NRK Meny
Normal

Blattmann: – Tilgjeving sit veldig, veldig langt inne

Leiaren i Nasjonal støttegruppe etter 22. juli-terroren trur ikkje det er mogleg for pårørande og etterlatne å følgja fredsprisvinnar Desmond Tutu si oppfordring om å tilgje gjerningsmannen.

Trond Henry Blattmann

Trond Henry Blattmann mista sonen sin på Utøya. Han trur det er umogleg for fleirtalet av dei råka, pårørande og etterlatne etter 22. juli å tilgje terroristen så lenge han ikkje tregar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Tilgjeving sit veldig, veldig langt inne for alle dei som er råka av 22. juli og for samfunnet generelt, seier leiaren i Nasjonal støttegruppe Trond Henry Blattmann til NRK.

Blattmann mista sjølv sonen sin Torjus (17) på Utøya.

– For min del er det umogleg å tilgje gjerningsmannen, slår han fast.

Tutu: – Bør tilgje Breivik

Desmond Tutu, tidlegare vinnar av Nobels fredspris, er i Noreg saman med dottera si i høve lanseringa av boka «Tilgjeving», som dei to har skrive saman.

– Noreg bør opna opp for å tilgje massedrapsmannen Anders Behring Breivik, sa erkebiskopen Desmond Tutu til NRK måndag.

Den sørafrikanske biskopen kjempa mot apartheidsystemet i heimlandet sitt på fredeleg vis. Når det blei avvikla i 1994, var det Tutu som fekk i oppgåve å leia sannings- og forsoningskommisjonen for at kvite og svarte skulle klara å tilgje og gå vidare saman.

No meiner han at Noreg bør gjera det same etter det største nasjonale traumet i nyare tid – terroren 22. juli 2011.

– Gud hatar ingen. Me er alle Gud sine born. Det er dei av oss som blir vonde born, men me er framleis born og høyrer til same familie, utdjupa Tutu måndag.

Nordmenn må være åpne for å tilgi Anders Behring Breivik. Det sa fredsprisvinner Desmond Tutu under en pressekonferanse på Nobels fredssenter i formiddag. Tutu er i Norge for å snakke om tilgivelse og lansere en bok om samme tema.

Desmond Tutu og dottera Mpho Tutu har skrive bok saman med tittelen 'Tilgjeving'. På sitt besøk til Noreg ber dei nordmenn om å tilgje Anders Behring Breivik, som tok livet av totalt 77 menneske på Utøya og i regjeringskvartalet den 22. juli 2011.

Mangel på anger stoppar tilgjeving

Blattmann i Nasjonal støttegruppe meiner det ikkje går an å samanlikna Sør-Afrika sitt oppgjer med drap, urett og overgrep under apartheidstyret med terrorhandlingane som Noreg opplevde for tre år sidan.

– Eg trur det er ein forskjell her. Me har me ein massemordar som ikkje viser anger eller tanke om å endra karakter. Han seier tvert imot at han gjerne skulle ha teke livet av fleire og gjerne ville ha gjort det same om att, påpeikar Blattmann.

– Av den grunn vil du ikkje finna stor vilje til tilgjeving frå dei råka, overlevande eller etterlatne etter 22. juli-ugjerningane, legg han til.

Både Tutu og dottera understrekar at dei pårørande og etterlatne må få lov til å føla hat og sinne, og at det er dei sjølve som må bestemma om dei vil tilgje

– Men etter at det verste er over, har ein to val: Det eine er å gå vidare med sinnet, hatet og bitterheita, fortsetja med å ville slå tilbake. Det andre er å klara å sjå forbi det grufulle, forbi handlinga og prøva å tilgje.

Breivik-forsvarar møter Tutu

Lippestad og Breivik i retten

Geir Lippestad (t.v.) var Anders Behring Breivik sin forsvarar før og under den ti veker lange rettssaka. I kveld møter han erkebiskop Desmond Tutu.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Geir Lippestad var forsvararen til Breivik under rettssaka.

– Eg synest jo det er interessant å ha samtalar om forhold som utfordrar. Tilgjeving opp imot terroraksjonen i Noreg er klart noko som utfordrar oss, seier Lippestad.

Han skal møta Tutu i ettermiddag.

Har ikkje Blattmann rett i at det er umogleg å tilgje ein person som ikkje innrømmer skuld?

– Det er eitt av dei spørsmåla som eg vil stilla både Desmond Tutu og dottera hans i kveld: er det ein føresetnad at den ansvarlege innrømmer skuld?, seier Lippestad.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger