Hopp til innhold

Dreamliner endeleg i lufta igjen - men berre på prøve

Ein Boeing 787 Dreamliner tok i dag av på ein to timars prøvetur frå Seattle i USA. Dette er første turen sidan flytypen vart sett på bakken i januar.

Video av testturen frå Seattle.

VIDEO: Boeings Dreamliner i lufta igjen

Testen i dag gjekk føre seg med ein 787 som er tinga av det polske selskapet LOT. Turen gekk frå det enorme Boeing-anlegget i Seattle blant anna for å sjekke korleis batterisystemet fungerer i lufta.

Viktig test

Boeing ser på testflyginga som ein viktig del av arbeidet med å få luftfartsstyresmaktene igjen til å godta at flyet er trygt nok til å setjast inn i trafikk.

Det var i januar i år at alle fly av denne typen vart sette på bakken på grunn av at eit litium-batteri tok fyr etter at eit fly landa i Boston. Det kom røyk ut av eit batteri på ein 787 i Japan kort tid etter.

Både japanske og amerikanske luftfartsstyeresmakter granskar desse hendingane.

Nytt batterisystem

Boeing-talsmann Marc Birtel seier at flyginga i dag blei gjennomført for at flygarane skulle få teste landingsutstyret, det elektroniske backup-systemet og for å vise at det nye batterisystemet fungerer som det skal.

No skal testresulatet analyserast, og så vil arbeidet med å få tilbake sertifiseringa halde fram, blir det opplyst.

LES OGSÅ: Varslar full gjennomgang av Boeing 787 Dreamliner etter fleire feil

LES OGSÅ: Boeing: Dreamliner vil være i luften om noen uker

LES OGSÅ: Her er det utbrente Dreamliner-batteriet

LES OGSÅ: Boeing visste om batteriproblemer lenge før branner på Dreamliner

LES OGSÅ: Stanser leveranser av Dreamliner

AKTUELT NÅ