Bolstad: – Ingen god dag for norsk politi

Leiar for Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, meiner dommen mot Eirik Jensen er knusande og alvorleg.

Dom mot Eirik Jensen og Gjermund Cappelen

Eirik Jensen på veg inn i rettssalen for å få dommen lest opp.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Tidlegare politimann Eirik Jensen blei i dag dømt til 21 år fengsel for grov korrupsjon og for å ha medverka til grov narkotikakriminalitet. Forsvararen hans, John Christian Elden, seier dei kjem til å anke saka.

Leiaren i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, kallar dommen for knusande.

– Dagen i dag er ingen god dag for norsk politi. Etter den mest alvorlege tiltalen mot ein politimann etter 2. verdskrig, er dette ein knusande dom.

Alvorleg for politiet

Organiserig av politidistrikter, Sigve Bolstad: Forbundsleder

Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund kallar dommen knusande, sjølv om han ikkje er rettskraftig.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Han understrekar at dommen framleis ikkje er rettskraftig, men seier saka likevel er alvorleg for politiet.

– Politiet er avhengige av tillit for å kunne løyse det samfunnsoppdraget og oppgåvene dei er sett til å utføre.

Samtidig seier han at denne saka har vore ei stor belastning for Jensen personleg:

– Han har gjort mykje godt politiarbeid, og levert mange gode resultat. Han har arbeidd med eit miljø som det har vore tøft å jobbe i, som no har kome fram i lyset.

Bolstad får støtte frå tidlegare etterforskingsleiar i Oslo-politiet Leif A. Lier. Han var også sjefen til Jensen i halvanna år på midten av 1990-talet:

– Dersom tingretten har rett, er dette ein trist dag for Eirik Jensen og for norsk politi.

Politileiarar utan mistanke

Leif A. Lier

Leif A. Lier var sjefen til Eirik Jensen på midten av 1990-talet. Han seier han aldri hadde mistanke mot Jensen.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Men Lier spør seg kvifor alt som har kome fram i retten ikkje blei oppdaga tidlegare, dersom det stemmer.

– Eg har aldri hatt mistanke knytt til Eirik Jensen. Verken då eg var sjefen hans, eller då eg var sjef i etterretningsseksjonen.

Heller ikkje tidlegare politimeister i Oslo, Anstein Gjengedal, seier han hadde mistanke mot Jensen. Han var politimeister i perioden 2000 til 2012, i perioden der Jensen skal ha samarbeidd med Cappelen om narkotikasmugling. Gjengedal meiner det ikkje er opplagt at Jensen var med å smugle så mykje narkotika over så lang tid.

– Hadde vi hatt ein mistanke, hadde vi sjølvsagt undersøkt det med ein gong. Derimot var Jensen i mine auge ein solid tenestemann, og han gjorde ein veldig god jobb, seier Gjengedal til NRK.

Spesialeininga fornøgd

Aktor Guro Glærum Kleppe fra Spesialenheten

Aktor Guro Glærum Kleppe frå Spesialeininga for politisaker er fornøgd med at Eirik Jensen blei dømd for grov korrupsjon og for å ha medverka til narkotikalovbrot.

Denne saka er den største saka Spesialeininga for politisaker har hatt. Dei har brukt store ressursar på å etterforske Jensen. Og det har vore spekulert i om ei eventuell frifinning i denne saka ville ha ført til ei alvorleg ripe i lakken for Spesialeininga.

Aktor Guro Glærum Kleppe er difor fornøgd med dommen som kom i dag.

– Vi er tilfreds med at vi har fått ein fellande dom som er i tråd med den tiltalen vi hadde utarbeidd.

Dei kjem ikkje til å anke dommen, men Kleppe er budd på at det kan kome ein anke frå Jensen.

– Det er vi. Det må vi alltid vere i slike saker.

Men Spesialeininga for politisaker har sagt dei ikkje vil arrestere Eirik Jensen før dei eventuelt har ein rettskraftig dom.

Venter på rettskraftig dom

Per-Willy Amundsen.

Justisminister Per-Willy Amundsen vil ikkje kommentere dommen før han er rettskraftig, men seier på generelt grunnlag at han håper politiet og påtalemakta kan lære av Jensen-saka.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Justisministeren seier han ikkje vil kommentere dommen før han er rettskraftig, men skriv i ein e-post til NRK at det er viktig både for tilliten til rettsstaten, og for den som blir utsett for mistanke, at saker om mogleg korrupsjon og andre alvorlege lovbrot blir følgd opp på ein grundig måte.

– Saka viser at Spesialeininga for politisaker tek denne typen saker på alvor. Eg føreset at politiet og påtalemakta tek eventuell læring av det som har kome fram under saka.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård ønsker heller ikkje å kommentere saka før dommen, som truleg blir anka, er rettskraftig.

– Vi har i dag fått ein dom i ei sak som mange i politiet har følgd med på i lang tid. Dette er ein svært alvorleg dom. Saka er derimot ikkje rettskraftig. Difor er det ikkje naturleg for Politidirektoratet å kommentere saka nærare, skriv han i ei pressemelding.

Også Riksadvokaten seier dei vil vente på at dommen er rettskraftig før dei kommenterer dommen, og skriv i ein e-post til NRK:

– Riksadvokaten tek dommen til etterretning, Utover det har vi ingen kommentar.

Kan få konsekvensar for andre saker

Leder i Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson

Leiar i forsvarargruppa i Advokatforeningen, Marius Dietrichson, meiner det Jensen saka er den største rettsskandalen Norge har sett dersom dommen blir ståande.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Dersom dommen skulle bli ståande, meiner leiaren av forsvarargruppa i Advokatforeningen, Marius Dietrichson, at sakene der Eirik Jensen har vore etterforskingsleiar må bli gjennomgått.

– Ikkje for å leite etter bevis mot han, men for å sjekk at han ikkje har krenka eller forulempa andre, seier han til NTB.

Dietrichson kallar saka den største rettsskandalen Norge har sett dersom dommen blir ståande.

– Ikkje berre fordi det dreier seg om ein leiar i norsk politi som har vore gjennomkorrupt, men også fordi han har lagt til rette for at fleire tonn med narkotika kan bli smugla inn i landet.

– Neppe einaste korrupsjonssak i politiet

Kriminolog Paul Larsson ved Politihøgskolen

Paul Larsson meiner det vil vere naivt å tru at Jensen-saka er den einaste korrupsjonssaka i norsk politi.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Professor Paul larsson ved Politihøgskolen seier saka mot Jensen er unik i omfang og utbreiing. Men han åtvarar mot å tru at dette er den einaste korrupsjonssaka i norsk narkotikapoliti.

– Det vil vere naivt å tru at denne saka er eineståande. Erfaringar tilseier at narkotikaområdet skaper grobotn for korrupsjon, seier Larsson til NTB.

Han viser til fleire saker blant anna i New York-politiet, i Nederland og Finland der det er avdekka saker som liknar på Jensen-saka.

– Narkotikafeltet har fleire særeigne trekk som skaper større rom for korrupsjon. Det har blant anna ein utstrekt bruk av hemmeleg etterforsking. Det gjer det vanskeleg å kontrollere arbeidet, seier Larsson.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger