Hopp til innhold

Naboar redda bygda med hageslangar

Før brannvesenet nådde fram, heldt bygdefolket i Undredal brannen i sjakk. Det var fare for at trehusa like ved skulle ta fyr.

Brann Undredal

BRANN: Flammane var fleire meter høge på det meste.

Foto: Leif Inge Underdal

– Dette kunne ha blitt dramatisk, seier Sigbjørn Skarsbø i Undredal til NRK.

Lite vind, gode naboar og eit godt varslingsanlegg sytte for at brannen i Undredal i natt ikkje utvikla seg til ein storbrann.

Den vesle bygda består av trehus tett i tett. Stavkyrkja i Undredal er truleg bygdt rundt 1150. Derfor er tanken på ein storbrann her eit mareritt for redningsmannskapa.

Politiet blei varsla ved 03.30-tida natt til fredag om brann i eit naust. Brannen spreidde seg vidare til ein låve og fleire trebåtar som låg på land.

Brann Undredal

FRIVILLIGE: Fleire frivillige var med for å sløkke brannen.

Foto: Leif Inge Underdal

Naboar hjelpte til

– Alle naboane kom til og prøvde å sløkke brannen med hageslangar. Brannvesenet var raskt på plass, men dei hadde jo 20 minutt å køyre frå Aurland, seier Skarsbø.

– Hadde det vore litt vind, kunne nok mange hus gått tapt, trur nabo Leif Inge Underdal, som òg var på brannstaden i natt.

Han fortel at den gamle kyrkjebåten på Nærøyfjorden låg i naustet. No er han tapt.

Brannsjef Arvid Gilje roser naboanes innsats.

– Det er tett trehusbusetnad i Undredal. Så vi trykka på den store knappen, med bilar frå både Voss, Aurland og Lærdal. Men naboanes innsats var heilt avgjerande. Det var berre to meter til næraste hus. Eg trudde det hadde tatt fyr der, seier Gilje.

Brannvesenet tok over etter kvart. I natt jobba dei med å hindre at brannen skulle spreie seg vidare til trehusa like ved.

– Ingen personar er sakna eller skadde, men fleire skal ha evakuert seg sjølve. Det er eit visst potensial for spreiing. Nokre prøver å hjelpe til med å sløkke brannen, sa operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NTB i natt.

Vêrforholda på staden var gode, med lite vind.

Brannen i Undredal

Hadde brannsensor

Klokka 05.15 seier politiet til NRK at det ikkje er fare for at brannen skal spreie seg.

– Brannvesenet driver ettersløkking, vi er på staden og avhøyrer vitne, seier Halleraker.

– Hadde dei ikkje greidd å sløkke så fort, kunne det blitt gale. Eigaren hadde ein brannsensor i naustet, så han fekk raskt beskjed om brannen, seier Skarsbø.

– Eg vil takka for at dei hadde brannalarmanlegg. Utan det kunne brannen ha spreidd seg, seier brannsjef Arvid Gilje i Aurland.

Årsaka til brannen er så langt ukjend, skriv politiet i ei pressemelding klokka 06.20.

Tett på nabohusa

TETT: Bygningane ligg tett i Undredal. Det stor fare for spreiing.

Foto: Leif Inge Underdal