Bjørn Kjos trekker seg som sjef for Norwegian: – Eg er på overtid

Bjørn Kjos går av etter 17 år som konsernsjef i flyselskapet Norwegian.

Bjørn Kjos forteller om hvorfor han går av som konsernsjef

GÅR AV: Bjørn Kjos fortel om kvifor han går av som konsernsjef.

– Forhåpentlegvis er dette min aller siste presentasjon. Viss de trur eg er lei meg for det, så er eg ikkje det. Eg er langt på overtid, sa Bjørn Kjos følgt av sin karakteristiske latter.

Kjos heldt torsdag morgon ein pressekonferanse etter at selskapet sjølv skreiv i ei melding at han ville gå av som konsernsjef.

I fleire år har det vore spekulasjonar rundt kva tid Kjos ville gå av.

Han skal framleis ha ei sentral rolle i selskapet som rådgivar for styret og styreleiar Niels Smedegaard, skriv selskapet i meldinga.

På overtid

– Ein bør ikkje leie eit flyselskap når ein har passert 70 år. Eg er langt på overtid, sa Kjos på pressekonferansen då han kommenterte både kvartalstala og eigen avgang.

Han fortalde vidare at Norwegian ikkje er hans eigen baby, men at det er babyen til dei 11.000 menneska som jobbar i selskapet.

Kjos vil nå konsentrere seg meir om korleis selskapet kan utvikle seg vidare. Han meiner det skjer gjennom å bygge ut nettverket ytterlegare.

Den avtroppande konsernsjefen sa i fjor sommar til NRK at han for lengst hadde nådd pensjonsalder.

– Eg har ikkje hatt tid til å tenke på om eg skal gå av, eller på å finne ein arvtakar, men eg burde gjort det for lenge sidan, sa Kjos den gong.

Torsdag takkar Kjos alle saman for å ha vore ein del av Norwegian og for den støtta selskapet har fått.

Han innrømmer at det mest utfordrande har vore å etablere langdistanseflyging:

– Det har vore mange barrierar vi ikkje kunne føresjå. Ruta mellom London og New York måtte vi lykkast med, viss ikkje hadde vi ikkje klart å utvikle langdistanserutene våre.

– Ein av dei fremste entreprenørane

Styreleiar Niels Smedegaard er ikkje overraska over at Kjos nå går av.

– Bjørn Kjos har bestemt seg for å trekke seg. Det er noko han har gitt uttrykk for i fleire år. Dagens kunngjering er ikkje overraskande, sa Smedegaard på torsdagens pressekonferanse.

Niels Smedegaard

FÅR HJELP: Danske Niels Smedegaard vil få Bjørn Kjos som rådgivar i tida framover.

Foto: DR

Smedegaard sa også at han saman med Kjos har blitt einige om at dette var den riktige tida for å ei slik endring, og han gir Kjos sine ambisjonar og visjonar mykje av æra for det han kallar Norwegians fantastiske reise.

Kjos vil frå i dag av fokusere på eksterne relasjonar og spesielle prosjekt som rådgivar for Smedegaard blei det opplyst om på pressekonferansen.

– Du er ein av dei fremste entreprenørane av di tid. Ikkje berre i Noreg, men i heile Europa. Det bør ikkje bli undervurdert, sa Smedegaard.

Kjos tar sommarferie

Når Kjos nå troppar av, er det ikkje berre for å ferie, sjølv om at han seier til NRK at han er glad for at det er sommar.

– Nå kan nokon andre ta over det operative ansvaret, så kan eg ta sommarferie, seier Kjos.

Norwegian-sjefen fortel at det er forskjellige årsaker til at han ikkje har gått av før nå. Ein av grunnane er at det har komme bod på selskapet.

– Eg skal ikkje bli pensjonist. Eg meiner at eg kan gjere ein betre jobb for Norwegian når eg nå slepp å ha det operative ansvaret, seier han.

Nedgang i andre kvartal

Selskapet fekk i andre kvartal 2019 eit resultat før skatt på 111 millionar kroner. Det er ein nedgang, men Norwegian viser til lågare kostnader og høgare inntekter.

Kjos sa vidare at selskapet er i rute når det gjeld reduksjon av kostnadar. Selskapet skal ha hatt kostnadsreduksjonar på 554 millionar kroner i andre kvartal.

– Vi har sett Max-flya på bakken og ein del av leveringa har blitt ramma, blant anna flygingar til USA, sa Kjos på pressekonferansen.

 Boeing 737 MAX 8

PÅ BAKKEN: Eit av Boeing 737 Max-flya som Norwegian har sett på bakken. Her frå Vantaa lufthamn i Helsinki mars.

Foto: Heikki Saukkomaa / AFP

Veksten skal ifølge selskapet ha gått ned seks prosent dette kvartalet. Samstundes opplyser Kjos at selskapet har floge 10 millionar passasjerar i løpet av det same kvartalet.

Rekrutterer ny konsernsjef

Nåverande finansdirektør, Geir Karlsen, går inn i rolla som fungerande konsernsjef. Samtidig vil styreleiar Niels Smedegaard ta ei meir aktiv rolle i leiinga til selskapet.

– Eg har ingen problem med å la Geir Karlsen ta alle problema med MAX-flya og Dreamlinerane, sa Kjos.

Geir Karlsen

TAR OVER: Finansdirektør Geir Karlsen (t.v.) blir fungerande konsernsjef, fram til selskapet har funne ein ny til å ta rolla permanent. Her frå presentasjonen av tredje kvartal 2018.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Endringane er gjeldande frå og med i dag, 11. juli, opplyser Norwegian.

Kven som tar over rolla som konsernsjef er ikkje sikkert. Heller ikkje den nye fungerande konsernsjefen Geir Karlsen veit kven det vil bli, sa han på pressekonferansen.

– Tida vil vise kven som blir konsernsjef, sa Karlsen.

Niels Smedegaard sa på pressekonferansen at søkinga etter ein ny konsernsjef allereie har begynt. Norwegian skal ha jobba med det i fire veker.

– Vi leitar både i Noreg, Skandinavia og i resten av Europa, sa Smedegaard.

Klimafokus

På pressekonferansen var Kjos også innom klima og utslepp. Han meiner at Norwegian gjer det betre enn dei fleste andre i flyindustrien, og at dei sjølv tar faktiske grep for å redusere utslepp.

– Vi driv ikkje med grønvasking, slik som ein del andre gjer. Vi har klart å senke utsleppa våre med 30 prosent sidan 2008, sa Kjos under pressekonferansen.

Ifølge det norske selskapet flyr dei i dag 44 passasjerkilometer per liter drivstoff. Det skal vere langt betre enn dei dårlegaste konkurrentane.

– Det er dobbelt så langt som den dårlegaste, som er British Airways som flyr 27 passasjerkilometer per liter drivstoff, sa Kjos.

FERDIG: Bjørn Kjos er går av som konsernsjef i det norske flyselskapet. Sjå pressekonferansen.

SISTE NYTT

Siste meldinger