NRK Meny
Normal

Ber om ny vurdering av Treholt-saka

Riksadvokat Tor-Aksel Busch opplyser at han har bede Gjenopptakingskommisjonen om å ta opp igjen vurderinga av Treholt-saka, og spesielt det såkalla pengebeviset.

Busch: Sender saken til Gjenopptakelseskommisjonen

VIDEO: Tor-Aksel Busch ber gjenopptakingskommisjonen vurdere Treholt-saka på nytt.

- Det er ikkje mogleg i dag å ta stilling spørsmålet om Treholt-saka skal takast opp igjen før alle fakta har kome på bordet, sa Busch blant anna på pressekonferansen.

LES OGSÅ: Dette er «pengebeviset» i Treholt-saken

Dermed utset han spørsmålet om han og førstestatsadvokat Lasse Qvigstad er inhabile i saka til gjenopptakingskommisjonen har gjort si vurdering.

- Vi meiner dette er ryddig og korrekt, og vi meiner det får saka inn på det sporet der ho høyrer heime, sa riksadvokaten.

LES OGSÅ: Ytterligere to POT-ansatte varsler om regelbrudd

LES OGSÅ: SV-politiker vil ha Treholt-kommisjon

- Innersving

Nyheitssjef i NRK, Stein Bjøntegård, seier i ein kommentar at Tor-Aksel Busch på denne måten har teke ein innersving i forhold til straffeprosesslova. Denne lova krev at det skal kome ei begjæring om gjennopptaking, men dette er inga begjæring, seier han.

- No legg dei alt over på Gjenopptakingskommisjonen, seier Bjøntegård. Han trur likevel dei fleste vil vere nøgde med denne måten å gjere det på.

Busch sa også at ein ikkje blir inhabil ved å ha behandla ei sak tidlegare, dette er normalen i slike saker, sa han. Men han utelukka ikkje at det etter vurderinga til Gjenopptakingskommisjonen kunne bli aktuelt å finne ein annan statsadvokat.

- Eg legg ikkje skjul på at eg har opplevd situasjonen som vanskeleg, sa Tor-Aksel Busch.

Riksadvokaten heldt fast på at han og førstestatsadvokat Lasse Qvigstad ikkje er inhabile, men han opnar for at andre kan måtte handtere sjølve pengebeviset.

Han avviste at om han og Qvigstad skulle vise seg å vere inhabile, så forplantar det seg nedover i organisasjonen. Alle statsadvokatane er i utgangspunktet habile i denne saka, sa han.

LES OGSÅ: Treholt til Skavlan

LES OGSÅ: Treholt klager inn Qvigstad og Busch

Video Busch: Habilitet og veien videre

VIDEO: Busch om habilitet og vegen vidare.

Skal finne fakta

Busch sa at gjenopptakingskommisjonen har i oppdrag å finne fakta.

- Vi meiner det er viktig at kommisjonen set i verk undersøkingar og finn ut kva det er med pengebeviset, ytra han på pressekonferansen.

Det som no vil skje er at Gjenopptakingskommisjonen vil undersøkje og klarleggje dei omstridde bevisa i Treholt-dommen. Deretter vil Riksadvokaten og førstestatsadvokaten uttale seg til kommisjonen om det som er hovudspørsmpålet, om Treholt skal få saka si teken opp igjen eller ikkje.

Riksadvokaten kom også med ein liten refs av Harald Stabell si handtering av saka. Busch sa at Treholt og Stabell enkelt kunne ha fått Gjenopptakingskommisjonen til å ta opp igjen saka.

- Dei kunne berre ha skrive ei line: Eg begjærer saka gjenoppteken, og lagt ved boka der det står at pengebeviset er forfalska og nokre eksemplar av dei siste utgåvene av Aftenposten.

Brev til riksadvokaten

Stabell sende tidlegare i dag eit brev til riksadvokaten og førstestatsadvokat Lasse Qvigstad på vegner av Arne Treholt. Stabell meiner at heile påtalemakta er inhabil , og at det må utnemnast ein settestasadvokat for å følgje saka vidare.

I brevet rettar Harald Stabell kritikk mot Busch og noverande førstestatsadvokat Lasse Qvigstad, som begge var aktorar i saka mot Arne Treholt i 1985, for at dei ikkje gjorde eigne undersøkingar rundt det omstridde pengebeviset.

LES OGSÅ: - Dette legger press på påtalemakta

Forfalsking

Stabell meiner det kan stillast spørsmål ved om dei to har handtert tidlegare påstandar om forfalsking av pengebeviset på ein truverdig måte.

Han viser til at då dei to tidlegare har gjennomført avhøyr med to av etterforskarane om nettopp pengebeviset, så vart det reist kritikk for måte avhøyra vart gjennomført på.

Arne Treholt vart dømd til 20 års fengsel for spionasje og landsforræderi. Han sona åtte år av straffa før han vart sett fri av helsemessige årsaker

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger