Hopp til innhold

Betalar folk for jobbintervju

Snart kan du få betaling når du nystrigla og fin troppar opp hos ein potensiell arbeidsgjevar for å søkje jobb. Rekrutteringsmetoden kan bli ein realitet også her i landet.

Illustrasjonsfoto: Avslappa på kontoret
Foto: Scanstockphoto

Folk er vande med å stille opp gratis, dersom dei vil delta i konkurransen om ein jobb. I framtida kan det bli annleis.

Ny metode

I staden for å betale store summar til rekrutteringsbyrå, kan arbeidsgjevarane like gjerne betale ein mindre sum direkte til jobbsøkjarane.

Det er tanken bak det nystarta amerikanske selskapet Notchup.

På selskapet sine nettsider legg søkjarane inn bransje, arbeidserfaring, noverande lønn og høgste utdanning. Deretter reknar systemet ut intervjuprisen.

Så er det berre å setje seg i godstolen, vente til ein arbeidsgjevar finn deg, kallar deg inn til intervju og betalar deg for det.

Rekrutteringsmetoden kan bli ein realitet også her i landet.

Aktuelt i Noreg

- Vi ser i dag at ein del stillingar er vanskelig å fylle. Dersom ein gjev betaling for jobbintervjua, kan det kanskje bli lettare å skaffe folk, seier direktør i Adecco Select, Guri Larsen.

Ho har ansvar for Adecco sine tenester innanfor rekruttering av leiarar, spesialistar og medarbeidarar til faste stillingar.

- Arbeidsgjevar dekkjer allereie reiseutgifter i samband med jobbintervju. Det er ikkje utenkjeleg at det kan bli aktuelt å gje betaling for sjølve intervjua også, seier Larsen.

Ho trur likevel det vil ta litt tid før nordmenn kan nytte seg av denne typen rekrutteringsmetodar.

- Mange ville i dag reagere om norske arbeidsgjevarar byrja å gje betaling for jobbintervju, men litt fram i tid kan det bli interessant også her, meiner Larsen.

Klokkertru på metoden

100.000 jobbsøkarar har registrert seg i ein søkardatabasen til Notchup dei siste dagane.

- Bedrifter som gir betaling for jobbintervju, kjem i kontakt med folk som ikkje aktivt leitar etter jobb, seier grunnleggjarane av selskapet, Jim Ambras og Rob Ellis, til Networkworld.com.

Dei to har klokkertru på eigen ide, og trur at jobbsøkarane snart vil venne seg til å bli betalt for å gå på intervju.

- Snart vil folk slutte å gje bort tida si gratis, meinar dei.

Spørsmålet er kor godt ideen fungerar i lågkonjunktur, når rifta om arbeidskrafta er lågare enn i dag.

AKTUELT NÅ