Hopp til innhold

Ber om strengare tiltak for å slå ned smitten: – Alle som kjem frå utlandet må i karantene

Mads Gilbert vil ha tydelegare informasjon om faren for seinskadar og at sjukdommen kan ramme folk i alle aldrar hardt.

Mads Gilbert om ambulanseflytjenesten

VIL HA TYDELEGARE INFO OM SEINSKADAR: Mads Gilbert er dr.med., spesialist i anestesiologi. Han meiner helsestyresmaktene bør vere tydelegare om farane når dei driv informasjonsarbeid om koronaviruset.

Foto: Fabian Ubeda / NRK

Tysdag publiserte fleire legar og professorar eit opprop i VG der dei bad om strengare tiltak for å slå ned koronasmitten i Noreg. Blant desse var lege Mads Gilbert i Tromsø. Han meiner importsmitte er ein viktig grunn til at smitten i Noreg no aukar.

– Ein stor del av dei som er smitta no har kome frå utlandet. Vi meiner at alle som kjem frå utlandet no må i karantene til vi har kontroll att, seier han.

I dei to siste vekene kom 82 av dei smitta frå utlandet, ifølgje FHI sin siste vekerapport. Ein tredel av desse kom til Noreg frå «grøne» land.

Torsdag sa statsminister Erna Solberg (H) følgjande om kvifor regjeringa ikkje innfører karantene for alle som kjem til Noreg frå utlandet:

– Det er grenser for kor mykje fridom du kan ta frå folk. Om det ikkje er grunnlag på grunn av smittesituasjonen i andre land, er det å sette folk i karantene når dei kjem tilbake veldig urimeleg.

8rsaKS7jpic

Statsminister Erna Solberg (H).

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Vil ha tydelegare info om seinskadar

I tillegg til strengare reiserestriksjonar oppmodar Mads Gilbert helsestyresmaktene til å vere tydelegare når dei informerer om farane ved koronaviruset.

– Eg trur den viktigaste faktoren er å mobilisere befolkninga. Då må vi ha breiare informasjon, med fakta om sjølve sjukdomen og sjukdomsforløpet.

Gilbert meiner styresmaktene bør informere betre om at ein kan verte dødssjuk av korona uansett alder, og at sjukdomen kan gje alvorlege langtidsverknader for fleire av dei som vert sjuke.

– Fleire får truleg livslange komplikasjonar, seier han.

– Å dele sakleg informasjon om alvoret til sjukdomen er ikkje å skremme. Det er å mobilisere og vise tillit til befolkninga, særleg retta mot ungdomen, følgjer Gilbert opp.

Vil ha testing på alle innreisepunkt

Det vert no sette opp teststasjonar på fleire flyplassar og andre innreisepunkt til Noreg, der dei som kjem inn til landet får tilbod om å teste seg. Legen seier at dette er bra, men at slike teststasjonar må kome på alle innreisepunkt. I tillegg meiner han at testinga bør vere obligatorisk.

– Eg reagerer ganske sterkt på at dette skal vere frivillig. Vi risikerer no ei ny, alvorleg smittebølgje, og det må bli tatt eit mykje strammare grep for å hindre smittespreiing og importsmitte, seier han.

En ny teststasjon for COVID-19 vart nyleg opna ved Bergen lufthavn Flesland. Dette er den første teststasjon av sitt slag ved en norsk lufthavn.

TESTSTASJON: Ein ny teststasjon for covid-19 vart nyleg opna ved Bergen lufthavn Flesland. Dette er den første teststasjonen av sitt slag ved ein norsk flyplass.

Foto: Eivind Senneset / NTB scanpix

Under partileiardebatten på torsdag tok også Frp-leiar Siv Jensen til orde for å innføre obligatorisk testing.

Arbeidarpartiet og Høgre er blant partia som er imot dette. Dei meiner det bryt med tilliten smittevernregime i Noreg byggjer på:

– Tvangstesting er ikkje nokon god idé. Det seier også helsestyresmaktene. Det er ikkje slik du skapar tillit til dette systemet på, sa Jonas Gahr Støre under partileiardebatten på torsdag.

– Dette er veldig i strid med korleis vi har tenkt smittevern i Noreg i alle år. Eg er skeptisk, for den frivillige innsatsen har vore basisen så langt, sa Solberg til Dagbladet etter debatten.

Peiker på utanlandske turistar

I tillegg til nordmenn som kjem heim frå ferie kan òg utanlandske turistar framleis kome til Noreg frå «gule» land utan krav om karantene og testing. Ifølgje Gilbert er det sjølvsagt at også desse kan bidra til smittespreiing i Noreg.

– Det som skjedde denne veka er litt ulogisk. Når myndigheitene vel å endre land frå «grøne» til «gule» må dei òg ta konsekvensen av resonnementet sitt. Altså at vi ikkje veit korleis spreiinga i utlandet blir, seier han.

– Gult kan fort bli til raudt, og det einaste fornuftige no er difor obligatorisk testing og karantene for alle som kjem inn til landet inn til vidare. Det var feil å opne for reiser og cruisetrafikk så tidleg, følgjer Gilbert opp.

Regjeringa fekk torsdag sterk kritikk for gjenopninga frå fleire parti i opposisjonen. Erna Solberg hadde følgjande å seie om kvifor dei valde å gjenopne for utanlandske turistar og cruisetrafikk.

– Restaurant- og reiselivsnæringa i Noreg er store, viktige arbeidsplassar for mange, ikkje minst for folk med lav lønn som har utfordringar kanskje med å komme inn i andre typar jobbar. Vi har prioritert at folk faktisk skal ha ein jobb å gå til, men så har vi vore veldig nøye med smittevernsegnene knytt til dette, sa Solberg.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ