Hopp til innhold

Bil krasja inn i tribune på motorshow: Seks køyrde til sjukehus

Ein bil krasja inn i tribune på monster truck-arrangement. Politiet melder om fleire skadde.

Under eit monstertruck-arrangement på Bjerke i Oslo søndag krasja ein bil inn i tribunen på staden, melder politiet.

Ein video NRK har fått tilsendt viser ein bil som i stor fart ryggar inn publikum før bilen køyrer ut att frå folkemengda.

Stein Ødegaard var speaker på arrangementet og har lagt opp turneen til Aranis Klaas Monster Truck Show.

– Det var heilt forferdeleg. Det var vanskeleg å finna ord, seier Ødegaard som også hadde familien sin på arrangementet.

Han fortel at både han og arrangøren er prega av hendinga, og seier krasjet var ei ulukke. Ødegaard opplyser at dei har arrangert show i ei årrekkje og aldri har hatt liknande ulukker. Ødegaard har snakka med politiet og ikkje vil kommentera saka ytterlegare.

Det er meldt om fleire skadde. Seks personar er køyrde til sjukehus, skriv politiet på Twitter.

Oslo universitetssjukehus var i raud beredskap i samband med ulukka.

 Ein bil har krasja inn i tribune på monster truck-arrangement.

Naudetatar er på staden.

Foto: JEAN ERIK BJØRNSKAU / NRK

Innsatsleiar: – Kaotisk

– Klokka 18.19 i dag fekk naudetatar melding om at det var ei alvorleg ulukke ved Bjerke travbane i samband med eit motorsportshow. Det skulle vera ein bil som hadde køyrt inn i ein tribune. Fleire skadde personar, fekk vi rapportar om, seier innsatsleiar Thomas Broberg.

Innsatsleiar Thomas Broberg.

Innsatsleiar Thomas Broberg.

Foto: Line Tomter / NRK

Han fortel at det var kaotisk då politiet kom på staden.

– Det var mange sterke inntrykk og folk som hadde behov for helsehjelp, seier innsatsleiaren vidare og fortel at dei no har fått kontroll på dei aller fleste pasientane og transportert dei til sjukehus og legevakt.

Innsatsleiaren opplyser at dei har sperra av området og at dei vil gjera undersøkingar rundt arrangementet og ansvarsforhold. I tillegg vil dei ta avhøyr av vitne.

Sjukehus tilbake i grøn beredskap

Rundt klokka 19.15 skreiv Oslo universitetssjukehus at dei var i raud beredskap i samband med ulukka.

– Raud beredskap er å sørgja for at vi har dei ressursane som trengst når det oppstår ein situasjon som kan tenkast å vera meir alvorleg enn i ordinær drift, seier Anders Bayer, pressevakt ved OUS.

Han seier vidare at det var godt med ressursar på akuttmottaket.

– Vi har meir enn godt nok med ressursar til å ta det som kjem vår veg.

– Det har kome fire eller fem personar hit, og eg har fått opplysningar om at fire personar er køyrde til legevakt, ifølgje opplysningane eg har, er det ingen alvorlege eller livstruande skadar, seier Bayer.

Rundt klokka 19:30 skreiv sjukehuset att dei hadde meir oversikt og at dei kunne gå ned i grøn beredskap. Klokke 20.30 var sjukehuset tilbake i normal berefskap.

Ulykke på Bjerke

Seks personar er køyrde til sjukehus etter bilen køyrde inn i tribunen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Tryggleiken var ikkje tilstrekkeleg

James Raymond Salvador seier til NRK at han var på showet saman med barnebarnet sitt. Dei var berre ti meter frå ulukka.

– Etter mi meining var tryggleiken på banen totalt uforsvarleg, seier han.

Salvador legg til at det uroar han om arrangøren får halda nytt show.

– Med publikum så tett og store krefter i sving burde dei sørgja for at publikum var barrikadert frå køyretøya, legg han til.

NRKs fotograf Lars Thomas Nordby har filma på staden.

NRK har forsøkt å ta kontakt med arrangøren, men ikkje lukkast med å nå dei.

NRKs Jean Erik Bjørnskau som var på staden seier at det var ein vanleg bil som skulle gjera ein sladd på banen.

– Det gjekk gale og bilen rygga inn blant publikum.

– Publikum stod tett på tribunen som blei treft. Eg veit ikkje kor mange som blei skadd, men såg i alle fall ein gut som låg skadd på bakken, seier han.

Ulykke på Bjerke

Slik såg tribunen ut der bilen krasja.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

AKTUELT NÅ