Hopp til innhold

Bondevik: Boikott bør vurderast

Tidligare statsminister Kjell Magne Bondevik meiner regjeringa bør vurdere ein boikott av opningsseremonien under Bejing OL.

Kjell Magne Bondevik
Foto: Jon Petrusson / NRK

- Eg meiner at situasjonen er så alvorleg at boikotting av opningsseremonien bør vurderast, seier han.

NETT-TV: - Feil å avvise boikott

- Kan vere nødvendig

I går avviste statsmininister Jens Stoltenberg boikott, men leiaren av Oslosenteret for fred og menneskerettigheter trur ein boikott kan vere nødvendig.

- Det internasjonale samfunnet kan ikkje berre sitje roleg å sjå på korleis situasjonen utviklar seg, seier Bondevik.

Støtte fra Jagland

Bondevik meiner Kina må skjerpe seg dersom landet skal unngå boikott.

- Det må vere ei vilje fra Kinas side til ein betring av situasjonen og til en dialog med det internasjonale samfunnet om politikken i forhold til menneskerettane, seier han.

Også stortingspresident Torbjørn Jagland er kritisk. Han seier til Aftenposten at leikane ikkje kan rivast laus frå resten av verda.

AKTUELT NÅ