Hopp til innhold

Ber Vedum «gi tilbake» 22 milliardar i kraftinntekter til folk

Skattar og offentleg eigarskap gir rundt 62 milliardar i ekstra inntekter når straumprisen er høg, medan 40 milliardar går tilbake til nordmenn, ifølgje Fornybar Norge.

Portrett av Åslaug Haga

KRAFTLEIAR: Åslaug Haga er leiar i Fornybar Norge, men var også Senterparti-leiar frå 2003 til 2008. No utfordrar ho Støre-regjeringa til å bla opp meir til folk og bedrifter.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Avgifter og statleg eigarskap sørgjer for at sjokkprisane på straum gir svimlande ekstrainntekter for stat og kommune.

Ekstrainntektene frå at straumprisen bikkar 40 øre per kilowattime var 62 milliardar kroner i fjor, ifølgje Fornybar Norge.

Det er ein NHO-organisasjon som blir finansiert av kraftprodusentar.

Totalt gjekk 40 milliardar kroner tilbake til folk og bedrifter. Gapet på 22 milliardar kroner skulle ikkje vore der, meiner Fornybar Norge-leiar Åslaug Haga.

– Vi meiner det ville vere klokt når staten får ekstraordinære inntekter, på eit område som er så fundamentalt viktig for folk, at ein viser at ein gir inntektene tilbake slik at straumutgiftene kan reduserast på sikt, seier ho til NRK.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Vil ha avgiftskutt

Haga er tidlegare leiar i Senterpartiet, og var éin av pådrivarane for at Noreg skulle byggje ut meir kraft og handle meir straum med utlandet.

Den norske kraftmarknaden har sidan 2008 vorte kopla på Nederland, Tyskland og Storbritannia.

Prisen for straumen blir sett på børsen Nordpool etter kva den dyraste energikjelda i miksen kostar. Straum frå gasskraftverk i Europa trekkjer opp straumprisen i Noreg.

Medan vasskrafta kosta 12 øre per kilowattime å produsere, hamna straumprisen i snitt på 194 øre i fjor, ifølgje Nordpool.

Les også Her bruker fastpris-kundar dobbelt så mykje straum som dei andre

Lærdal

Straumstøtta startar når straumprisen passerer 70 øre. Grensa er sett over dobbelt så høgt som prisen var for straum dei siste ti åra før energikrisa starta.

Haga ber regjeringa hjelpe forbrukarane med pengar til straumsparings-tiltak, og gi pengar til bedriftene som slit.

– På sikt ønskjer vi at forbruket av straum skal gå opp, fordi halvparten av energien vi bruker i dag er fossil. No må vi gjere dei rette tinga: Produsere meir fornybar energi for å redusere prisane, og oppmuntre folk til å spare energi, seier ho.

Regjeringa har allereie kutta elavgifta frå 15,4 øre per kilowattime til 9,1 øre ut mars. Haga meiner regjeringa har råd til å fjerne avgifta heilt, som også vil komme bedrifter til gode.

– Staten må gjere sitt for å redusere avgifter.

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

– Brukt mykje på straumstøtte

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) forklarer at inntektene frå naturressursar alltid har vorte brukt til andre formål, som helse- og velferd.

– Det vi har vore opptekne av er å ha ei god straumstøtte for å redusere rekningane til hushalda. Den har vorte forsterka og utvida heile tida, seier han til NRK.

I tillegg vil regjeringa komme med ein plan for korleis folk og bedrifter kan spare straum med hjelp frå staten.

Møte om kraftsituasjonen

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Korleis vil du forklare til folk at det ikkje blir brukt meir på straumstøtte?

– Vi bruker mykje på straumstøtte. Vi overfører om lag 40 milliardar for 2022. Vi er opptekne av å ha ei god straumstøtte.

Les også Staten vil ha meir energisparing i heimane

Gårdsbygning med solcellepanel på taket

AKTUELT NÅ