Hopp til innhold

Blir Helse Sør-Aust

Regjeringa slår saman helseregionane Sør og Aust, og løyver samstundes 800 millionar ekstra til helseføretaka.

Sylvia Brustad
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Helseminister Sylvia Brustad seier at regjeringa har vurdert fleire modellar, men at dei ser på ei samanslåing av Sør og Aust som det beste alternativet.

Ho seier det er naudsynt med ei betre samordning, ikkje minst når det gjeld forsking.

Samanslåinga skal bli ein realitet før 1. juli i år.

 

Helse Sør-Aust

Namnet på det nye helseføretaket blir Helse Sør-Aust. Eit nytt styre skal vere på plass innan utgangen av mars.

Brustad lovar ei sterkare styring av alle helseføretaka i tida som kjem. Ho meiner regjeringa alt har ei sterk styring, men at ho no vil følgje helseføretaka enda tettare.

Blant anna skal statsråden kalle inn styreleiarane i helseføretaka til møte ein gong i månaden.

- Vi har over lang tid vurdert og utgreidd fleire alternativ for ei betre samordning. Ein tidlegare rapport har også peika på at ei samanslåing er det beste alternativet, seier Brustad.

Ho mener at det vil sikre betre ressursutnytting og samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet, og gi grunnlag for betre rekruttering av helsepersonell og spesialistar til andre stader i landet, både i og utanfor den nye regionen. Det vil også gi grunnlag for styrking av forskinga, legg ho til.

800 mill. ekstra

I statsbudsjettet for 2007 vart det løyvd 75 milliardar kroner til helsevesenet. No får helseføretaka eit tillegg på 800 millionar kroner, og det skal fordelast slik:

275 millionar kroner til helse Midt Noreg.

225 millionar kroner til Helse Nord.

100 millionar kroner til Helse Vest.

100 millionar ekstra til det nye Helse Sør-Aust.

I tillegg foreslår regjeringa 50 millionar kroner ekstra til lokalsjukehusprosjekt og 50 millionar ekstra til rustiltak.

Sylvia Brustad la ikkje skjul på at det har vore intern usemje i regjeringa i dette spørsmålet, men ho la vekt på at det no er ei samla regjering som står bak avgjerda.

Gevinst på 900 mill.

Då det tidlegare denne månaden vart kjent at regjeringa planla ei samanslåing av dei to helseregionane, vekte det sterke reaksjonar på Sørlandet.

Dei tilsette i Helse Sør sende eit brev til helseminister Sylvia Brustad (Ap) der dei bad om at ho let helseregionane vi har i dag vere som dei er.

 Det går fram av ein konsulentrapport at ei samanslåing av dei to helseregionane vil gi ein gevinst på 900 millionar kroner. Dei tilsette i Helse Sør har inga tru på dette, og trur ei samanlåing vil føre til mykje uro og slitasje i organisasjonen.

Ordføraren i Kristiansand har sagt ja til samanslåinga, trass i motstanden blant dei tilsette i Helse Sør.

Arbeidarpartiet i dei to Agderfylka, i Telemark, Vestfold, Buskerud og Østfold har tidlegare bede Sylvia Brustad om å leggje bort planane om samanslåing.

- Unison skepsis i SV

I SV har det vore unison skepsis til planane, har helsepolitisk talskvinne Inga Marthe Torkildsen tidlegare sagt til Dagens Medisin.

Senterpartiet har sagt nei  til planane om samanslåing av dei to helseregionane, men Arbeidarpartiet, som har fleirtalet i regjeringa, har kjempa gjennom sitt syn.

Helseminister Sylvia Brustad har den siste tida jobba intenst med ei omorganisering av sjukehusstrukturen i Noreg. Eitt av resultata er samanslåinga av Helse Aust og Helse Sør.

Når det gjeld opposisjonen har Kristeleg Folkeparti i Vest-Agder sagt nei til samanslåing. Dei bad Helsedepartementet vente til helsereforma er ferdig evaluert.

AKTUELT NÅ