NRK Meny
Normal

Blir hindra på livsreddande oppdrag

Sabotasje og skodelyst, kallar brannkonstabelen Jørgen Lie det han opplevde då han rykte ut for å redda ned ein liten gut frå eit tre i Oslo førre veke. Naudetatane opplever det som eit stort problem at publikum hindrar livreddande arbeid.

Ambulanser, politi- og brannbiler på utrykning blir stadig oftere hindret av folk som ikke forstår alvoret. Det KAN få alvorlige konsekvenser.

Telefonen på operasjonssentralen kimar.

Ein gut i 10-års alderen står i fare for å falla ned 4–5 meter etter å ha klatra opp i eit tre ved Rudolf Nilsens Plass i Oslo sentrum, fortel innringaren denne julikvelden.

Brannkonstablane Jørgen Lie og Martin Akstun er på kveldsvakt og rykkjer straks ut i stigebil 93 frå Hovudbrannstasjonen i Oslo. Det er kort veg dit dei skal og dei opplever i utgangspunktet ikkje oppdraget som spesielt uvanleg eller dramatisk.

Men det som skjer undervegs får dramatikken til å auka og frustrasjonen til å renna over hos brannkonstabel Lie. Denne veka la han difor ut heile historia på Facebook, med ei bøn til publikum om å la naudetatane få fritt lende.

– Eg skreiv innlegget fordi eg føler ein viss frustrasjon over at me mistar ein god del tid ved at folk stel merksemda vår. Det er provoserande når me prøver så godt me kan å spara tid og vera effektive, seier Lie til NRK.

Hovudbrannstasjonen i Oslo

Når alarmen går på Oslo hovudbrannstasjon er brannkonstablane klare til dyst på ein augneblink.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Sabotasje

Innlegg på Facebook -sida til Brann- og redningsetaten i Oslo

Brannkonstabel Jørgen Lie la måndag denne veka ut eit lengre innlegg på Facebook i håp om at folk skal bli flinkare til å ta omsyn når naudetatane er på jobb.

Foto: Facebook / Skjermdump

Medan Lie og Akstun køyrer rundt og leitar etter guten som er i naud, får dei nemleg auge på ei gruppe ungdomar som vinkar og stiller seg ute i vegen i det aktuelle området. Dei køyrer bort, stoppar og rullar ned vindauget, i tru om at det er folk som prøver å hjelpa dei fram.

Det er det diverre ikkje.

– Det viser seg at dei berre er ute etter å stela tida vår. Dei lo og syntest det var morosamt å få merksemda vår. Det var rett og slett sabotasje i ein naudsituasjon, seier Lie til NRK.

Konsekvensen blir at brannbilen har køyrt for langt, må bruka tid på å snu og bana seg veg tilbake, mot køyreretninga i ei trong einvegskøyrd gate med mykje trafikk.

Dei mistar halvanna, kanskje to minutt på denne bomturen. I mellomtida har guten i treet falle ned frå ei grein til ei anna.

Når brannmennene omsider kjem fram, begynner guten å bli sliten av å klamra seg fast. Det hastar med å få han ned, men igjen blir dei hindra av publikum – skodelystne vaksne og born har samla seg under treet og flyttar seg ikkje på brannmennene sin kommando.

Rudolf Nilsens Plass i Oslo sett frå brannstige i lufta

Brann- og redningsetaten rykte ut med stigebilen sin då ein gutunge sat fast i dette treet på Rudolf Nilsens Plass i Oslo torsdag førre veke. Biletet er teke då etaten denne veka viste NRK korleis dei blei hindra i arbeidet sitt undervegs.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Kan døy etter 90 sekund i brannrøyk

Både brannvesenet, ambulansetenesta og politiet opplever stadig vekk å bli hindra av publikum når dei skal redda liv.

– Når folk ser ein brannbil på utrykking må dei tenkja at den kan vera på veg til folk som held på å drukna eller som er innesperra i eit brennande hus fullt av giftig røyk. Du kan faktisk døy av brannrøyk på 90 sekund. Me jobbar alltid mot klokka, seier brannkonstabel Lie.

Også ambulansesjåførane veit smerteleg godt at kvart minutt og sekund kan bety forskjellen mellom liv og død.

– Det verste er hjartestans og overdosar. Ei kvar hindring tel, me køyrer jo med blålys fordi det hastar å koma fram, påpeikar den operative leiaren for ambulansetenesta i Oslo og Akershus, Pål Lystad.

Han deler brannetaten sin frustrasjon.

– Eg får ofte telefonar frå fortvila ambulansesjåførar som har blitt hindra i å gjera jobben sin. Det er blitt så vanleg at me kanskje ikkje heilt tenkjer over det før ekstreme tilfelle dukkar opp, fortel Lystad, som har 20 års fartstid i yrket.

På eit livreddande oppdrag for eit års tid sidan fekk ein slik ekstrem episode begeret til å renna over for Lystad.

– Ein person hoppa ut framfor ambulansen under utrykking for å skremma meg. Det enda med at eg måtte bråbremsa, avbryta utrykkinga og be sentralen senda ein annan bil fordi eg vart så sint at eg måtte gå ut og snakka til denne personen.

Pål Lystad, ambulansetenesta i Oslo og Akershus

Pål Lystad har jobba 20 år med ambulanse. – Det verste er hjartestans og overdosar. Ei kvar hindring tel, me køyrer jo med blålys fordi det hastar å koma fram, seier han.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Mobilbruk og «meg sjølv»-mentalitet

Finn Erik Grønli er leiar for trafikkorpset i Oslo politidistrikt.

For politiet er særleg feilparkeringar og mobilbruk i trafikken til ulempe når dei køyrer med blålys, fortel leiar for trafikkorpset i Oslo politidistrikt, Finn Erik Grønli.

Foto: Oslo politidistrikt

Heldigvis er det ikkje ofte at folk saboterer med kunnskap og vilje. Det vanlegaste er bilar og fotgjengarar som ikkje flyttar seg for blålysa, feilparkeringar og ukunne om korleis ein skal oppføra seg i ein krisesituasjon.

Den generelle respekten for utrykkingspersonell er også tydeleg mindre no enn for berre fem år sidan, ifølgje Lystad i ambulansetenesta.

Politiet opplever ikkje den same mangelen på respekt, ifølgje politioverbetjent Finn Erik Grønli ved trafikkorpset i Oslo politidistrikt.

– Terskelen for å hindra politiet med vilje er nok høgare enn for dei andre naudetatane. Det er ikkje eit utbreitt problem for oss, kanskje fordi me har andre sanksjonsmoglegheiter, seier Grønli.

I likskap med brannetaten og ambulansetenesta, opplever politiet mobilbruk i trafikken som eit alvorleg problem som ofte hindrar utrykkingskøyretøy i å koma seg fram: snakking, teksting, surfing og ikkje minst musikk på øyro medan ein køyrer bil, syklar og kryssar gangfelt.

Brannkontabel i Oslo Jørgen Lie

Brannkonstabel Jørgen Lie seier det er hyggeleg å bli vinka til, men at dette er forstyrrande og kan føra til tap av dyrebar tid i ein utrykkingssituasjon.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Det er «meg sjølv»-mentaliteten som rår. Samfunnet har blitt meir egoistisk, det er det er det inga tvil om, seier Lystad i ambulansetenesta.

Guten i god behald

Heldigvis gjekk det fint med den vesle guten i treet ved Rudolf Nilsens Plass i Oslo, som blei trygt henta ned med brannbil-stigen. I motsetning til publikum på bakken oppførte guten seg eksemplarisk og fekk ein brus i premie frå brannkonstabel Lie.

I etterkant føler Lie eit sterkt behov for å koma med ei bøn til publikum.

Han understrekar det er mange som er flinke med å hjelpa til og visa veg for brannfolka når det trengs, men at mange kan bli flinkare til å ta omsyn.

– Hald deg roleg når du ser eit utrykkingskøyretøy, med mindre du er innringar sjølv eller treng naudhjelp. Hjelp oss fram og gjer som du får beskjed om av utrykkingspersonell på skadestaden.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger