Hopp til innhold

– Vi må slutte å gjere forskjell på folk

Noreg står klar til å ta imot fleire tusen ukrainske flyktningar. No etterlyser Yasir Ahmed same engasjementet for flyktningar som kjem utanfrå Europa.

Styreleder i LIN, Yasir Ahmed, før Debatten, 10. mars 2022.

Styreleiar i LIN Yasir Ahmed meiner vi må slutte å gjere forskjell på folk.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Krigen mellom Russland og Ukraina har ført over 2 millionar menneske på flukt, og Noreg og Europa står klare til å ta dei i mot.

Her til lands er det oppretta 8000 akuttplassar for dei ukrainske flyktningane, og kommunar er «overvelda» over responsen frå privatpersonar.

I Oslo og Viken får dei ukrainske flyktningane reise gratis med buss og tog.

– Den mobiliteten vi ser blant norske politikarar og i samfunnet generelt, og det engasjementet vi ser, det har vore fråverande i andre kriser i verda, seier Yasir Ahmed, styreleiar i Likestilling Inkludering og Nettverk (LIN).

Torsdag kveld møtte han politikarar i Debatten hos Fredrik Solvang.

Men andre folk på flukt blir ikke vist samme hjertelighet

Ser ein forskjellsbehandling

Det er fint at ukrainarane får ekspresshjelp, men då må standaren vere at alle flyktningar får lik behandling, seier Ahmed.

Han meiner det skjer ein forskjellsbehandling på dei ukrainske flyktningane og flyktningar frå andre land. Han tar opp flyktningkrisa i 2015, og seier at den gangen så stengde vi grensene og måtte ha debatt om kor mange Noreg skulle ta i mot.

– Alle flyktningar har behov for tryggleik og hjelp, uansett kva for land du kjem frå, og kva for bakgrunn du har, seier Ahmed og legg til:

– Vi må slutte å gjere forskjell på folk.

– Ei anna oppgåve å integrere ukrainarar

Frp-leder Sylvi Listhaug argumenterer vanlegvis for ein streng asylpolitikk, men meiner no at Noreg må trappe opp den humanitære hjelpa og ta imot ukrainske flyktningar.

– Frp har alltid sagt at flyktningar skal få hjelp i nærområda, og no er det krig i Europa. Altså i Noreg sitt nærområde og då er det heilt naturleg at Noreg stille opp.

Partiet vil blant anna trappe opp hjelpa til Ukraina og nabolanda til 5 milliardar kroner. Altså vil partiet auke summen med 3 milliardar.

Flyktninger krysser grensen mellom Ukraina og Polen, torsdag 10. mars.

Flyktningar kryssar grensa mellom Ukraina og Polen.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / AFP

Frp vil også at den årlege flyktningkvoten til Noreg på 3000 skal brukast på ukrainske flyktningar.

– Kvifor skal det gå utover andre flyktningars rett til vern at vi hjelper ukrainarar?

– For det første er det over 80 millionar flyktningar på flukt i verda. Dei aller fleste er i sine nærområde. Vi har alltid meint at den beste måten å hjelpe på er å sende pengar til nærområda, for då kan ein hjelpe fleire, seier ho og legg til:

– For kvar einaste familie eller person vi hentar frå andre område, så vill det vere mindre kapasitet til å hente ukrainarar. Det handlar om at desse skal ha stad å bu, norskopplæring, barnehageplass, skule, og oppfølging gjennom introduksjonsprogram. Med andre ord: det krev mykje ressursar.

Partileder i Frp, Sylvi Listhaug.

Frp leiar Sylvi Listhaug vil trappe opp hjelpa og ta imot ukrainske flyktningar.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Frp-leiaren avviser at hjelpa som ukrainarar no får, bør gjelde for alle flyktningar.

– Det er ei heilt anna oppgåve å integrere ukrainarar enn personar som kjem lengre vekk frå Noreg og frå ein annan kulturbakgrunn og med ressursar til å integrerer seg i Noreg.

Kollektivt vern for ukrainarane

Normalt skal behovet for vern til asylsøkjarar bli vurdert individuelt. No gjer Noreg eit foreløpig unntak frå regelen og verna om ukrainarane som ei gruppe.

– Dette er ein mekanisme som gjer at vi kan gi vern effektivt til fleire menneske samtidig, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Emilie Enger Mehl sitter foran en forgylt dør og vegg. Hun har på seg en blå tweed-jakke, kneppet til halsen. Det blonde håret henger løst, og blikket hennes vender seg til venstre.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) meiner flyktningkrisa i 2015 er annleis enn krigen i Ukraina.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ho meiner flyktningkrisa i 2015 er annleis enn den vi ser no. Det er fordi det var mange ulike folkegrupper og nasjonalitetar som flykta, og dei søkte om vern på ulikt grunnlag, forklarar Mehl.

– Derfor var det sånn at Europa og Noreg behandla dei sakene individuelt, som er den vanlege asylprosedyren. Det var ingen andre land i Europa som meinte at det var rett å bruke mellombels kollektivt vern i dei tilfella, og viss vi skulle gjort det ville asylsystemet vårt ha brote saman, seier Mehl.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger