Hopp til innhold

Breivik brevvekslar med mor si

Anders Behring Breivik er i kontakt med mora att for aller første gong sidan 22.juli.

Anders Behring Breivik i fengslingsmøte

Anders Behring Breivik skal ha eit nært men problematisk forhold til mora. No skriv dei brev til kvarandre, ifølgje VG.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Den terrorsikta 33-åringen brevvekslar med mor si frå cella i Ila fengsel, ifølgje opplysningar som VG har fått.

Ifølgje avisa har han både skrive brev til, og fått brev frå mora. Det er uvisst kven som tok initiativ til korrespondansen som skal ha starta nyleg. Korkje forsvararane til Breivik eller advokaten til mora vil stadfesta at det er kontakt mellom dei to.

«Ho er min akilleshæl»

ABB_gutterom_BRUK

Breivik flytta tilbake til guterommet i bustaden til mora i 2006, og blei buande der nesten fram til 22.juli.

Den kaldblodige massedrapsmannen skal ha eit nært men problematisk forhold til mora, som han budde saman med medan han planla 22.juli-terroren og skreiv det såkalla maifestet sitt.

Han flytta heim på guterommet på Skøyen i Oslo i 2006. Der budde han fram til mai i fjor, då han flytta til Åsta Gard på Rena og fullførte produksjonen av kunstgjødsel-bomba.

Breivik har gjort det klart at han ikkje ønskjer å kalla inn mora eller andre familiemedlemmer til å vitna i rettssaka når den startar 16.april.

I samtalar med dei første sakkunnige rettspsykiatrane har Breivik skildra forholdet til mora som problematisk.

«Ho er den einaste som kan gjera meg emosjonelt ustabil. Ho er akilleshælen min», fortalde Breivik til psykiatrane under samtalane i fjor, har NRK fått opplyst.

Brevvekslar med mange meiningsfeller

Etter at brev- og besøksforbodet blei gjort om til kontroll før jul, og oppheva tidleg på nyåret, har Breivik fått mange hundre brev frå personar i Noreg og andre stader i verda.

NRK fortalde nyleg at terroristen er pennevenn med mange meiningsfeller på utsida av fengselsmurane. Terroristen er oppteken av om det såkalla manifestet hans har slått rot i samfunnet.

– Han er først og framst oppteken av å skriva brev til det han definerer som meiningsfeller, og dei han delar ideologien sin med. Han får mange brev i fengselet, både frå meiningsfeller og andre typar førespurnader. Han får ikkje støtte for handlingane, men det er nok fleire som deler ideologien hans. Ein del av desse personane har skrive tilbake til han, sa forsvarar Vibeke Hein Bæra til NRK.

AKTUELT NÅ