Hopp til innhold

«Antiterrorpolitiet» blir kraftig utvida

Innsatsstyrken «Delta» går frå rundt 70 til langt over 100 mann på få år. Justisministeren seier Beredskapstroppen har vore for små, og at tida er overmoden for å få på plass eit meir slagkraftig antiterrorpoliti.

BLIR FLEIRE: Terrorberedskapen blir styrka når Beredskapstroppen får fleire folk. Etterlengta, seier dei to politimenna i patruljen Delta 30.

BLIR FLEIRE: Terrorberedskapen blir styrka når Beredskapstroppen får fleire folk. Etterlengta, seier dei to politimenna i patruljen Delta 30.

Det er ettermiddag i hovudstaden, og patruljen Delta 30 er ute og patruljerer i gatene. Bilen er fullasta av utstyr for å handtere dei skarpaste oppdraga. I framsetet sit to spesialtrente politimenn.

No får dei fleire kollegaer.

– Det blir vanvittig bra. Det har vore eit behov i fleire år, så det skal bli fint å få fleire inn på avdelinga, seier ein av dei.

Kven som jobbar i Beredskapstroppen er hemmeleg, så difor held NRK identiteten til dei to politibetjentane skjult.

Får meir slagkraft

I 2012 var Beredskapstroppen 72 mann. Den siste tida har innsatsstyrken tilsett fleire, og til neste år utvidar dei ytterlegare. I 2015 blir dei godt over 100 tilsette totalt. Etter det NRK kjenner til blir troppen mellom 110 og 120 mann.

Helge Mehus, sjef for Beredskapstroppen

DELTA-SJEFEN: Helge Mehus, sjef for Beredskapstroppen, seier dei får både fleire operative mannskap, men også mannskap som skal bistå med taktisk støtte.

Foto: Christian Grotnes / NRK

Sjefen for avdelinga, politiinspektør Helge Mehus, vil ikkje gå ut med eit eksakt tal.

– Det er gradert informasjon, så det må vi halde hemmeleg. Vi vil ikkje at ein eventuell motstandar skal vite dette, men eg kan sei at auken er betydeleg, seier Mehus.

– Vi får fleire operative mannskap, men vi får også tilført mannskap som skal bistå med trening og mannskap som kan gi taktisk støtte i større operasjonar.

Beredskapstroppen er underlagt Oslo politidistrikt og har base i hovudstaden. Men den er ein såkalla «nasjonal bistandsressurs» og skal difor vere tilgjengeleg for politidistrikta landet rundt dersom behovet oppstår.

I førre veke bisto dei Gudbrandsal politidistrikt då ein politimann vart skoten under eit oppdrag på Vinstra. Ein 69-åring skaut mot politiet med ei hagle, og traff ein av dei to politibetjentane i ryggen.

Beredskapstroppen blei tilkalt, og i løpet av 15 minutt var dei på veg med fleire mann.

– No når vi har fleire folk på jobb, så var vi også i stand til å iverksetje ein veldig rask mobilisering. Vi fekk sendt avgarde dei første bilane mot Vinstra etter kort tid, seier Mehus.

– Vi sendte både innsatspersonell og ein rådgjevar til politidistriktet. Vi fekk raskt stabla på beina det personellet vi trengte. Raskare enn vi ville klart tidlegare, seier Mehus.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tungt bevæpnede politifolk fra beredskapstroppen arbeider like ved boligen til den mistenkte på Vinstra.

Vi byggjer opp fordi vi meiner dei bør vere ein sterkare ressurs enn dei har vore tidlegare.

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP)

Fleire patruljar i gatene

Beredskapstroppen står på nasjonal terrorberedskap. Dei trenar over 900 timar i året, men troppen inngår også i den løpande operative patruljetjenesten i Oslo.

– Når vi får fleire folk, vil vi også ha fleire patruljar ute i tjeneste for vanlege oppdrag, seier Mehus.

Dette er noko som skil det norske antiterrorpolitiet frå dei andre innsatsstyrkane i Europa. I Noreg er Beredskapstroppen ute i gatene på vanleg patrulje.

Delta 30, som NRK er med, er tilgjengelege for det som måtte oppstå av oppdrag – både i og utanfor Oslo. Når dei er ute på hjul, er dei også meir tilgjengelege og kan rykkje ut raskare dersom det skjer noko stort.

– Vi rykkjer ut på alt frå brannar og ulykker, ran og slagsmål - alle oppdrag som vanlege ordenspatruljar tek seg av, seier ein av politibetjentane til NRK.

Justisministeren: – På tide

I september 2013 gav Politidirektoratet pengar til åtte nye stillingar i Beredskapstroppen. Ifølgje dåværande Delta-sjef, politiinspektør Anders Snortheimsmoen, var troppen den gongen på rundt 80 mann.

Han sa dette til NRK:

– Det er positivt, men også heilt avgjerande. Totalantalet bør aukast gradvis til 110-120 personar for at Beredskapstroppen skal kunne løyse oppdraga vi vil få dei kommande åra.

No har Beredskapstroppen fått meir pengar til endå fleire stillingar. Rekrutteringa er allereie i gang.

– Det er ingen tvil om at dette har samanheng om det biletet vi ser rundt oss og på grunn av auka terrortrussel. Faren for større hendingar er stor, og det er difor viktig at den spissaste enden i politiet er fullt operativt, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP).

– Har vi hatt eit for lite og svakt antiterrorpoliti?

– Vi byggjer opp fordi vi meiner dei bør vere ein sterkare ressurs enn dei har vore tidlegare. Det er viktig at dei er sterke nok, og vi bør setje dei i stand til å respondere så raskt som mogleg og at dei er robuste nok, svarar Anundsen.

AKTUELT NÅ