Hopp til innhold

- Som smykke i naturen

– Som smykker i naturen, meiner oslopatriot Erling Fossen om høgspentmaster i naturen. Dei omstridde Hardanger-mastene får på ny by og land til å ryke i tottane på kvarandre.

Høyspentmast

Oslopatriot Erling Fossen talar byane sin sak i by-land konflikten. Han meiner høgspentmaster i naturen er eit vakkert syn. Arkivfoto.

Foto: NRK

– Det går jo tilsvarande master over Sognefjorden. Eg tykkjer det er sexy, dei ligg som smykke i naturen, seier forfattar og oslopatriot Erling Fossen.

Spenning mellom by og land

Protestmarsj mot kraftlina i Hardanger

Dagens protestmarsj er arrangert av aksjonsgruppa Bevar Hardanger for å markera at dei ikkje er nøgde med regjeringa sin snuoperasjon i kraftline-saka.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Mastene i Hardanger har denne sommaren gjeve nytt liv til gamle motsetningar mellom by og land.

I dag gjekk fleire hundre aksjonistar i Hardanger i protest mot dei planlagde kraftmastene.

Ikkje berre har den planlagde kraftlinja i Hardanger fått vestlendingane til å sjå raudt og anklage regjeringa for osloarroganse. Denne veka gjekk oslopatriot Fossen ut i Dagsavisen og foreslo å kutte subsidiane til bøndene og heller gje pengane til byar som - nettopp - Oslo.

Oslopatriot Erling Fossen talar byane sin sak i by-land konflikten

Oslopatriot Erling Fossen talar byane sin sak i by-land konflikten. Arkivfoto.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Det viktigaste som skjer i norsk økonomi, skjer i Oslo. Det er ved å investere i byane at ein får mest igjen for kvar krone ein satsar, seier Fossen.

Klikk på spelaren over for å høyre debatten mellom Erling Fossen og Kurt Oddekalv i ukeslutt på P1 laurdag 14.08.2010.

Dobbel verdiskaping i Oslo

Måndag la SSB fram ny statistikk som viser at ïnnbyggjarane i Oslo står for dobbelt så stor verdiskaping som folk i andre fylker i landet.

Ifølgje SSB sine utrekningar skapar vestlendingar verdiar for om lag 350 000 kroner i året, medan oslofolk skapar dobbelt så mykje.I heile landet har folk latt seg provosere.

– Oslo må styrkast

Fossen er derimot ikkje i tvil om at statistikken gir eit reelt bilete av norsk økonomi. Han påpeiker at grunnlaget for verdiskapinga i Noreg er i endring.

– Me er i ferd med å måtte nedmontere det som skjer i Nordsjøen. Det finst nesten ikkje nye oljefelt, og olje- og gassproduksjonen har stupt. No må me byggje opp ein sterk landbasert økonomi, seier Fossen som påpeiker at borreplattformane på land er byane.

– Oslo, er det store produksjonssenteret i landet, og då må me styrka verdiskapinga her.

– Flyttar på papir

Leiaren i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv

Leiaren i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv let seg provosere av det han kallar 'osloarroganse'.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Leiar i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv er ein av dei som fnys av Fossen sitt «smale» forslag.

– Oslo kan ikkje leve utan landet rundt. Ein må sjå på kva type produksjon som skjer i hovudstaden. Det blir flytta på nokre papir etter at folk i periferien har jobba med hendene og gjort ein masse arbeid innan kraftproduksjon, oppdrett, oljeindustri, skipsbygging også vidare, meiner han.

Ifølgje Oddekalv er det på vestlandet, i midt-Noreg og i nord-Noreg at dei store verdiane vert til, og det er matproduksjonen som er den viktigaste verdiskapinga.

Hermann Friele

Tidlegare borgarmeister i Bergen, Hermann Friele, meiner meir enn to tredelar av verdiskapinga i landet skjer på 'gullkysten'.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX


– Med klimakrise som øydelegg for jordbruket og ein overbefolka klode, kan det godt hende at Fossen må byte ut tastaturet med møkkagreip innan ti år, held miljøaktivisten fram.

«Gullkysten»

Fossen sitt by-perspektiv møter også motstand hjå Hermann Friele. Den tidlegare borgarmeistaren i Bergen, meiner 70 prosent av verdiskapinga i Noreg skjer langs det han kallar «Gullkysten» - strekninga frå Kristiansand til Kristiansund.

– Mykje av den enorme verdiskapinga som skjer på vestlandet vert fovalta i Oslo, det har nok folk lett for å gløyme, seier Friele.

AKTUELT NÅ