Hopp til innhold

Bondevik held tett om Serbia-bombing

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) held framleis tett om kva som var grunnen til å seie ja til å bombe Serbia i 1999.

Kjell Magne Bondevik
Foto: Jonas Sætre / NRK

Sentralstyret i Kristeleg Folkeparti har sagt ja til å offentleggjere dokumenta, dersom papira ikkje er gradert av tryggingsomsyn, men Bondevik står fast på sitt.

– Regjeringsnotat er per definisjon ikkje offentlege. Dei blir berre unntaksvis

frigjorde, og eg ser ingen god grunn til å gjere det i dette tilfellet, seier Bondevik til VG.

– Hadde god nok grunn

Han understrekar at han meiner avgjerdsgrunnlaget for å sleppe bomber over Serbia var godt nok i 1999, og valet om å gå til militært åtak var det rette.

LES OGSÅ: Har EU forhindra ny krig på Balkan?

LES OGSÅ: – Utdelingen vanner ut Alfred Nobels ønsker

– Ja, eg meiner regjeringa hadde godt nok grunnlag for avgjerdene våre, som det elles var brei tverrpolitisk slutnad om, seier Bondevik.

Saknar ærlegdom

Forfattar og journalist Kristian Kahrs, som bur i Beograd, skal skrive bok om den norske militære innsatsen for å beskytte Kosovo i 1999.

For å gjere det, har han bede om innsyn i dokumenta frå Bondevik-regjeringa.

Kahrs var presseoffiser for dei norske styrkane i Kosovo under krigen.

LES OGSÅ: Norsk krigshelt spionerte for NATO

– Vi hadde ikkje nokon nasjonale interesser å forsvare med å gå til krig mot Jugoslavia, kanskje sett vekk ifrå at vi kunne risikere at USA ikkje hjelpte oss dersom det skulle oppstå ein krisesituasjon i Nord-Noreg, seier han.

– Det er denne ærlegheita eg saknar frå medlemane av Bondevik-regjeringa, held han fram.

Bakgrunn:

Noreg gjekk som ein del av ei NATO-styrke. til krig mot Serbia i 1999 for å stoppe det ein såg på som serbarane si etniske reinsing i Kosovo.

LES OGSÅ: «Takk til det norske folk»

Bakgrunnen er at i 1989 blei Milošević president, og starta eit ultranasjonalistisk prosjekt med å foreine alle etniske serbarar i eit Stor-Serbia, som førte til mykje ulukke på Balkan.

Prosjektet blei gjennomført med militær makt og Jugoslavia blei difor utestengd av FN i 1992. Massakrane i Kosovo starta i 1998, som resulterte i at NATO bomba Serbia til dei trekte seg tilbake.

Etter krigen flykta 200 000 serbarar frå provinsen etter albanske hemnåtak. Kosovo erklærte seg som sjølvstendig stat februar 2008.

AKTUELT NÅ