Hopp til innhold

Ber Forsvaret etterforske HV-sjefen

Generaladvokaten ber Forsvarssjefen om å etterforske Heimevern-sjef Kristin Lund.

Generalinspektør for Heimevernet, Kristin Lund

Heimevern-sjef Kristin Lund skal ha avslørt graderte opplysningar i ein radiodebatt.

Foto: Haugaard,Torgeir / Scanpix

Generaladvokaten ber om full etterforsking av Lund etter at ho kan ha avslørt militære løyndomar då ho deltok i ein debatt om nedlegginga av spesialavdelinga HV-016 på NRK-programmet Dagsnytt 18 i fjor haust.

Lund skal, ifølgje generaladvokaten, ha avslørt at ein person tilhøyrer avdelinga.

– Dette er så vidt eg har forstått graderte opplysningar som sjølv ikkje medlemmene av HV-016 har lov til å gi, seier generaladvokat Arne Willy Dahl til Dagbladet.

Venta med etterforsking

Lund vil ikkje kommentere saka fordi saka framleis er under behandling, opplyser talsmann i Heimevernet, Harald Rist Aamoth.

Forsvarssjefen fekk oppmodinga om å starte etterforsking i midten av desember, men skal først ha sendt saka vidare fredag.

Forsvaret seier saka måtte vente på grunn av stor arbeidsmengd, men dei har på same tid granska dei tillitsvalde i HV-016 på initiativ frå Forsvarsdepartementet.

Dei meiner forkjemparane for avdelinga har brukt utdrag frå graderte dokument i argumentasjonen for å bevare HV-016.

Fleire avsløringar

Ein av tillitsmennene i HV-016 seier at han ikkje kjenner til at dette skal ha skjedd.

– Dette var ukjent for meg. Det forbausar meg ikkje at dei vel å gjere dette. Det viser korleis forsvarsleiinga vel å behandle sine tilsette, seier Thomas Lund Nielsen til avisa.

Kvifor forsvarsleiinga er opne om granskinga av tillitsvalde, men ikkje om granskinga av ein av dei mest profilerte generalane i landet, er uklart.

Lund Nielsen seier at også forsvarssjefen har gått ut med gradert informasjon, då han avslørte kor mange som er i spesialstyrken.

– Og det gjorde også forsvarsministeren frå talarstolen i Stortinget 26. november, seier han.

HV-016 øvelse

Spesialavdelinga HV016 under øving.

Foto: handout / SCANPIX

AKTUELT NÅ