Hopp til innhold

Bompengeopprøret stansar mange vegprosjekt

Folkeleg motstand mot bompengar har gitt mange lokalpolitikarar kalde føter. Stadig fleire bompengefinansierte vegpakkar blir lagde på is.

Banner mot bompengar i Bergen

Motstanden mot bompengar har gripe om seg. Her frå ein demonstrasjon i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Torsdag var det politikarane i Arendal som sa nei til ein bomring rundt byen . Politikarane i sørlandsbyen gjer det klart at nok er nok, og dei vil heller ikkje godta vegprising, som blant andre Arbeidarpartiet har gått inn for.

Ordførar i Arendal, Robert Cornels Nordli (Ap) krev at regjeringa må kome på banen. Vi treng ein ny bompengepolitikk, seier han blant anna. Han får støtte frå ordføraren i Kristiansand, Harald Furre (H).

Det er nå tvil om lagnaden til bompengeprosjekt over heile landet.

Sørlandet

Vedtaket i Arendal får konsekvensar for fleire andre kommunar i nærleiken, slik som Grimstad, Froland og Tvedestrand. Også i Kristiansand blir bompengeprosjekt sett på vent til sentrale styresmakter tek ein større del av kostnadene, seier ordførar Harald Furre (H).

Buskerud

Onsdag vart Buskerud utviklingspakke II stansa av kommunestyret i Nedre Eiker . Frå og med neste år blir Nedre Eiker saman med Svelvik ein del av Drammen kommune. For at utviklingspakken skulle ha blitt ein realitet, måtte alle kommunane i den nye storkommunen gitt si støtte.

– Konsekvensen blir blant anna eit dårlegare busstilbod, seier administrerande direktør i busselskapet Brakar, Terje Sundfjord til NRK.

Oslo

Oslo-byrådet har gjort det klart at det ikkje blir snakk om å gjere endringar i bompengeplanane i Oslo. Her blir det 83 nye bomstasjonar i og på grensa til Oslo fordelte på tre bomringar. Frp har teke til orde for å droppe den såkalla Oslo-pakken, men truleg er det fleirtal for å byggje.

Hordaland

Fleire andre store veg- og kollektivprosjekt står i fare for å bli vraka. Eitt av dei mest omtalte er bypakken i Bergen. Her kom bompengemotstandarane inn som ein virvelvind, og varsla at dei ville stille liste ved valet i september. I dag er status at bypakken er utsett til etter kommunevalet, og bompengelista er størst på meiningsmålingane .

Det knyt seg stor spenning til kva som vil skje med bompengeprosjekta om bompengemotstandarane får politisk makt i Bergen.

Nå skal bompengemotstanderne lære seg politikk

Sogn og Fjordane

Den såkalla Førdepakken ser ut til å bli realisert, men planane om bompengar mellom kommunane Dale og Gaular møter sterk motstand. Bompengemotstandarane vil truleg få innpass i nye Vestland fylkeskommune, og då er også dette prosjektet i fare .

Rogaland

Folkeaksjonen mot bompengar i Rogaland i fjor haust sette i gang det nasjonale bompengeopprøret. Det er uvisst kva som skjer med planane vidare.

Trøndelag

Trøndelag har ikkje merka noko til bompengeopprøret enno, men dette kan endre seg når bommane blir sette opp på nye E6 gjennom fylket. Blant dei som er uroa er stortingsrepresentant Kirsti Leirtrø (Ap), som sit i transportkomiteen.

– Eg er alvorleg uroa for kostnadene ved å køyre mellom Trondheim og Steinkjer. Det blir snakka om 300 kroner for å køyre heile den nye vegen. Når bilistane må betale, blir også Trøndelag moden for eit bompengeopprør, seier ho til Trønder-Avisa.

Telemark

Kommunestyret i Porsgrunn har inntil vidare lagt på is den nye byvekstavtalen, som omfattar Porsgrunn, Siljan, Skien og Bamble. Årsaka skal blant anna vere usemje mellom Skien og Porsgrunn om bompengebelastninga.

Troms

Det kan bli omkamp om bompengane også i Tromsø. Ordførarkandidaten til Høgre, Hans-Petter Kvaal, sa i eit intervju med VG at partiet hans innser at bilistane må betale for nye, naudsynte prosjekt. Men det er ein diskusjon om kor mykje meir bilistane kan bidra med, seier han til avisa.

Oppland

Bommane ligg tett langs den nye E6-strekninga gjennom Gudbrandsdalen, og mange

– Bompengar er som aktiv dødshjelp

– Vil ta lengre tid

Statsminister Erna Solberg (H) sa til NRK onsdag at utan bompengar vil det ta lengre tid å byggje veg og bane.

– Det er lokale politikarar sitt ynskjer om å handtere utfordringar i sine område som gjer at vi har denne typen pakkar. Om dei ikkje har støtte, må vi ordne dette på andre måtar. Og det vil ta lengre tid. Ein av grunnane til at vi har bompengar er at alle ynskjer å byggje vegar og bane mykje raskare.

Med eitt har alle dei politiske partia her i landet blitt motstandarar av dagens bompengesystem. Samstundes er det ikkje fleirtal på Stortinget for til dømes å innføre vegprising, eit system der lengda på køyreturen samt når køyringa skjer, blir avgjerande for kor mykje ein skal betale.

NAF: – 95 prosent vil bestå

Ifølgje Statens vegvesen vil folk som er avhengige av å bruke bilen i kvardagen betale 13 milliardar i bompengar. det er ein auke på 2,5 milliardar berre dei to siste åra. I årets reviderte nasjonalbudsjett løyver regjeringa 200 millionar kroner til å redusere bompengebelastninga, i tillegg til 500 millionar som alt ligg i statsbudsjettet.

NAF meiner det monnar lite, det betyr at 95 prosent av bompengane vil bestå.

AKTUELT NÅ