Bestemor pågripen i barnebortføringssak

Ei 69 år gammal kvinne blei pågripen i utlandet og utlevert til Norge i juli. Ho er sikta for medverking til grov omsorgsunndraging av barnebarna etter at borna blei bortført av mora si. Borna er framleis i utlandet.

Gåver til bortførte born

Bursdags- og julegåver til dei bortførte borna ligg hos far. Han har ikkje lenger moglegheit for å ha kontakt med dei.

Foto: Ola Hana

Kvinna er no lauslaten, men har meldeplikt til politiet. Borna er framleis bortført av mor.

– Det er det internasjonale samarbeidet som har leia til denne pågripinga, seier politiadvokat ved Trøndelag politidistrikt Gro Helland.

11. juli blei den 69 år gamle kvinna pågripen i utlandet. Etter det NRK kjenner til blei ho utlevert til Norge 20. juli, og lauslaten med meldeplikt dagen etter.

– Kvinna er no lauslaten. Ho blei halden i arrest etter at ho kom til Norge. I samband med lauslatinga blei ho pålagt jamleg meldeplikt til politiet.

Advokaten til kvinna vil ikkje kommentere verken utleveringa eller siktinga mot 69-åringen.

Fråteke omsorg

Etter at dottera til kvinna blei fråteken omsorga for borna sine, skal den 69 år gamle kvinna ha medverka til barnebortføring, ifølgje politiet. I starten av juni fortalde NRK om trøndelagsmora som bortførte borna sine då Fylkesnemnda vedtok at dei skulle plasserast i fosterheim.

I over eitt år har dei vore hundrevis av mil unna nærmiljøet sitt, i eit land Norge ikkje har utleveringsavtale med.

Kan kvinna framleis ha kontakt med dottera og borna som ho er medverka til å bortført?

– Ja, ho kan ha kontakt med barn og barnebarn, men ho kan ikkje forlate Norge, seier Helland.

De er ikkje redd for at ho skal øydelegge bevis eller hjelpe dei vidare?

– Vi vurderte det veldig nøye før ho blei lauslaten. Men vi vurderte det slikk at kontakt mellom familiemedlemmane ikkje ville medføre bevisforespillelse og difor vart ho heller ikkje varetektsfengsla.

Saka er framleis under etterforsking og siktinga mot kvinna står fast, ifølgje politiet.

Fylkesmannen oppretta tilsynssak

Passa til familien er inndratt og visumet i landet der dei oppheld seg er utgått. Borna får ikkje gå på skule, men får heimeundervisning hevdar mor.

I juni oppretta Fylkesmannen i Sør-Trøndelag tilsynssak mot Trondheim kommune. Dei vil granske handteringa kommunen har gjort både før og etter at mor bortførte borna sine.

Det er over eit år sidan borna har vore på skule i heimbyen.

SISTE NYTT

Siste meldinger