Hopp til innhold

Store brannskadar i ny Elkjøp-butikk – Snakk om fleire millionar tapt

Den nye butikken nær E18 i Bamble skulle opne til veka. – Forferdeleg trist, seier varehussjefen.

Bildet viser brannskadene på innsiden av bygget

Den nye Elkjøp-butikken skulle opna på onsdag. Inne var det stappfullt med nye varer.

Foto: Theodor Aasland Valen

Næringsbygget er heilt nytt. Butikken er på 2000 kvadratmeter.

Det er ein butikk som er under oppføring, og som etter planen skulle opne til veka, seier innsatsleiar i Sør-Øst politidistrikt Kim Stokke.

Brannmann på vei ut av brannbygget med oksygenmaske på.

Brannvesenet driv framleis med ettersløkking i bygget.

Foto: Theodor Aasland Valen

Var opningsklar

Butikken var opningsklar og full av nye elektroniske varer. Det er store tap.

– Det er ikkje godt å seia nøyaktig kor mykje, men det er snakk om verdiar for fleire millionar kroner som er tapt, seier operasjonsleiar Øystein Eikedalen i Sør-Øst politidistrikt.

Ordførar i Bamble Hallgeir Kjeldal skulle vera med på opninga onsdag.

– Me hadde planlagt storslått opning på onsdag. Det er ikkje noko moro. Det må vera tøft for Elkjøp. Dei har satsa på denne butikken og fleire av dei som jobba på butikken oppe i byen som no er lagd ned skulle ha jobba her.

Han trur ikkje det er moleg å redda bygninga.

– Det er jo ikkje noko eg har kompetanse på, men eg har snakka med dei som har sett opp bygget og dei seier at sjansane for det er liten. Det er sikkert mogleg å bruka delar av bygget, men noko må nok rivast ned og byggjast opp igjen.

Store skadar

like før klokka 10.00 på søndag fortel vaktleiar at brannvesenet framleis jobbar på staden med ettersløkking.

– Det er framleis stader i konstruksjonen der det er varme. Dei sløkkjer for at det ikkje skal kunna ta seg opp i igjen, seier Martin Haugen, vaktleiar Sør-Øst 110.

Like før klokka 15.00 stadfestar Martin Haugen, operasjonsleiar i Sør-Aust 110 at brannvesenet er ferdig på staden. Dei skal tilbake i kveld for å kontrollera at det ikkje er noko glør som ulmar under, seier han.

Kriminalteknikar Ole Einar Lauvåsdal har vore på staden i løpet av morgontimane og fortel om store skadar.

Det er sperrebånd rundt det nedbrente bygget

STORE SKADAR: Bygget har store skadar utvendig og innvendig.

Foto: Theo Aasland Valen

– Det ser ut som bygget har fått store skadar både innvendig og utvendig. Ut frå det eg såg frå døropning ser det ut som at inventaret er veldig øydelagt av brannen og mykje er tilgrisa av røyk og sot.

Kan de seie noko om brannårsak?

– Det er for tidleg å seia noko om. Først og fremst må brannvesenet bli ferdig på staden. Me skal avhøyre alle som kan ha opplysningar som kan vere interessante for vår del, for å finne ut av kor det starta og kvifor, seier Lauvåsdal.

Forferdeleg trist

Varehussjef i Elkjøp Simon Røch Lindquist er på staden. Han er djupt prega av hendinga.

– Eg og vi er mållause akkurat no.

Simon Lundkvist er varehussjef for Elkjøp.

Varehussjef Simon Røch Lindkvist er på staden. Han er djupt prega.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Butikken skulle ha opna onsdag til veka.

Det er forferdeleg trist og tragisk. Det viktigaste er at alle er trygge. At det ikkje var nokon tilsette i bygget når brannen oppstod. Det er aller viktigast.

Kva skjer med dei tilsette som skulle ha opna butikken til onsdagen?

Vi skal gjere alt vi kan for å vareta dei tilsette. Vi kjem til å gi dei informasjon fortløpande.

Eigedomsutviklar Vidar Tellefsen er utbyggar av feltet.

Det er veldig tragisk det som skjer. Det er kjempetrist for dei som skal jobbe der borte og dei som har gleda seg til å opne butikken.

Usikkert om Jysk får opne

Det nye næringsbygget er omringa av andre store butikkjeder.

Det er forventa at dei omkringliggjande bygga kan opne frå i morgon tidleg som vanleg. Det gjeld mellom anna Biltema, Megaflis og Thansen, seier Martin Haugen, vaktleiar Sør-Øst 110.

Vegg i vegg i same bygg ligg også det splitter nye varehuset til Jysk. Det er noko usikkert om Jysk får opne på måndag då det ligg i det aktuelle brannbygget.

– Vi har hatt røykventilering med vifter inne hos Jysk i heile natt. Det har ikkje vore synlege skadar inne hos dei. Det som er der av røyk er dei sikre på å få ut, seier vaktleiar Martin Haugen, som skryt av innsatsen til brannvesenet.

Full fyr

Politiet fekk melding om brannen klokka 20.18 laurdag. Då blei det observert røyk frå eit butikklokale på staden. Innmeldarar skal ha høyrt høge lydar og smell frå butikklokalet.

Brann i industribygg i Langrønningen, Bamble.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Det er flammar over tak, og masse ressursar på staden, seier Arild Reinartsen, vaktleiar på 110-sentralen.

Klokka 23.00 var det framleis flammar i bygget.

– Det brenn i veggen framleis. Dei veit ikkje om det brenn i butikken. Dei prøver å få røyken ut slik at dei kan sjå, seier innsatsleiar på staden, Nils Henrik Nilsen.

Søndag føremiddag er det framleis varme område i restane etter brannen. Politiet held på å sperre av området.

– Åstaden vil bli sperra av og det vil bli vektarar på staden som skal passa på at ingen går inn på området fram til vi får gjennomført kriminaltekniske undersøkingar når det er gjennomførbart. Det må bli mindre varmt og forsvarleg å jobbe på staden før det kan skje, seier Øystein Eikedalen operasjonsleiar i Sør-Øst politidistrikt.

Brann i industribygg i Langrønningen, Bamble.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Brannvesenet har sendt inn store ressursar og jobbar aktivt med sløkkingsarbeid.

– Det vil nok vere ein del vasskadar tippar eg, men vi trur veggane vil stå. Vi blir nok verande her i nokre timar seier Arild Reinartsen, vaktleiar på 110-sentralen.

Madeleine Schøyen Bergly
Foto: Bjørne Østrem Djukastein / Elkjøp

Kommunikasjonssjef i Elkjøp Noreg, Madeleine Schøyen Bergly, seier at ingen tilsette eller andre personar var i bygget.

– Det er vi djupt takksame for, seier ho.

Industribygg i full fyr i Bamble sett fra veien.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Brannvesenet er på plass med mannskap frå fleire tilgjengelege stasjonar i Grenlandsområdet. Dette omfattar mellom anna stasjonane i Bamble, Porsgrunn og Porsgrunn.

Veg stengd

Politiet sa fyrst at E18 som går like ved blir stengd, før dette blei endra til å gjelde fylkesveg 363.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark