Hopp til innhold

Bompengepartitopp rasar mot bergenspressa

Dei siste dagane er det skrive fleire kritiske saker om leiaren av bompengepartiet i Bergen. Etter å ha først ikkje ønska å kommentere sakene, gjekk Trym Aafløy til angrep på bergenspressa i Dagsnytt 18.

Debatt i Dagsnytt 18 om leiaren for bomengelista i Bergen sin leiarstil, etter oppslag i Bergensavisen og Bergens Tidende.

Debatt i Dagsnytt 18 om leiaren for bompengelista i Bergen sin leiarstil, etter oppslag i Bergensavisen og Bergens Tidende.

Toppkandidaten til Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB), som ifølge fleire meiningsmålingar er Bergens største parti, var tidlegare dagleg leiar på ein kafe i Bergen.

Lokalpressa har snakka med fleire tidlegare tilsette og gjester. Bergensavisen har intervjua tidlegare tilsette som fortel om korleis dei vart skjelte ut og trakasserte av Aafløy.

Bergens Tidende fylgde opp i dag med intervju av tidlegare gjester på kafeen. Dei fortel at dei reagerte sterkt på korleis Aafløy behandla dei tilsette, og at dei derfor slutta å gå dit.

Også NRK og VG har omtalt saka.

– Vondskapsfullt

Trym Aafløy kallar oppslaget i Bergensavisen for direkte vondskapsfullt, medan Bergens Tidende får høyre at dei er slemme.

Han starta med å seie at han er ein sterk tilhengjar av ei fri og uavhengig presse.

Han sa likevel at han ynskjer ein debatt om kva som skal til før nyheitsmedium publiserer utsegner frå enkeltpersonar, påstandar som ikkje kan dokumenterast eller er omstridde.

– Spørsmålet er om media stiler strenge nok krav til sanningsgehalten i dei påstandane som blir publiserte, sa Aafløy blant anna.

Han minte også om at sidan dei som står fram i Bergensavisen er anonyme, så veit han ikkje kven alle er. Han viste også til den teieplikta han har overfor tidlegare tilsette når det gjeld å kommentere dei konkrete påstandane.

Framståande plass

Sjefredaktør i Bergensavisen, Sigvald Sveinbjørnsson, gjorde det klart at sidan Aafløy kan kome til å få ein svært framståande plass i styringa av Bergen kommune etter valet i september, så er det viktig å finne ut korleis han har vore som leiar tidlegare.

Han sa også at dei tidlegare tilsette i kafeen som har uttalt seg, ikkje ville stå fram med fullt namn fordi dei frykta å bli hetsa i kommentarfelta.

Aafløy spurde kvifor ikkje Bergensavisen hadde snakka med personar han er leiar for no, dei rundt 50 medlemene i Nei til meir bompengar i Bergen og dei rundt 30 som er på vallista til partiet.

Til dette repliserte Sveinbjørnsson at det i artikkelen går fram at personar på lista eller i partiorganisasjonar har eit anna syn på Aafløy enn dei tidlegare tilsette i kafeen.

Utskjelling og trakassering

Bergens Tidende har snakka med fleire tidlegare gjester på kafeen Aafløy dreiv over ein 12-årsperiode. Dei har fortalt at dei opplevde at Aafløy skjelte ut medarbeidarar framfor gjestene, og at dei slutte å gå til kafeen på grunn av dette.

Nyheitsredaktør Jan Stian Vold i Bergens Tidende grunngir oppslaget der tidlegare gjester uttalte seg med at det er viktig at folk i Bergen får mest mogleg kjennskap til kva leiareigenskapar leiaren for den mest populære vallista har.

Han gjorde det klart at Bergens Tidende har jobba sjølvstendig og grundig med denne saka, og at det ikkje har lukkast dei i å finne tidlegare tilsette i kafeen eller gjester som har eit anna syn enn det som har kome fram i artikkelen.

AKTUELT NÅ