Hopp til innhold

Langt fleire blir skada i trafikken enn det statistikken viser

Kommunikasjonssvikt mellom helsetenesta og politiet gjer at berre ein av tre hardt skada blir registrert.

Elsparkesyklene regjerer i Oslo sentrum.

UNDERRAPPORTERT: Trafikantgrupper som syklistar og elsparkesyklistar er mangelfullt rapportert i ulukkesstatistikken. Reglane for elsparkesyklar har blitt strengare. Det er ikkje lov med fleire på ein sparkesykkel.

Foto: Geir Olsen / NTB

I 2020 viste dei offisielle tala at 627 personar blei hardt skada i vegtrafikken. Det verkelege talet var truleg opp mot 2000 personar.

Dette kjem fram i ein rapport gjort for Trygg Trafikk.

Dårleg kommunikasjon mellom helsetenesta og politiet er årsaka til underrapporteringa. Det vil samferdselsministeren Knut Arild Hareide (KrF) gjera noko med.

– No skal informasjon frå legevakt og sjukehus gi oss eit meir korrekt bilete, seier han.

Knut Arild Hareide

Samferdselsminister Knut Arild Hareide meiner det er viktig å få ein offisiell ulukkesstatistikk.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

Samferdselsministeren seier at det her er snakk om hardt skada menneske som får livet sitt forandra.

Det har store menneskelege kostnader, så det er viktig at vi og får ein offisiell statistikk og følgjer opp med politiske tiltak etter dei reelle tala, seier Hareide.

Mangelfullt om skada syklistar

Berre 37 prosent av dei som blir rekna som hardt skada etter trafikkulukker, og som blir behandla i helsetenesta, finst i den offisielle statistikken.

Underrapporteringa gjeld også bilførarar og passasjerar, men er særleg stor for trafikantgrupper som syklistar og elsparkesyklistar, seier kommunikasjonsrådgjevar Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk.

– Her har vi dårlegast talmateriale fordi ikkje hamnar i den offisielle statistikken som baserer seg på politirapporterte ulukker, seier han.

Kommunikasjonsrådgjevar Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk seier at ulukker med elsparkesyklar ofte ikkje blir rapportert.

Kommunikasjonsrådgjevar Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk seier at ulukker med elsparkesyklar ofte ikkje blir rapportert.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

Om du fell og skadar deg alvorleg på sykkelen, er du mest opptatt av å få helsehjelp, fortel han vidare.

Då er kanskje ikkje politiet involvert, og du hamnar i ein heilt annan statistikk, seier kommunikasjonsrådgivaren.

Uroa over elsparkesykkelulukker

Arbeidet med å finne ut av underrapporteringa starta opp før elsparkesykkelulukkene eskalerte.

Knut Arild Hareide er uroa over at dei mange elsparkesykkelulukkene som skjer no ikkje blir registrert, og seier den utviklinga er ein god grunn til at dei verkelege tala må fram.

Også sykkelulukker generelt er underrapportert.

– Vi har kome med mange tiltak på elsparkesykkel, og vil nok og koma med fleire tiltak. Vi jobbar med å få ei promillegrense på plass, så dette er eit område der det er nødvendig med fleire tiltak, seier han.

Elsparkesykkel på Festplassen i Bergen

På Festplassen i Bergen er det merka opp område der ein kan parkera elsparkesyklane.

Foto: Mette Anthun / NRK

Frå 1. juli blei det innført nye elsparkesykkelreglar. Blant anna kan ein no setja opp parkeringsskilt og skilt om innkøyringsforbod og fartsgrenser, som også gjeld for elsparkesyklar. Sparkesyklistar kan få bot for å bryta reglane.

AKTUELT NÅ