Hopp til innhold

Statsadvokatane ber ikkje om ny Breivik-rapport

Påtalemakta ønskjer ikkje ein ny rapport om Anders Behring Breiviks mentale helse. Tilgangen han har fått til aviser, fjernsyn og radio vil kunne føra til at han endrar sine forklaringar, meiner statsadvokatane.

Statsadvokatane Inga Bejer Engh og Svein Holden

Statsadvokatane Inga Bejer Engh og Svein Holden ber ikkje om ei ny vurdering av den mentale helsa til Anders Behring Breivik, melder Aftenposten.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Oslo tingrett har bede partane i terrorsaka seia ifrå dersom dei ønskjer at retten utnemner nye sakkunnige til å vurdera sinnstilstanden til Breivik på ny.

I dag leverte statsadvokatane Svein Holden og Inga Bejer Engh si vurdering. I brevet ber dei ikkje om ein ny rapport.

– Me har gått gjennom det som er gjort i saka og kan ikkje sjå at det grunnlag for å gå djupare til verks. To erfarne rettspsykiatrar har utført ei grundig erklæring som er godkjent av Den rettsmedisinske kommisjonen. Me ser ingen grunn til å så tvil om deira godkjenningsstempel, utdjupar Engh.

Breivik har lest rapporten

Det har vore stor ståhei og usemje blant fagpersonar etter at dei sakkunnige rettspsykiatrane Torgeir Husby og Synne Sørheim i slutten av november konkluderte med at Anders Behring Breivik er paranoid schizofren og følgjeleg ikkje strafferettsleg tilrekneleg.

I svarbrevet sitt til tingretten argumenterer statsadvoktatane likevel mot ein ny rapport fordi tvil om hans tilreknelegheit uansett skal koma tiltalte til gode.

Dei peikar også på at Breivik sjølv har lest rapporten, og at han har fått tilgang til media. Den informasjonen han har fått der vil kunne påverka hans forklaringar i møte med nye sakkunnige, meiner statsadvokatane.

– Breivik har lest heile rapporten og saker kring den i media. I vidare samtalar kan han tilpassa sine utsegn utifrå kva som er føremålstenleg for han, seier Engh.

rapport

Anders Behring Breivik er utilrekneleg og kan ikkje få fengselsstraff. Det er sakkunnig-konklusjonen, som blei offentleg den 29.november i fjor.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Har tre val

Dei sakkunnige som har utarbeidd den eksisterande rapporten var ikkje i tvil om at konklusjonen er riktig, og var samde om diagnosa. Rapporten fekk heller ingen merknader frå Den rettsmedisinske kommisjonen, som har som oppgåve å kvalitetssikra arbeidet.

Partane i saka, som innan fredag har høve til å be om ein ny rapport, er påtalemakta (statsadvokatane og Oslo politidistrikt), forsvararane til Breivik og bistandsadvokatane.

Dei kan både godta den rapporten som allereie er laga, be om ein heilt ny rapport, eller be om ei meir avgrensa undersøking og erklæring av Breivik.

Det er til sjuande og sist tingretten som tek den endelege avgjerda. Dette skjer truleg i midten av januar, opplyser kommunikasjonssjef Irene Ramm.

Breivik har ikkje tru på ny vurdering

Førstkommande fredag eller måndag blir partane kalla inn til ei felles drøfting av den vidare oppfølginga.

Forsvararane til Breivik har allereie levert sitt svar til tingretten. Dei ser heller ikkje behov for ein ny rapport.

«Han er av den oppfatning at det er mer relevant for tilregnelighetsvurderingen å føre vitner under rettssaken som har kunnskap om politisk motivert terror, historie og statsvitenskap», skriv forsvarar Vibeke Hein Bæra i brevet til tingretten.

Fleire av bistandsadvokatane er misnøgde med den psykiatriske rapporten, og har varsla at dei vil be om ein ny rapport laga av nye sakkunnige.

Bistandsadvokatane John Arild Aasen og Kjetil H. Nilsen er blant dei som har levert sine utsegn til tingrettten. Dei to representerer både offer og etterlatne etter terroren, og tek til orde for at Breivik blir innlagd på ein akuttpsykiatrisk avdeling for nærmare observasjon og ei meir omfattande vurdering.

Breiviks forsvarar Vibeke Hein Bæra avviser eit slikt krav.

AKTUELT NÅ