik som andre pasientar på sjukehuset. Målet er å sjå korleis personen oppfører seg og fungerer i interaksjon med andre menneske, forklarer psykologspesialisten Grøndahl.

Grøndahl påpeikar at samhandlinga med medpasientar i Breivik sitt tilfelle kan bli avgrensa på grunn av tryggingsomsyn.

– Observasjonen kan også gå føre seg på ei skjerma avdeling, men dette er i prinsippet lite føremålstenleg. Poenget med observasjonenen er å få eit inntrykk av pasienten i interaksjon med andre, seier han.

AKTUELT NÅ