Hopp til innhold

Bråk skremmer ikkje Høgre – vil slå saman fleire kommunar

Trass i år med strid og bråk: Høgre vil halde fram med å slå saman kommunar. Forslaget bør leggjast bort, meiner Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Dørum i søgne

STRID: Frontane har vore steile lokalt om kva som bør skje med den nye storkommunen Kristiansand. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum møtte lokalbefolkninga i fjor.

Høgre er uroleg for at mange kommunar i framtida ikkje vil klare å levere dei tenestene dei skal, fordi dei er for små.

– Då meiner vi det viktigaste ein kan gjere framover, i tillegg til å styrkje kommuneøkonomien, er at fleire kommunar slår seg saman og får meir robuste fagmiljø, seier kommunalpolitisk talsperson Mudassar Kapur til NRK.

Høgre-leiar Erna Solberg teikna i løpet av dei åtte åra sine som statsminister kommune- og fylkeskartet på nytt: 428 kommunar vart til 356, og talet på fylke vart kraftig redusert.

Men det skjedde ikkje utan svært mykje bråk og politisk støy, både nasjonalt og lokalt – ei uro som framleis halvtanna år etter regjeringsskiftet pregar nyheitsbiletet.

I desse dagar ventar den nye storkommunen Kristiansand på lagnaden sin: Skal Søgne og Songdalen skilst ut og igjen bli sjølvstendige kommunar?

Les også Søgne-suppa

teamsmøte

«Naboprat»

Men Kapur lèt seg ikkje skremme av bråk. Han fryktar mange kommunar i framtida ikkje vil greie å levere lovpålagde tenester innan barnevern, psykiatri, helse og skule, «rett og slett fordi dei er så små at dei ikkje har gode nok kompetansemiljø.»

Konkret ber han Høgre-styrte kommunar ta «nabopraten» og drøfte samanslåing.

Men Høgre-toppen vil førebels ikkje seie kva for nokre økonomiske tiltak som kan bli tekne i bruk for å få fleire kommunar til å slå seg saman. Han kan heller ikkje avklare om Høgre ser for seg å bruke tvang.

– Tvang ligg ikkje på bordet no. Vi har eit vedtak på at det er nabopraten som skal gjelde framover, og det er også det som har vore linja vår hovudsakleg tidlegare.

Mudassar Kapur (H)

SAMANSLÅING: Høgres kommunalpolitiske talsperson Mudassar Kapur.

Foto: William Jobling / NRK

– Har også Høgre innsett at frivillig samanslåing er det beste?

– Vi må hugse på at over 96 prosent av dei som bur i ein samanslått kommune i dag, bur i ein frivillig samanslått kommune, seier Kapur.

Høgre fryktar færre innbyggjarar, men fleire eldre vil gjere det endå vanskelegare for små kommunar i distrikta å levere dei tenestene dei skal. Då vil forskjellen mellom norske kommunar auke, fryktar partiet.

Kapur har leidd arbeidet med kommunepolitikken til partiet fram mot landsmøtet i slutten av mars. Det er viktig å «føre vidare kommunereforma for å få større og meir robuste kommunar med tilgang på god fagkompetanse», står det i resolusjonen.

– Høgre vil halde fram kommunereforma og avvikle fylkeskommunen, heiter det ganske enkelt i teksten.

– Bør leggjast bort

Senterpartiet gjorde i opposisjon motstand mot regions- og kommunereforma til ein av sine viktigaste saker. Partiet lova før 2021-valet reversering av tvangsvedtak, der dette var eit ønske, viss partiet fekk makt.

– Det vart brukt store ressursar når Høgre var i regjering sist på såkalla naboprat og tunge prosessar. Det var dyrt, det skapte mykje uvisse, mykje uro, seier Sp-leiar og finansminister Vedum.

Han er ikkje i tvil om kva Høgre bør gjere med forslaget:

– Dei bør leggje det bort.

Trygve Slagsvold Vedum i Søgne

PRESSA: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og regjeringa har slite med å få til ei oppdeling av den nye storkommunen Kristiansand. Det er nemleg sterkt delte meiningar lokalt om kva som bør skje.

Foto: Lars Nehru Sand / Lars Nehru Sand

Det har likevel ikkje vore nokon enkel jobb for den nye regjeringa å splitte opp samanslåtte kommunar. Førebels er det einaste konkrete resultatet etter valet at Haram har vorte skilt ut frå Ålesund.

Blant fylka har det derimot skjedd meir: Viken blir delt opp i dei gamle fylka Østfold, Akershus og Buskerud, og både Vestfold og Telemark og Troms og Finnmark blir delt i to igjen.

– Ideen til Høgre om at det er billigare berre det blir større, er feil. Det blir ofte meir byråkratisk og lengre avstandar, seier Vedum.

– Men ein frivillig naboprat om samanslåing, er ikkje det ein god idé også for Senterpartiet?

– Alle kan jo snakke med naboen uansett. Ein treng ikkje å setje i gang store, tunge prosessar på det. Det høyrest jo fint ut, men vi hugsar kva som skjedde sist. Det vart ein slags «tvangsnaboprat» og tvangssamanslåing, seier Sp-leiaren.

Les også Viken går, men mye består: – Symbolpolitikk

Viken Fylke

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger