Hopp til innhold

Bompengepartiet meiner imaget er «fullstendig feil»

Mobbeombod, eingongsplast og fleire lærarar – Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) har fleire saker å by på enn bompenge-nei. Men valforskar mener dei er og blir eit einsaksparti.

Bompengemotstandere står på en bru over en bilvei i Sandnes og demonstrerer mot bom. Oktober 2018

Bompengemotstandarar står på ei bru over ein bilveg i Sandnes og demonstrerer mot bom i oktober 2018.

Foto: Ole Andreas Bø

Bompengepartia er i vinden og blir av konkurrentane skulda for å vere opptekne av berre ei sak – å fjerne bomringane. Det er eit image FNB-toppane helst vil bli kvitt.

Frode Myrhol

Frode Myrhol i Stavanger FNB meiner bompengar påverkar alle samfunnsområde.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Det er jo heilt fullstendig feil. Vi har eit fullverdig program. Vi dekkjer alt, alle område. Vi dekkjer oppvekst, levekår, kultur og idrett, miljø og utbygging, byutvikling og næring, seier Frode Myrhol i Stavanger FNB.

Også fyrstekandidat i FNB Oslo, Bjørn Revil, avviser sterkt at dei er eit einsaksparti.

Bjørn Revil, Folkeaksjonen nei til mer bompenger

- Vi har 122 saker på programmet, seier fyrstekandidat i FNB Oslo, Bjørn Revil

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Vi har lagt merke til at dei andre partia nærmast konsekvent omtaler oss som eit einsaksparti. Eg trur rett og slett det er ein form for strategi for å veikje partiprogrammet vårt. Vi har saker på programmet for alle dei viktigaste politikkområda lokalt, seier han.

Så kor opptekne er dei eigentleg av samfunnet utanom bomringane?

Barn og skule på topp

Ein gjennomgang NRK har gjort av partiprogramma til FNB i Bergen, Oslo, Sandnes og Stavanger viser at dei også har andre saker på programmet, som fleire lærarar i skulen, halde på sprøyterom for rusavhengige, slutte med eingongsplast og opprette mobbeombod.

I ordskyen under kan du sjå sakene som går oftast att i dei fire partiprogramma samanlagt.

Merk at partiet er negativt til vegprising, men det er altså eit ord som blir nemnd ein rekke gangar i partiprogramma.

Dette er FNB oppteken av

Dette er sakene som går mest att i partiprogramma til FNB i Stavanger, Oslo, Bergen og Sandnes.

Grafikk: WordCloud / NRK

Ordskyen er basert på teksten frå alle dei fire partiprogramma til Bergen, Oslo, Sandnes og Stavanger. NRK har luka bort vanlege ord og slått saman ord som betyr det same, men har ulik ending. Om ein ser på saker, er dei mest brukte orda i partiprogramma skule, barn og barnehage. Deretter kjem bydelane, sentrum, trafikk, næringsliv, arbeid, byen og bompengar.

Trafikkrelaterte ord er altså viktig, men skule og barn kjem på topp.

Det er likevel skilnad mellom programma kor mykje desse to orda blir nemnd. Det er i Stavanger FNBs partiprogram at barn og skule er mest nemnt, og Sandnes FNB heng hakk i hel.

– Ville ikkje eksistert utan bom

Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking meiner partiet gjer ein heiderleg innsats for å breidde partiets politikk, men at dei er og blir eit einsaksparti.

Johannes Bergh

Valforskar Johannes Bergh held fast på at FNB er eit einsaksparti.

Foto: TOM INGEBRIGTSEN/NRK

Det er ei sak som er mykje viktigare enn dei andre, og utan den saka ville ikkje desse listene eller partia ha eksistert, seier han.

Sjølv om partiprogramma også inneheld andre saker, er bompengar og transport knytt til det aller meste.

– Dei forsøker å få den saka inn på mange område. Og på nokon punkt har dei jo rett. Det å gi billigare kollektivtransport til dei eldre til dømes, kunne jo henge saman med eldreomsorga i kommunen meir generelt, seier Bergh.

Gratis parkering

Frode Myrhol i Stavanger FNB vedgår at bompengar og transport grip inn i alle samfunnsområde.

– Transport er vesentleg for det meste. Utan god infrastruktur stoppar ting opp, seier Myrhol.

– Vi har jo starta dette partiet på grunn av at dette gir store, auka, sosiale og økonomiske skilnadar. Og det bidreg til at det berre er dei rikaste som kan køyre langs vegane.

Også parkeringsplassar er eit hyppig emne i fleire av partiprogramma.

Til dømes er FNB i Oslo under tittelen «Helse og omsorg» oppteken av å sikre gratis parkering til folk som er engasjerte i frivillig arbeid og til dei som er brukarar av helsetilbod og familiane deira.

Vidare vil dei ta tak i reduksjonen av parkeringsplassar fordi det har ført til endra køyremønster og «auka tidsbruk for heimehjelpa, og hatt ei negativ verknad på tenestetilbodet».

Bjørn Revil i FNB Oslo meiner likevel ikkje at interessa for transport er altovergripande politisk.

– Fleirtalet av sakene våre handlar ikkje om transport eller parkeringsplassar. Men problemet i Oslo er at parkeringsrestriksjonane er så massive, at veldig mange menneske spør oss om å gjere noko på dei områda der, seier han.

AKTUELT NÅ