Hopp til innhold

Berre halvparten av mellombels tilsette får jobb

Mellombels jobb er springbrett for unge med høg utdanning, medan dei over 40 lett hamnar i ein svingdør av vikariat og deltid, viser ny rapport.

Arbeidssøkere foran pc

Arbeidssøkarar legg inn CV hos bemanningsselskapet Adecco i håp om å få ein vikarjobb. Berre annankvar mellombels tilsett ender opp i fast jobb, viser ein oversikt frå fleire europeiske land. Dei andre ender opp i arbeidslivet sin randsone med uvisse og svakare stillingsvern.

Foto: Maren Katteraas / NRK NRK

Det er slett ikkje er sikkert av ein mellombels jobb fører til fast jobb. I halvparten av tilfella ender det ikkje slik, viser ein gjennomgang som Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) har gjort. Forskarane har mellom anna sett på spørsmålet om mellombelse jobbar fungerer som springbrett inn i arbeidslivet, eller om mellombels tilsette blir fanga i ein runddans av kortvarige jobbar.

Jo lenger folk er i mellombelse jobbar, desto verre er det å få noko fast. Det er lett å bli fanga i ein svingdør av stadig nye vikariat og deltid.

Ann Cecilie Bergene, forskningslaiar på Arbeidsforskningsinstituttet
Ann Cecilie Bergene

Seniorforskar Anne Cecilie Bergene ved Arbeidsforskningsinstituttet seier at jo lenger ein er vikar, desto verre er det å få fast jobb.

Foto: Erik Stewart/HiOA

– Når halvparten får fast jobb og den andre halvparten ikkje, kan funna tolkast i begge retningar, seier forskingsleiar Ann Cecilie Bergene på AFI. Saman med tre andre forskarar står ho bak rapporten «Når unntaket blir ei del av regelen», som går gjennom kunnskapsgrunnlaget om korleis endringar i regulering av arbeidsmarknaden har slått ut i andre land.

Blir fanga i ein vikarkarusell

Dei er overraska over at funna i liten grad er eintydige. Og dei ser nokre urovekkande mønstre.

– Me har sett er at springbretteffekten er sterkast det første året i arbeidslivet. Over tid reduserast sannsynet for å oppnå fast tilsetting, seier Bergene.

– Det viser seg at jo lenger folk er i mellombelse jobbar, desto vanskelegare er det å få fast jobb. Etter nokre år som mellombels tilsett, finn enkelte studie at ein blir fanga i ein svingdør av mellombelse jobbar og arbeidsløyse eller inaktivitet, seier ho.

Forskarane har samanlikna tilhøva i arbeidslivet i fleire europeiske land. I Noreg har 9 prosent av dei sysselsette ein mellombels jobb. I Sverige er talet 16, medan i Spania og Polen er 24 og 27 prosent utan fast tilsetting.

Rapporten gjev ikkje støtte til påstanden frå regjeringa Solberg om at mellombelse jobbar er springbrett inn i arbeidslivet, men han gjev heller ikkje eintydig støtte til det motsette, som LO har hevda, at det vil stenge ute folk.

Springbrett for unge

Bergene seier at den såkalla springbretteffekten fungerer best for unge og arbeidstakarar med høgare utdanning.

– Sjansen for å få fast jobb fell drastisk for dei som er over 40 år, og sannsynet er lågare dess lågare utdanning ein har. For dei kan mellombelse jobbar føre til at dei blir innelåst i mellombelse tilsettingar heller enn å bli fullt integrert.

Ho seier at det første året i ein mellombels jobb kan fungere som ein slags «screening», det vil seie at ein prøvast ut. Blir ein gåande i vikariat utover eitt år, blir det vanskelegare.

– Etter tre år ser me at vikarar har høgre risiko for å gå over i inaktivitet, seier Bergene.

Men ho understrekar at forskarane ikkje kan konkludere verken med at mellombels jobbar fører til fast jobb, eller til det motsette. I staden meiner ho at striden om mellombels tilsetting er eit spørsmål om politikk.

Bergene legger til at delvise reformer slik regjeringa no foreslår, som leiar til såkalla «blanda regimer» med sterkt stillingsvern for fast tilsette, og ei generell opning for å tilsette mellombels, ikkje er ein fullgod løysing.

Regjeringa si tru på at ein kan auke sysselsettinga og redusere kostnadene ved å prøve ut tilsette ein periode, har heller ikkje eintydige støtte i funna.

– Det einaste ein oppnår sikkert, er å skyve risiko og uvisse frå arbeidsgjevarane over på arbeidstakarane, seier Bergene.

AKTUELT NÅ