Hopp til innhold

«Jonas-effekten»: Beste Ap-måling på nesten 30 år

Arbeidarpartiet gjer eit byks oppover i ei ny meiningsmåling som er gjort eitt år etter at partiet måtte gå frå regjeringskontora. Frp held fram med å lekkje som ei sil, men dei blå har framleis fleirtal.

Partibarometer september 2014

Det er store endringar i det politiske landskapet på Norstats måling som er utført i dagane frå 1. september til 7. september 2014. Oppslutninga om Arbeidarpartiet held fram med å auke, og er no på det høgste nivået på 30 år, medan Frp er den store taparen.

Foto: Grafikk: NRK

I Norstat-målinga for september ligg Arbeidarpartiet heile 6,8 prosentpoeng over valresultatet frå 2013. Frå førre måling i august i år, gjer partiet eit solid byks frå 34,3 til 37,6 prosent.

Talet på denne målinga er rekordhøgt. Ikkje sidan 1985 har partiet ligge så høgt på målingane.

  • Sjå video med kommentarar frå partia nedst i saka

Ei slik måling gjer noko med humøret."

Jonas Gahr Støre, leiar for Arbeidarpartiet
Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre er glad for rekordmålinga til Arbeidarpartiet.

Foto: NRK

Den nyslåtte partileiaren, Jonas Gahr Støre, er særs nøgd med tala, men vil ikkje vere med på at årsaka er ein «Jonas-effekt».

– Det er jo hyggeleg at det skjer på mi vakt, og ei slik måling gjer noko med humøret, medgir han smilande, medan han overlèt æra til «partiorganisasjonen som jobbar godt i heile landet».

Frp i utforbakke

Regjeringspartiet Frp fortsett nedgangen, og ligg no 3 heile prosentpoeng under valresultatet. Berre i august tapte partiet 2,1 prosentpoeng, og oppslutninga ligg no på berre 13,3 prosent. Dermed er Frp berre halvparten så stort som storesyster Høgre.

Gjermund Hagesæter

Frp og Gjermund Hagesæter må nøye seg med 13,3 prosent på Norstats si septembermåling.

Foto: NRK
Erna Solberg 090914

Erna Solberg seier ho er nøgd med at partiet ligg nokolunde stabilt etter eitt år i regjering.

Foto: NRK

Parlamentarisk nestleiar i Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, trøyster seg med at fleire hadde spådd større nedgang.

– Det hadde jo vore greiare om pila for Frp peikte andre vegen, men eg synest ikkje dette er noko ille varsel, seier han til NRK.

Det største regjeringspartiet, Høgre, hadde ein liten oppgang siste månad, og ligg no eit prosentpoeng under valresultatet frå i fjor. Dermed har dei borgarlege partia på Stortinget framleis fleirtal.

Statsminister Erna Solberg seier at ho er nøgd med at partiet hennar ligg omtrent på valresultatet frå i fjor.

– Det syns eg jo er bra, seier jo til NRK.

«Kannibalisering» på raudgrøn side

For dei raudgrøne regjeringspartnarane resultatet eitt året etter at dei mista taburettane ein kalddusj. No haustar SV støtte frå berre 3,2 prosent av veljarane. Dermed har partiet mista om lag kvar fjerde veljar på eitt år, og ligg langt under sperregrensa. Det siste året har partiet lege under sperregrensa på 7 av 11 målingar.

For Senterpartiet er biletet òg nedslåande. 4,6 prosent er godt under valresultatet på 5,5, og sperregrensa lurer ikkje langt unna.

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru, Sand seier at framgangen til Ap no skjer på kostnad av dei tidlegare regjeringspartnarane, og han kallar det ei «kannibalisering».

– Det er alvorleg for dei raudgrøne at Ap sin framgang skjer på kostnad av dei tidlegare venene. Ap har rekordtal, men ingenting å bruke dett til, seier Sand.

Støre på friarføter til KrF?

Medan dei tidlegare raudgrøne partnarane til Ap krympar, har Jonas Gahr Støre byrja å sjå seg om etter nye politiske vener.

– Det er fleire her på Stortinget eg kunne tenke meg å jobbe nært med for å få til ein alternativ politikk, seier han – utan å namngje nokon.

Blant regjeringa sine støtteparti er biletet lysare, og dei har framleis fleirtal på Stortinget dersom målinga hadde vore val. KrF har hatt eit oppsving frå august, og ligg på 5,9 prosent.

Venstre og Miljøpartiet (MDG) har òg hatt framgang siste månad. Venstre ligg på 4,7 prosent, eit godt stykke over sperregrensa, men under valresultatet. MDG klatrar jamt og trutt, og nærmar seg sperregrensa nedanfrå med ein framgang frå 2,8 for eitt år sidan til 3,3 no.

Partibarometer september 2014

Parti

Valg 2013

August (prosent)

September (prosent)

Endring aug – sept

Endring valg – sept

Ap

30,8

34,3

37,6

+3,3

+6,8

Frp

16,3

15,3

13,3

- 2,1

-3

H

26,8

25,5

25,8

+0,3

-1

KrF

5,6

5,5

5,9

+0,3

+0,3

R

1,1

1,2

0,8

-0,4

-0,3

Sp

5,5

5,7

4,6

-1,1

-0,9

SV

4,1

4,4

3,2

-1,2

-0,9

V

5,2

4,5

4,7

+0,1

-0,5

MDG

2,8

3,1

3,3

+0,2

+0,5

Andre

1,8

0,4

0,9

+0,5

-0,9

Kjelde: Norstat

Ekspander/minimer faktaboks

(Årsaka til at tala ikkje stemmer heilt overeins i tabellen, er at dei er basert på ulike avrundingar.)

Solbergregjeringen ett år

Råtall, partibarometer september

Parti

Uvektet (prosent)

Vektet (prosent)

Ap

35,2

37,6

Frp

9,8

13,3

H

23,9

25,8

KrF

6,4

5,9

R

1,3

0,8

Sp

7,4

4,6

SV

4,1

3,2

V

6,6

4,7

MDG

4,3

3,3

Andre

1

0,9

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ