Hopp til innhold

Beste og verste politikar-slagord

No kan du avgjere kven som har det beste slagordet. Politikarane har i sommar konkurrert med ord i NRK radio – og no nærmar det seg dommedag.

Kampkandiatene
Foto: Scanpix/Frp/Venstre

Kva for slagord likte du best, og kven av kampkandidatane til Stortinget leverte det dårlegaste slagordet?

I sommar har Politisk kvarter presentert ein serie med politikarar som kjempar om ein plass på Stortinget frå hausten av.

Og alle av dei 19 har fått utfordringa om å framføre sitt eige motto som dei skal bruke for å overtyde veljarane dei kommande vekene.

«KrF – ikke bare for folk flest»

– Mitt slagord er jo inspirert frå et anna parti, men eg likar å få fram at me også er eit parti for dei som fell utanfor storsamfunnet, seier Knut Arild Hareide (KrF).

Hareide kjempar for ein plass på Stortinget frå Akershus - der han blant anna må konkurrere med Abid Raja (V) og Bård Vegar Solhjell (SV) om dei viktigaste stemmene.

I intervjuet med NRK truga han også med å trekkje seg frå norsk politikk viss veljarane viser han ryggen.

Dermed kan KrF risikere å miste det mange har kalla partiets «wonderboy» og den som mange har trudd skulle arve partileiarvervet.

Slagordfusk?

Kampen om det beste slagordet vart så hard i sommar at SV-statsråd Heidi Grande Røys fekk hjelp frå propagandastaben i Fornyingsdepartementet.

Dei væpna henne med et slagord som skapte latter rundt frukostborda – nemlig; «Slutt å tøys, stem Heidi Grande Røys».

Sjølv om statsråden som prøvar å kapre ein stortingsplass frå Sogn og Fjordane ynskjer å bruke SVs partislagord, så inkluderer vi hennar originale slagord i avstemminga.

«Vi tenker på andre enn deg»

Framstegspartiets Åshild Haugland la ikkje fingrane imellom da ho fekk sjansen, og midt under den oppheita innvandringsdebatten i sommar klina ho til med «Send de kriminelle innvandrerne hjem, jeg vil ikke betale for dem».

Kven Lars-Henrik Paarup Michelsen (V) har i tankane er derimot usikkert, men hans slagord til veljarane er «Vi tenker på andre enn deg».

No kan du røyste på Folket sin favoritt.

Resultatet blir offentleggjort i Politisk Kvarter på P2 torsdag 6. august klokka 0745 – og her på nrk.no.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ