Hopp til innhold

Breivik krev seg lauslaten: – Han har førebudd ei omfattande forklaring

Tysdag startar rettssaka der Anders Behring Breivik krev å bli sett fri frå fengselet.

Ankesaken til Anders Behring Breivik mot staten.

VIL UT: Anders Behring Breivik meiner sjølv at han har sona lenge nok. Her saman med forsvarar Øystein Storrvik.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Han sit på forvaring og minstetida er gått ut. Då har han moglegheit til å få spørsmålet om vidare opphald i lukka fengsel prøvd for ein domstol. Det er det han ønskjer.

Det seier Breivik sin forsvarar, Øystein Storrvik, til NRK.

Han fortel at han saman med Breivik har jobba med det som skal leggjast fram for tingretten.

– Kva kjem Breivik til å seia i retten?

– Han har førebudd ei omfattande forklaring i retten, og eg ynskjer ikkje føregripa det, seier Storrvik.

VIDEO: Tingrettsdommer Ina Strømstad forklarer.

Har rett til å krevja seg lauslaten

Anders Behring Breivik, som også har underteikna kravet med signaturen Fjotolf Hansen, blei sommaren 2012 dømd til 21 års forvaring for terrorhandlingane på Utøya og i regjeringskvartalet.

Minstetida blei sett til det maksimale av det lova tillét, som var ti år då dommen blei kunngjord.

Då dommen fall mot Breivik i 2012 påpeikte Oslo tingrett at han har uttrykt at han vil halda fram kampen bak murane, og at han meiner at vald er nødvendig for å nå dei politiske måla sine.

Ankesaken til Anders Behring Breivik mot staten.
Foto: Lise Åserud / NTB

– Dette inneber at tiltalte også etter at han har sona 21 års fengselsstraff, vil vera ein svært farleg mann, konkluderte dommarane, med tilvising til den rettspsykiatriske vurderinga.

Ti år etter massedrapa 22. juli, idet minstetida for forvaringsstraffa gjekk ut, nytta den terrordømde 42-åringen seg av retten til å krevja seg lauslaten på prøve.

– Ein fare for samfunnet

Påtalemakta har motsett seg ei lauslating og saka må difor behandlast av retten.

– Påtalemakta meiner at Breivik oppfyller vilkåra til forvaring – at han framleis er ein fare for samfunnet her ute, seier statsadvokat Hulda Karlsdottir til NRK.

Karlsdottir seier at bakgrunnen for denne vurderinga blant anna er dokument frå Kriminalomsorga, risikovurdering frå psykiater og fengselet si eiga innstilling med grunngiving om kvifor kravet til Breivik ikkje bør takast til følgje.

Statsadvokat Hulda Karlsdottir

Statsadvokat Hulda Karlsdottir seier at påtalemakta framleis meiner at Breivik er ein fare for samfunnet.

Foto: Roy Pettersen / NRK

Spørsmålet tingretten no skal svara på er om Breivik, som drap 77 menneske, framleis er så farleg at samfunnet treng ekstra vern mot han. Om det er tilfellet, blir han sitjande. Om han ikkje blir rekna som farleg, så kan han prøvelauslatast med vilkår for prøvelauslatinga.

Har åtvara om å stola på Breivik

Retten har sett av tre dagar til hovudforhandlinga av saka.

Den første dagen i retten, tysdag 18. januar, held Karlsdottir innleiingsføredrag som forsvarar Øystein Storrvik får koma med merknadar til.

Vidare skal Anders Behring Breivik forklara seg for retten og bli eksaminert av aktor og forsvar. Det er sett av ein time og eitt kvarter til den frie forklaringa hans, etterfulgt av utspørjing frå partane.

Dommaren har høve til å stoppe filminga og forklaringa, dersom han ikkje held seg til saka.

Onsdag startar bevisføringa med vitneforklaringar.

Pär Öberg, profilert medlem av nazistorganisasjonen som kallar seg Den nordiske motstandsbevegelsen i Sverige, skal vitna onsdag morgon. Det er Breiviks forsvarar Øystein Storrvik som har ført han som vitne.

Etter Öberg, skal psykiater Randi Rosenqvist vitna.

Psykiater Randi Rosenqvist.

Psykiater Randi Rosenqvist skal vitna i Breivik-rettssaka.

Foto: Lise Åserud / NTB

Randi Rosenqvist, som er tryggingsansvarleg psykiater i fengselet og har skrive fleire risikovurderingar om Breivik, har ved fleire høve åtvara mot å stola på han.

Ho stadfestar at ho skal vitna i retten.

– Eg skal gjera greie for den psykologiske utviklinga Breivik har gått gjennom i den tida han har sete i forvaring, seier ho til NTB.

Har rett på ny prøving kvart år

I teorien kan ein forvaringsdømd bli sitjande inne resten av livet.

Når maksimaltida er gått ut, kan retten forlengja straffa med eitt til fem år eit uavgrensa tal gonger viss påtalemakta ber om det og vilkåra er innfridde.

Tilsvarande har forvaringsdømde rett til å be om ei ny rettsleg vurdering så fort minstetida er ute.

For kvar gong retten nektar prøvelauslating, kan den forvaringsdømde søkja på nytt etter eitt år.

– Eg har veldig stor forståing for at dei som har vore direkte råka av dette tykkjer det er veldig, veldig belastande at saka kjem opp igjen, seier Ina Strømstad, tingrettsdommar Oslo tingrett.

Tingrettsdommer Ina Strømstad

Tingrettsdommar Ina Strømstad seier ho er sikker på at retten fattar den riktige avgjerda.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Samstundes peiker ho på at rettssystemet må vera slik.

– Fordi denne straffa er tidsuavgrensa, så må det gjerast ein kontroll med jamne mellomrom om vilkåra framleis er til stades for å halda han på forvaring. Rett og slett kontrollera om han er farleg eller ikkje, seier ho.

– Eg er heilt sikker på at retten gjer ei veldig grundig vurdering, dei får veldig mykje informasjon, som gjer at dei fattar den riktige avgjerda, legg Strømstad til.

Les også:

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger