Tysdag kveld kom Telemarkskvinna heim til Noreg etter å ha vore gjennom politiavhøyr og rettsmedisinske undersøkingar i Chania, på den greske ferieøya Kreta.
Den 27-år gamle kvinna har i avhøyr fortalt at ho vart bortført, innesperra og valdteken av seks menn og ei kvinne i 20 dagar, før ho førre laurdag greidde å rømma og kom i kontakt med politiet.
– Ho har det vanskeleg. Dette er ei veldig traumatisk hending, og ho vil trenga tid og ro framover, seier bistandsadvokat Cèline Bache-Wiig til NRK.
– Kan fjernavhøyrast
Gresk politi har påpeikt at kvinna sitt vitnemål vil vera viktig i ei eventuell rettssak, og bad henne bli på øya fram til etterforskinga av saka er avslutta.
- LES OGSÅ: – Telemark-kvinne vil heim frå Kreta
Tysdag reiste kvinna likevel heim til Noreg, og blei møtt på flyplassen av helsepersonell og representantar frå politet.
– Gresk politi har opna for å fjernavhøyra kvinna, dersom dei skulle trenga meir informasjon i saka, seier bistandsadvokaten.
– Kjenner seg ikkje att
Advokaten til den 35 år gamle grekaren, som er ein av seks etterlyste i saka, seier dei har femti vitne og handfaste bevis som stadfestar at påstandane til den norske kvinna om at ho vart halden innesperra, er oppspinn.
Den norske kvinna har på si side fortalt at grekaren truga med å skyta henne og dumpa ho i ein innsjø.
– Mykje i denne saka har kome heilt feil ut i media. Min klient kjenner seg ikkje att i dei versjonane som no verserer, seier Bache-Wiig.
Er det riktig at den 35 år gamle grekaren var arbeidsgjevaren, husverten og kjærasten til kvinna?
- LES OGSÅ: – Flytta inn til overgripar på Kreta
– Som sagt, det er mykje her som ikkje er riktig men eg er førebels ikkje godt nok sett inn i saka til at eg heilt spesifikt kan differensiera mellom sanne og usanne opplysningar.
Får helsehjelp
Rettsmedisinarane som har undersøkt kvinna, har ikkje funne skadar som med sikkerheit kan slå fast at kvinna har blitt valdteken.
I den medisinske rapporten heiter det også at det finst sterke indikasjonar på at kutt som kvinna hadde på kroppen er sjølvpåførte
- LES OGSÅ: Store voldtektsmørketall i Syden
– Det er vanleg at ein ikkje finn så mange fysiske skadar etter ein valdtekt. Kvinna får no adekvat helsehjelp her heime og har vore på sjukehus. Meir kan eg førebels ikkje seia om saka, seier bistandsadvokaten, som skal i nye samtalar med kvinna torsdag.